Mannleg sjef for mens-prosjekt skapar oppstyr
Lokale styresmakter er no pliktige til å gi gratis sanitærprodukt til alle som treng det i Skottland. Men folk reagerer på at ein mann er sjefen for prosjektet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lova Period Products Act vart einstemming vedteken i 2020, og vart innført måndag denne veka. Det betyr at lokale styresmakter og utdanningsinstitusjonar i Skottland no pliktar å ha gratis mensprodukt til alle menstruerande som måtte trenga det.
I kjølvatnet av dette er det likevel kome ein drøss med kritikk fordi ein mann, Jason Grant, er utnemnd til leiar i den skotske regionen Tayside si Mensverdigheit-gruppe (Period Dignity group).
VG omtalte saka først i Noreg.
- Les også meiningsinnlegget: «Skjerp deg, gubbe!»
Trur det vil hjelpe at han er mann
Jobben han skal gjera er å leie regionale kampanjar på skular og elles i samfunnet for å skapa blest om den nye lova om gratis mensprodukt og å sørga for at pengane er fordelt rett. I tillegg skal han snakka om overgangsalderen.
– Eg trur at det at eg er mann vil hjelpe meg å bryta ned barrierar, redusera stigma og oppmuntra til opnare samtalar. Sjølv om mensen påverkar kvinner direkte, er det ei sak for alle, seier han i ei pressemelding.
Han meiner han kan få til utvikling ved å vise at dette ikkje berre er eit kvinnetema, og oppmuntra til diskusjonar mellom alle kjønn og å utdanna og engasjera eit nytt publikum.
– Menn veit tydelegvis best
Like etter utnemninga vart kjend kom kritikken. Under emneknaggen #PeriodDignityOfficer er det mange som kritiserer tildelinga av stillinga. Beth Wallace skriv på Twitter:
– Berre 24 prosent av jenter i Storbritannia føler seg komfortable med å diskutera mensen med sine mannlege vener. Berre 29 prosent føler seg komfortable med å snakka om mensen med far sin. Kvifor er den første Mensverdigheit-sjefen ein mann?
Jo Barlow skriv at det visar kor djupt patriarkatet stikk:
– Menn veit tydelegvis best, sjølv når dei ikkje veit noko som helst.
On one level this is farcical.
On another level it is sinister. To appoint a man, who has never had a period, exposes society’s deeply embedded patriarchy. Men, apparently, know better, even when they know nothing at all.#PeriodDignityOfficer https://t.co/bWDQoeGecG– Jo Barlow ?? (@GatehouseProof1) August 17, 2022
Ei som kallar seg Jenny skriv at den nye mensverdigheit-ansvarlege aldri har måtte tenka på om ein har mensen på ferie eller ikkje.
I just got my period 1 week before my upcoming vacation & I was so excited to not have to worry about it while away. Then I immediately thought about Jason Grant, Scotland’s first Period Dignity Officer, & how he’s never had this thought in his entire life.#PeriodDignityOfficer
– Jenny (@j_saal) August 18, 2022
- Les også meiningsinnlegget: «Jenter skal sleppe unødvendige kostnadar berre fordi dei er jenter»
Først i verda
Om lag ein av ti jenter i Storbritannia har ikkje råd til mensprodukt, ifølgje ei undersøking gjort av Plan International UK i 2017. Forslaget om gratis mensprodukt til alle vart først lagt fram i 2017, i kampen mot mensfattigdom.
– Dette vil utgjera ein enorm forskjell i liva til kvinner og jenter og alle som menstruerer, sa politikar og pågangsdrivar Monica Lennon til The Guardian.
Ifølgje frivillige organisasjonar har også mensfattigdom auka under koronapandemien. Mensfattigdom betyr at ein slit med å kunne betala for grunnleggande sanitærprodukt kvar månad.
Ei undersøking gjort av Women for Independence viser at nesten éin av fem kvinner i Skottland har opplevd mensfattigdom som har gått hardt utover hygiene, helse og velvære. Ein reknar at ein må bruka i gjennomsnitt 13 pund (152 kroner) i månaden på mensprodukt, som blir over 100.000 kroner gjennom livet.
Vil bruka over 100 millionar i året
Fleire lokale styresmakter og skular har over lengre tid innført gratis sanitærprodukt til dei som måtte trenga det, allereie før dette vart lovpålagt.
Det skotske parlamentet seier i ei pressemelding at dei sidan 2017 har investert meir enn 27 millionar pund (over 300 millionar norske kroner) for å sørga for gratisprodukt i skulane, og at den nye lova vil sementera denne framgangen. Dei reknar at den nye lova vil koste om lag 8,7 millionar pund (102 millionar kroner) i året.
Den nye lova er ei vidareføring av lova som vart vedteken i 2018 og innført i 2020, som gjorde at alle skular, høgskular og universitet skulle sørga for gratis sanitærprodukt. Dei var også då først i verda med dette.
Som følgje av den nasjonale debatten rundt dette har også fleire restaurantar, pubar og fotballklubbar og andre bedrifter innført gratis sanitærprodukt på sine bad.
- Les også intervju med Mensen-programleiar Tamanna: – Eg snakkar om mensen heile tida