Sanitærprodukt i skulen: «Skjerp deg, gubbe!»

Lene Elisabeth Eide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Det er sjeldan eg brukar omgrepet «gubbe». Og i alle fall ikkje offentleg. Men sjølve definisjonen av ordet må ligge nært godt vaksne menn som meiner det er urettferdig, og tenkjer mest på seg sjølv, når nokre 16 år gamle jenter skal få gratis bind og tampongar på skulen.

Kjernen i saka er ei prøveordning der elevar ved eit utval vidaregåande skular får gratis sanitærprodukt skuleåret 2022-2023. Are Søberg, «Sløseriombudsmannen», kallar prøveordninga for misforstått feminisme. Det er visst ikkje måte på kor tullete og unødvendig denne ordninga er.

Allereie i si første linje kliner han til med ein stråmann, litt hersketeknikk og ein påstand om at argumenta for ordninga ikkje gjev meining. Teksten består av det eine pinlege utsegnet etter det andre. Meir enn noko anna viser Søberg med innlegget sitt at han ikkje forstår kva denne saka dreier seg om.

Det er noko spesielt gubbete med latterleggjering av noko som er ei reell utfordring for store delar av befolkninga, og då spesielt for jenter og kvinner.

Heller enn å kaste vekk spalteplass på kvart enkelt av Søberg sine argument, vil eg forklare kvifor denne ordninga gjev meining.

Kanskje Søberg og resten av gubbane kan lære noko.

Mensfattigdom førekjem også i Noreg

Søberg set spørsmålsteikn ved Balder Alvær Olafsen, SV sin gruppeleiar, si feiring av at jenter no ikkje treng å gå glipp av skule på grunn av mensen.

Han spør: Held jenter seg heime og blør sitjande i badekaret ei veke fordi dei ikkje har råd til bind eller tampongar?

Sjølvsagt gjer dei ikkje det. Menstruasjonen kan likevel utgjere ei betydeleg tilleggsbelastning i kvardagen til norske menstruerande.

Sløseriombudsmannen er kanskje ikkje klar over det, men talet barn som lever i fattigdom i Noreg har auka dei siste åra; i 2019 budde nærare 115 000 barn under 18 år i familiar med vedvarande låginntekt.

Det er meir enn 10 prosent av alle barn i Noreg. Mange av desse barna bekymrar seg mykje over økonomien til familien, så mykje at det går utover søvn og konsentrasjon. Kvar ekstra utgift utgjer ei ekstra belastning. Trygg handtering av menstruasjonen treng ikkje å vere ein del av belastninga.

Eg har sjølv snakka med fleire vaksne kvinner som i barndommen stal dopapir der dei kunne. Dei rulla saman metervis med dopapir til improviserte bind.

Kvifor? Dei torde ikkje, eller ville ikkje, spørje om bind heime, fordi dei forstod at kjøp av bind og tampongar innebar ei ekstra belastning for dei vaksne.

Kan gå glipp av undervisning

Fleire lærarar kjøper sanitærprodukt dei kan dele ut til elevane av eiga lomme, sånn at elevar som uførebudd får mensen, slepp å gå glipp av undervisning. For det er nemleg ikkje alle som har ein familie som passar på.

Det verkar som at Søberg gløymer eit vesentleg poeng når han skriv, nemleg at det er snakk om 16-åringar. Det er vanleg med uregelmessig mens i puberteten, og det er ikkje uvanleg at ungdommar har dårleg råd, eller ikkje har ein eigen økonomi i det heile teke.

Ungdommane har mange andre ting å bekymre seg for. Dei treng ikkje den ekstra vekta av bekymringane for tampongsjuke, for å blø gjennom kleda, for korleis uoppdaga snike med seg tampongar til toalettet, for dårleg råd til å kjøpe sanitærprodukta ein treng.

1 av 10 menstruerande får sjukdommen endometriose. Fleire av dei med symptoma har betydeleg fråvær frå jobb eller skule, på grunn av sterke smerter.

Alt dette bidreg til å redusere læring og trivsel på skulen.

Gutar i same alder møter ingen av desse problema. Jenter begynner i motbakke, og må overvinne langt fleire hinder enn gutar for å ha det same utgangspunktet. Om ei slik ordning som denne kan gjere situasjonen meir rettferdig for jenter, treng vi ikkje eigentleg fleire argument.

Difor seier eg ja til gratis sanitærprodukt gjennom heile skulegangen. Såpass kan vi koste på oss.

Er sanitærprodukt verkeleg misforstått feminisme?

Vi kan anta at Søberg aldri sjølv har hatt mensen. Då kan eg fortelje han, og alle som er einige med han, dette:

Alt vert vanskelegare når ein er lamma av kraftige menssmerter, full av bekymring for å blø gjennom kleda, eller rett og slett har fått mensen uventa, og må avbryte alt for å få tak i ein tampong, fordi menskoppen ikkje er med.

Det er naivt å tru at menstruasjonen ikkje held norske kvinner tilbake

Det vert vanskelegare å fokusere på fag på skulen. Det vert vanskelegare å ta del i jobb, og andre kvardagslege aktivitetar. I verste fall kan det føre til at ein lyt dra heim.

Eg er fullstendig ueinig i at å sikre menstruerande tilgang til sanitærprodukt er misforstått feminisme. Tilgang til trygge måtar å handtere menstruasjon på, er grunnleggjande for kvinnekampen.

Det er eit globalt likestillingsproblem at mange menstruerande manglar informasjonen og produkta dei treng for ein trygg menstruasjon.

I mange land tyr menstruerande til improviserte alternativ, som medfører høg infeksjonsrisiko: sokkar, nyfarga eller skitne tekstilar eller tørre bananblad, for å nemne nokre.

Globalt hindrar menstruasjon millionar av jenter i å fullføre skulegangen.

Så ille står det heldigvis ikkje til for dei aller fleste i Noreg, men det er naivt å tru at menstruasjonen ikkje held norske kvinner tilbake.

Bidreg til skam og tabu

Noreg har eit godt utgangspunkt for å vere eit føregangsland, som tek denne sentrale delen av kvinnehelsa på alvor. Ordningar som denne, er ein god start. Vidare, å sørgje for betre undervisningsopplegg i skulen som legg vekt på å redusere stigma knytt til menstruasjon, og prioritere forsking på sjukdommar som endometriose.

Det kviler framleis ei tåke, tjukk av skam, over den månadlege blødninga.

Det kviler framleis ei tåke, tjukk av skam, over den månadlege blødninga.

Nesten alle jenter i alderen mellom 15 og 19 år, oppgjev å føle seg skitne når dei har mensen.

Søberg, og resten av gubbane, er ikkje akkurat til hjelp.

Så til deg, gubbe, som synest det er «urettferdig» at 17 år gamle jenter får gratis sanitærprodukt: skjerp deg, og hugs på kor du kom frå.

Du ville ikkje vore fødd utan mensen og hormonsyklusen.

Likevel aksepterer du at menstruerande lever med plagar og smerter – enkelte til det punktet at dei ikkje kan ta del i utdanninga og arbeidslivet.


– Det er viktig å gjenopprette verdigheit, påpeikar Lindah Chido Matsapa, som håpar å også bryte tabuet kring menstruasjon i Zimbabwe.  Foto: Privat/Ingvild Eide Leirfall