Historisk likeløn i amerikansk landslagsfotball – NFF diskuterer potensielle endringar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er verkeleg eit historisk augeblikk. Desse avtalane har endra idretten for alltid her i USA og har potensialet til å endre idretten verda rundt. 

Det sa Cindy Parlow Cone, president i United States Soccer Federation, i ei pressemelding, då den amerikanske fotballorganisasjonen og kvinne- og herrelandslaget til USA annonserte at dei har vorte samde om å sikre likeløn for spelarane.

Ifølgje den nye avtalen vil også premiepengane kvinnelandslaget og herrelandslaget får i verdsmeisterskap verte slått saman og fordelte likt blant spelarane.

Saka er omtalt av fleire internasjonale medium.

Fulltidsspelar eller jobb på si

Kai-Erik Arstad er konstituert generalsekretær i Norges Fotballforbund. Foto: NFF

Konstituert generalsekretær i Norges Fotballforbund Kai-Erik Arstad skriv til Framtida.no at NFF synest det er flott at fleire nasjonar no er opptekne av likeløn:

– Norsk fotball var først ute med likelønsavtala, og det gler oss å sjå at fleire nasjonar er opptekne av likeløn i fotballen. 

Norges Fotballforbund (NFF) gjekk inn for likeløn for herre- og kvinnelandslaget i fotball allereie i 2017, då fotballkvinnene gjekk opp i løn og herrane gjekk ned frå det følgjande året.

– Det er eit viktig prinsipp for NFF at vi betalar menn og kvinner like mykje frå NFF sine eigne midlar, slår Arstad fast i ein e-post til Framtida.no.

Han forklarar at spelarane på herrelandslaget og kvinnelandslaget får samla 6 millionar frå NFF for å spele på landslaget. Før avtalen kom på plass, fekk kvinnespelarane omtrent halvparten av det herrespelarane fekk.

Der er likevel nokre skilnadar: Medan dei mannlege landslagsspelarane får utbetalingane som bonus for marknadsarbeid, får dei kvinnelege landslagsspelarane, som ikkje er profesjonelle på fulltid, utbetalt brorparten av summen i månadlege stipend.

– Vi vurderer likevel å gjere nokre justeringar på måten midlane vert utbetalte på kvinnesida, sidan fleire av spelarane no er fulltidsprofesjonelle som spelar i store klubbar i Europa, skriv Arstad, og forklarar at biletet har endra seg raskt dei siste tre-fire åra.

Dei norske herrane kunne tent sju gongar meir enn kvinnene

Til no har herrelandslaget og kvinnelandslaget begge fått 25 prosent av inntektene NFF får, dersom dei kvalifiserer seg til VM- og EM-sluttspel.

Men i motsetnad til den amerikanske avtalen er bonusane frå FIFA og UEFA ikkje inkluderte i den norske avtalen, noko som gjer at herrane i teorien kan tene langt meir enn kvinnene.

Då herrane spelte VM i 2018 var premiepotten på heile 3,5 milliardar kroner. Året etter, då kvinnene skulle spele meisterskap, var premiepotten på 260 millionar, ifølgje The Guardian. Det er berre 7,5 prosent av herrane sin pott.

I forkant av sommar-EM i 2020 skreiv NRK om at dei norske fotballherrane kunne få utbetalt kring éin million kroner kvar, om dei kvalifiserte seg. Kvinnelandslaget måtte på si side dele på 3,5 millionar. Herrane kunne såleis tene heile sju gongar meir enn kvinnene.

– Dette heng igjen saman med at dei kommersielle inntektene på eit herresluttspel framleis er mykje høgare, seier Arstad og held fram:

– Heldigvis ser vi no ei utvikling der dei kommersielle inntektene frå sluttspel i kvinnefotballen har auka betrakteleg, og det er stor grunn til å tru at denne utviklinga held fram. 

Fotballforbundet og NISO diskuterer endringar

Samstundes opplyser Arnstad om at NFF og Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO) diskuterer kor vidt det er aktuelt å innføre ei anna ordning for bonusfordeling.

Den konstituerte generalsekretæren presiserer at der er ein viktig forskjell mellom USA og Noreg:

– Det norske herrelandslaget har ikkje delteke i sluttspel sidan 2000. Ei deling av bonusar i perioden fram til 2022 ville faktisk medført at spelarane på herrelandslaget ville ha tent på det, fortel Arnstad og legg til:

– Vi ser likevel no på mogelegheiter for å minske gapet i bonusutbetalingar frå UEFA/FIFA meir hurtig enn kva UEFA/FIFA er i stand til i form av auka kommersielle inntekter på kvinnesida.

Kai-Erik Arstad vil ikkje gå inn på detaljar i og med at diskusjonane er pågåande:

– Det vi kan seie er at norsk fotball har vore i førarsetet på likestilling i fotballen, og vi skal gjere vårt beste for å vere i førarsetet framover.

– Kjennest veldig, veldig godt

For spelarane på det amerikanske landslaget, har semja vore etterlengta, då dei har kjempa for ho i seks år.

– Å endeleg kunne seie lik løn for likt arbeid kjennest veldig, veldig godt, sa landslagsspelar Becky Sauerbrunn til NBC.

Walker Zimmerman, landslagsspelar og medlem av leiargruppa i United States National Soccer Team Players Association, uttalar at han håpar semja syner kor viktige slike endringar er og vil inspirere FIFA og andre til å kome etter:

– Dei sa lik løn for menn og kvinner ikkje var mogeleg, men det stoppa oss ikkje og vi gjekk hen og oppnådde det, sa han i ei pressemelding.


Fotballspelar Pernille Gardien (24) i eigendesigna treningsklede. Foto: Privat