Henden – rekviem for en fotograf: – Eit verdig tilbakeblikk på ein ekstraordinær karriere

Filmen er ei hyllest til ein framifrå fotojournalist og eit varskurop for det han stod for. 

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Harald Henden var ein av Noreg sine største krigsfotografar. Når han blir dårleg under dekkinga av Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober 2023, dreg han heim for å finne ut kva som er gale. Han får diagnosen bukspyttkjertelkreft og beskjed om at han truleg ikkje har lenge igjen å leve.

Ein utruleg karriere tek plutseleg slutt.

Henden – rekviem for en fotograf

Nasjonalitet/språk: Noreg, norsk

Regi: Rune Denstad Langlo

Noregspremiere: 03.10.2025

Aldersgrense: 15

Sjanger: Dokumentar

Speletid: 1t 17m

 

I Henden – rekviem for en fotograf følger regissør Rune Denstad Langlo Harald Henden i dei tre siste månadene av livet, medan han lever med det at han snart skal døy. Samtidig blir denne tida eit samlingspunkt for venar og kjære, for hyllest og takksemd. Mellom cellegift og planlegging av eiga gravferd skal det gjevast ut bok og settast opp fotoutstilling – og då må ein inn i minna.

Rått

Dette er ikkje ein lett film å sjå. Bilete og videoar er usensurerte, og forteljingane Henden har frå felten er sterke vitnesbyrd om korleis krig riv folk og samfunn i stykke. Karrieren hans er som ei smørbrødliste med humanitære krisar, og dei har han heldigvis ingen intensjonar om å halde for seg sjølv.

Det er tøft, men det kjennest viktig å faktisk setje seg inn i konflikt på dette viset. Det gjer det meir verkeleg.

Eg hadde ikkje noko kjennskap til Henden og arbeidet hans før eg såg dokumentaren, og han vart med det ein inngangsport til ei verd eg ikkje kjente så godt til. Så klart har eg sett bilete av krigsfotgrafar før, men å sjå eit ansikt av dei gjer noko med det. Ein vert plutseleg klinkande klar over at dette er noko folk risikerer livet for.

På den andre sida ligg det som dei fleste norske sjåarar vil kjenne seg meir personleg igjen i: Det intime møtet med sjukdom og død. Harald Henden er ikkje typen til å leggje skjul på noko, sjølv om han kanskje legg lokk på kjenslene. Kanskje er det nettopp fordi han har jobba så nært på døden at han tek det så roleg. Kontrasten mellom den traumatiske døden han har sett i felten, og den nesten kvardagslege slutten på livet han sjølv går mot, gir noko å tenkje på, og eg lurar på kva han sjølv tenkte om det.

Varme og meining

Samtidig er det ikkje berre trist. Henden og venar kjem stadig med underhaldande anekdotar, og Langlo skapar ein nærleik som gjer det lett å like folka her. Døden kjem for oss alle, men sjølv når han står i dørkarmen, er det stadig glede å få frå livet.

Sjølv i filmen sine siste augeblikk, er det ikkje det triste som skal ha overtaket – med ein sluttsekvens som sette seg i halsen på meg.

Regissør Langlo let dei kjente bileta til Harald Henden tale for seg sjølv, dei får stå aleine på lerretet utan brak og gnistar, berre akkompagnert av Henden sine eigne ord. Henden seier sjølv i dokumentaren at han ønskte at bileta han tok skulle vere nok i seg sjølv, og vise sanninga utan behov for meir verifisering, og det føler eg at Langlo har respektert. Sjølve strukturen og klippinga er ikkje særleg spennande, men det treng han heller ikkje å vere: Sjølv eit slideshow av Henden sine bilete hadde vore sterkt, og Langlo sin dokumentar er heldigvis meir enn det.

Henden – rekviem for en fotograf er både eit verdig tilbakeblikk på ein ekstraordinær karriere og ei påminning av biletet si kraft, og dessutan kor viktig det er å ha folk i felten i krig og konflikt. Dette er bilete som endrar verda, som bringar det fjerne nært og lar folk forstå den vanskelege verda ein smule betre. Med stigande dødstal på journalistar i Gaza, kjem filmen i rett tid.

Utan handling risikerer me å miste dei viktigaste verktøya for å forstå den vanskelege verda rundt oss: Ekte menneske og deira opplevingar.

Terningkast: 5