Økonomiprofessor spår kraftig hopp i husleige for studentar i august

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Khrono.

Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole, spår høgare husleigeprisar i august. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

– Pandemien er over og studentar og arbeidsinnvandrarane har komme tilbake til byane. Samtidig har det vore låg aktivitet på byggjefronten. Dermed blir det eit stort etterspurnadsoverskot, seier Grytten.

Grytten trur det blir eit prishopp i husleige for studentane i august, og at situasjonen vil roe seg utover september og oktober.


Leiar iNorsk studentorganisasjon (NSO) Maika Marie Godal Dam. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold