– Eg snakkar om mensen heile tida

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 01.03.2021 11:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre unge kvinner sit i ein sofa, utvekslar historier om tampongar og blodige buksebakar medan dei ler høgt. Det er ikkje så vanleg som ein kanskje skulle tru. Og det har aldri før blitt vist på TV.

– Nokre synest det er flaut eller ekkelt med mensen, og det er heilt ok! seier Tamanna Agnihotri. – Men eg vil at vi skal kunne snakke om det likevel.

Den 23 år gamle skodespelaren er vert for det nye NRK P3-programmet Mensen, der kjende gjestar blir inviterte til å dele sine erfaringar med menstruasjon.

– Flaue historier, blodsøl, nyttige triks, helseutfordringar, fine opplevingar – vi skal snakke om alt!

Skamma seg over smertene

Som tenåring var Tamanna sjølv ikkje flau, men ho skamma seg allikevel over dei sterke smertene som for hennar del høyrde med til denne veka i månaden.

– Det kunne vere så ille at eg svima av, fortel ho.

I ei årrekke måtte den unge programleiaren takke nei til bursdagsfeiringar, bli heime frå skulen og avstå frå eksamenar. Det tok tid før ho greidde å vere open om kvifor.

– Det verste var kjensla av å vere åleine, seier Tamanna. – Seinare har eg fått vite at andre eg kjenner også sleit med dette. Då tenkte eg: Kvifor fortalte du meg det ikkje før?

Særleg kompisane mine kunne bli usikre

Etterkvart blei den unge Oslo-kvinna utreda for endometriose, ein diagnose knytt til sterke menssmerter, som kan gje vanskar med å bli gravid seinare i livet. Det viste seg at ho ikkje hadde denne diagnosen, men rett og slett ekstremt sterke mensplager.

Tamanna Agnihotri som 13-åring, det året ho fekk mensen. Det skjedde i musikktimen på skulen: Eg gjekk på do og merka noko brunt i trusa. Eg blei ganske sjokka, så eg berre la i masse papir, og fann eit bind i skapet då eg kom heim. Det varte til dagen etter før eg turde å fortelje det til mamma.

Ring ambulanse!

Etterkvart som Tamanna blei meir open om menssmertene opplevde ho at mange ikkje visste korleis dei skulle reagere.

– Særleg kompisane mine kunne bli usikre, og spørje om dei skulle ringe etter taxi. Eller ambulanse!

Ho ler, og legg til at ho har stor forståing for at vener ikkje visste kva dei skulle gjere. Lenge visste ho det knapt sjølv.

– Eg fekk tilbod om p-pillar og smertestillande, som skulle løyse problemet. Men det som hjalp mest var å få vere open om det, og sleppe skamma i tillegg til smerten.

Fyrste episode av Mensen kjem 24. august. Her pratar programleiar Tamanna Agnihotri med youtubarane Victoria Skau (t.v) og Sara Høydahl om deira flauaste mensenhistorier.

Lidenskapleg programleiar

Etter at ho blei vaksen har smertene avtatt. Men 22-åringen har ikkje slutta å snakke om menstruasjon for det.

Mensenfestar i Noreg? Eg hadde dukka opp på kvar einaste ein!

– Eg har ein lidenskap for mensen! Eg snakkar om det heile tida, i alle moglege samanhengar.

Tamanna håper at fleire vil bli inspirerte av det nye programmet til å gjere det same, og har eit supertips til dei som vil prøve:

– Dersom du sjølv er flau vil dei du pratar med også bli det. Så berre kast deg ut i det og snakk ope om mensen, så vil dei du snakkar med også synest det går greitt!

– Eg snakkar om mensen i alle moglege samanhengar, fortel Tamanna Agnihotri. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK P3

Mensenfest

Den unge skodespelaren har vekse opp i Prinsdal i Oslo, og har foreldre som kjem frå India. Ho vil gjerne nå ut til unge jenter med minoritetsbakgrunn, som henne sjølv. Samtidig meiner ho at det er temmeleg små skilnadar mellom korleis dei og majoriteten i Noreg forheld seg til mensen.

– Det varierer. Nokre synest det er flaut, andre ikkje!

Sjølv om det nok er knytt like mange, og kanskje fleire, tabu til menstruasjon i India som det er i Noreg, er det i sørlege delar av landet vanleg å ha ein stor fest når ei jente får sin fyrste menstruasjon, fortel Tamanna. Ein mensenfest!

– Det er sikkert superkleint for jenta, ler ho. – Samtidig er det veldig fint. Det er jo eigentleg grunn til å feire at kroppen fungerer som den skal!

– Er det ein tradisjon vi burde importere?

– Mensenfestar i Noreg? Eg hadde dukka opp på kvar einaste ein!

– Det er viktig å gjenopprette verdigheit, påpeikar Lindah Chido Matsapa, som håpar å også bryte tabuet kring menstruasjon i Zimbabwe.  Foto: Privat/Ingvild Eide Leirfall