Medietilsynet refsar NRK for manglande nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, ber no NRK om å leggje fram ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle plattformer.

Stortinget har avgjort at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer, og prosentkravet må vere oppfylt for kvar enkelt plattform. I 2021 vart kravet berre oppfylt for TV, medan radio og nett låg under. Radio hadde ein nynorskprosent på 22,7 prosent, medan NRK.no hadde 19 prosent nynorsk.

Ifølgje den årlege allmennkringkastarrapporten frå NRK inkluderer nynorskdelen på TV og radio all normert nynorsk samt halvparten av dialektdelen. På NRK1 og NRK P1 er distriktssendingane inkludert.

Ifølgje Medietilsynet har NRK aldri oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk på nett, og radioen greidde ikkje kravet korkje i 2020 og 2021.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Dialog med tilsynet

Språksjef Karoline Riise Kristiansen i NRK seier til Nynorsk pressekontor at dei er i dialog med Medietilsynet, og at dei vil arbeide for å styrke språkarbeidet i NRK slik at også radio og nett i framtida skal nå kravet om 25 prosent nynorsk.

Ho fortel at dei har sett i verk fleire tiltak dei siste to åra for å få meir nynorsk på nett. Då dette prosjektet starta, var målet å nå 25 prosent nynorsk på NRK.no i 2025.

– Vi har framleis dette målet, og har framleis litt tid på oss til 2025, men vi håper å greie det før. Vi skal auke nynorskbruken år for år, seier ho.

Ein måte å gjere dette på er å «snu sovande nynorskbrukarar».

– Det er journalistar som har hatt nynorsk som hovudmål, men som seinare har gått over til bokmål i løpet av vidaregåande eller under høgare utdanning, forklarar språksjefen.

Karoline Riise Kristiansen er språksjef i NRK. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Ho fortel også at NRK er aktiv brukar av nynorskroboten som Nynorsk pressekontor har utvikla, men at roboten aldri kan erstatte språkleg dyktige journalistar.

– Vi veit at ei synleggjering av skriftleg nynorsk er viktig for ei større forståing for nynorsken, og nynorskprosenten på NRK.no har vore for låg. Vi er spesielt opptekne av å rekruttere fleire nynorskjournalistar, legg Karoline Riise Kristiansen til.

Ho opplyser at dei tidlegare har målt nynorskprosenten for alle plattformer under eitt, men at dei no skal vere nøye med å sørgje for at kvar enkelt plattform oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk.

– Språkarbeidet blir stadig viktigare, og det gjeld ikkje berre nynorskprosenten. Vi har også ansvar for å bruke teiknspråk, dei samiske språka og kvensk, men også romani og romanes, minner ho om.

– Oppfyller krava

Når det gjeld alt anna enn nynorskprosenten er Medietilsynet godt nøgd med NRK. Det er sett opp 50 krav i allmennkringkastingsoppdraget, som er forma ut for å sikre eit breitt og kvalitativt tilbod til alle innbyggjarane i landet.

NRK skal sikre nyheiter, aktualitetar og kulturstoff for både breie og smale grupper. Vidare skal kringkastaren spegle mangfaldet blant innbyggjarane og bidra til utdanning og kunnskap, skape arenaer for debatt, tilby innhald som er produsert i og tek utgangspunkt i distrikta, og såleis formidle ein brei variasjon av norsk kultur og norske kunstuttrykk.

Tilsynet peikar også på at den særskilde rolla NRK har i å tilby ei brei og balansert dekning av politiske val.

Medietilsynet konkluderer med at NRK samlar innbyggjarane nasjonalt, og at dei saman med andre redaktørstyrte medium er ei viktig motvekt til alternative og ikkje-redaktørstyrte medium og falske nyheiter.

– Under pandemiåret 2020 vende svært mange seg til allmennkringkastarane for å få oppdatert og truverdig informasjon. NRK rapporterer at også 2021 vart eit år med rekordstor interesse for nyheitsinnhaldet på alle plattformer, seier Mari Velsand i Medietilsynet.


Bald Bros hyllar nynorsken i ei ny låt. Foto: Skjermdump