«Jenter skal sleppe unødvendige kostnadar berre fordi dei er jenter»

Victoria Elisabeth Andal (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar.

Jenter skal sleppe unødvendige kostnadar berre fordi dei er jenter, mensen er ikkje noko vi har valt sjølv.

Tidlegare i år vedtok Vestland fylkeskommune midlar til gratis tampong og bind på skulen, no har Nordland fylkeskommune også teke initiativ og fekk gjennomslag.

Vi som er kvinner får mensen i puberteten, som er gjennomsnittleg rundt 13-årsalderen, og kvar månad kjem perioden med menstruasjon til ein er kring 50. Dette vil tilsvare 38 år med mensen, som varer mellom 2–5 dagar. Vi kvinner har då gjennomsnittleg rundt 6 år.

Det betyr at gjennomsnittskvinna har 456 menstruasjonar i løpet av livet, som gjev 2280 dagar, om vi ser for oss at ein normal periode er på fem dagar.

Bind og tampongar er noko som må verte skifta regelmessig. Det viktigaste er tampongen som må skiftast kvar 6–8 time for å unngå tampongsjuka. Tampongsjuka er ein tilstand som er forårsaka av giftige stoff anten av stafylokokkar eller streptokokkar.

Likestilling

Det er positivt av fylkestinget har vedteke at kvinner skal få gratis bind og tampongar, og gjer slik at likestillinga går i rett retning.

Dei aller fleste som går på vidaregåande har stipend, og gratis tampongar og bind vil lette litt på det økonomiske då stipendet frå før er lågt.

For det andre vil det vere veldig bra for elevane å vete at det er tilgjengeleg på skulen, om mensen skulle oppstå. For det er ikkje alle kvinner som får smerter dagar før, eller nokon kroppslege varslar.

Bør sanitærprodukt vera gratis på skulen?

Bør sanitærprodukt vera gratis på skulen?

Ja, sjølvsagt!67
Nei, unødvendig7
Veit ikkje heilt4
Svar totalt: 78

Mensentabu

Mensen er eit kleint og ukomfortabelt tema. Til ei kvar tid har 300 millionar kvinner mensen, kvifor er vi så redde for å snakke om det?

Vi må stoppe å gjere mensen tabu. Vi skal ikkje skjemmast om vi kjøper tampongar på butikken, eller hentar dei på skulen gratis.

Vi treng også ein skule som styrkar seksualundervisninga, der ungdommane får vite at det ikkje er ein liter blod og kor viktig det er å skifte sanitetsprodukt.

Vi får gratis kondom på skulen, då er det verkeleg på tide at vi får gratis tampongar.

Fleire fylke burde sjå til Vestlandet og Nordland.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a) framtida.no! 

Illustrasjonsfoto: Gilles Lambert on Unsplash , Faksimile frå Dagbladet.no. Kollasj: Framtida.no