Heile 47 prosent ønskjer å ete meir klimavennleg, men berre 24 prosent har endra kosthaldet sitt, viser ny undersøking.
mm

– Denne undersøkinga viser at det å endre vanar tar tid. Matvarebransjen må også bli mykje flinkare til å hjelpe forbrukarane til å ta dei gode klimavala, seier leiar for berekraft i Orkla Foods Norge, Johanne Kjuus, til Nationen.

Norstat har gjennomført undersøkinga på vegner av Orkla Foods.

Det kjem også fram at 56 prosent vil ha klimamerking av mat. 46 prosent meiner at dersom matvarer var tydeleg klimamerka, ville dei valt fleire klimavennlege produkt. Kjuus meiner det er eit problem av forbrukarane ikkje veit kva dei skal gjere for å bli meir klimavennlege.

– Dei engasjerte veit at det å ete mindre kjøt har ei betyding, men majoriteten er usikker på kva grep dei skal ta i kvardagen. Vi i bransjen har eit stort ansvar for å bygge kunnskap og hjelpe forbrukar til meir klimavennlege matval i kvardagen, seier ho.


Les også om då Framtida.no utfordra 9. klassingane til å lage mat med larvar: – Dei som er ekle, dei trur eg at eg kjem til å spy av.

Frå venstre: Sathana Josefine Sasikaran, Gaute Haukvik-Jensen, Elias Lund-Johnsen, Jakob Borge Sandbakk på Vollebekk skole i Oslo skal teste ut larvar.

LES OGSÅ

ANNONSE