Skistjerna satsa hardt på både ski og løping. På fritida naut han livet på sjøen eller studerte matematikk på Blindern i Converse-sko og Levi's-bukser.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det var berre spennande å tenkja på framtida og alle moglegheiter, minnest Anders Aukland om det å vera 20 år.

Den 52 år gamle tidlegare toppidrettsutøvaren har halde eit imponerande høgt nivå etter at han la karrieren på hylla. 

Under korona gjekk han 70 mil på ski i løpet av 41 timar og i jula gjekk han til toppen av Kilimanjaro på ski.

Han er ein av tre programleiarar i NRK-podkasten Skiklubben og skal i sommar konkurrera på 20-stjerners sommerferie. 

Landslag i to greiner

I 1992 var tønsbergensaren nettopp ferdig i militæret og flytta til Oslo. Der studerte han matematikk på Blindern samstundes som han satsa hardt på ski og løping.

20-åringen var på rekruttlandslaget i både løping og ski og var fast bestemt på å driva med idrett.

– Eller dra på eventyr. Segle jorda rundt. Surfa. Køyra på ski, legg Aukland til i ein e-post til Framtida.no.

Når sommaren kom reiste han gjerne heim frå studia og naut livet på vatnet i heimbyen Tønsberg.

I 1992 hadde han grunge, Red Hot Chili Peppers, New Order og Depeche Mode på øyra, Converse på føtene og Levi’s bukser på beina.

Aukland såg på OL i Barcelona og drøymde nok om det same.

Faksimile: Tønsbergs Blad

Noregsmeister som 23-åring

Berre tre år seinare skulle han ta sin noregsmeistertittel på løpedistansen 5000 meter, men det er som skiløpar Anders Aukland har dei aller største merittane.

Det vart OL-medalje i 2002, siger i Vasaloppet i 2004 og diverse verdscupsigrar opp gjennom åra.

Dei viktigaste personane for Anders var veslebrørne Jørgen og Fredrik, som begge har følgd i dei atletiske fotspora til bror sin.

Aukland kan ikkje hugsa at han frykta noko, og det viktigaste minnet var å flytta heimanfrå.

Usikker 20-åring

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Ville tenkt eg var full av energi, men kanskje litt usikker på meg sjølv og kva for val eg skulle ta og kven eg var.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Bruk energien din på dei tinga du likar best og ikkje alt på ein gong.