Noregs første bydel for berre utleige – skal sikre betre vilkår for leigetakarar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har dyre bustadprisar vore i media jamt og trutt, og med renteauke og bustadprisvekst er det nok ein gong vanskelegare å kome seg inn på bustadmarknaden.

Fleire og fleire ser difor etter andre alternativ, og noko av dette er å sikre dei som må leige betre vilkår.

Første utleigebydel

På Tømmerkaia i Skien bygger firmaet Steinar Moe Eiendom no 250 leilegheiter som berre skal brukast til utleige, ikkje sal, skriv NRK. Det er ikkje den mest lønsame modellen på kort sikt, men i samarbeid med kommunen og Husbanken har dei vald å bygga det dei fortel er Noregs første utleigebydel.

Her får ein leige på ubestemt tid, og husleiga er indeksregulert. Det betyr at prisen stig litt for kvart år, men følgjer berre generell prisstigning – ikkje kva andre leilegheiter i same området kostar.

Den største leilegheita er ei fireroms toppleilegheit på 106 kvadratmeter, med ei husleige på 18.500 kroner. Dei minste er på 56 kvadratmeter og den rimelegaste kostar 8.800 kroner i månaden. I tillegg kjem straum, oppvarming, TV, internett og ev. garasjeplass som må leigast.

Bilete frå prospektet på ein av dei mindre leiligheitane.

Flest på mellombelse kontraktar

Dei vanlegaste kontraktstypane i Noreg på utleigemarknaden er ifølgje Forbrukarrådet, kontraktar som gjer det enkelt for utleigar (huseigar) å seia opp leigetakar når dei treng det (til dømes ved stor oppussing, flytting eller at dei sjølv vil bruka buområdet), eller kontraktar som ein må fornya kvart tredje år.

Det vil seia at dei som leiger må søka om å få behalda bustaden sin kvart tredje år, noko som skapar lite langtidshorisont og gjer det vanskeleg dersom ein må skifte arbeidsstad, skule, barnehage og liknande.

Men på heimesidene sine reklamerer Steinar Moe Eiendom med «Hos oss kan du bli så lenge du vil».

Etterlyser betre vilkår

Utleigebydelen er ikkje det einaste tiltaket som no vert diskutert for å finna betre løysingar for folk som leiger.

Forbrukarrådet etterlyste nyleg ei ny husleigelov, 10. august kom det fram tal som viste ein historisk oppgang i leigeprisane i årets andre kvartal, og nyleg møtte Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) fleire store aktørar og organisasjonar i utleigebransjen i eit krisemøte om leigemarknaden.

Mange ulike løysinga har vorte løfta: Norsk studentorganisasjon har fokusert på å sikra kontroll av bustadane for å hindra ròte, fuktskadar, skader, mangel på rømmingsvegar og meir. Forbrukarrådet har fokusert på stabilitet og det å vita at ein kan bu ein plass over lang tid, kommunalministeren har fokusert på å hindra for stor prisauke berre fordi ein kan.

Kanskje kan dei nye bustadane i Skien vera ein modell som kan svare på noko av dette?


Bustadprisane i Sogndal sentrum nærmar seg det ein ser i dei store byane i Noreg. Foto: Tim Bunce, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons