NRK når nynorskkravet for andre gong, men framleis for lite på nett

Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 31.08.2022 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2019 infridde NRK nynorskkravet for første gong. I 2020 gjekk det ikkje like bra. Då var nynorskprosenten nede i 24,2 prosent.

– Vi måtte skjerpe oss

– I 2020 sa eg at vi måtte skjerpe oss, og det har vi gjort. Eg er svært glad for at vi no oppfyller kravet og dermed gjer ein god og viktig jobb for norsk språk, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.

Statistikken for 2020 viser at tv-kanalane NRK2, NRK3, NRK Super og radiokanalen NRKP1 ligg over kravet om 25 prosent. NRK2 havnar i toppen med ein nynorskandel på heile 32,2 prosent.

Samstundes ligg NRK1, NRK.no, NRK P2 og P3 individuelt sett under kravet. Nynorskprosenten til P3 har sunke med over 7 % sidan 2020.

Leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre seier det er sentralt å nå ut med skrifteleg nynorsk. Foto: Dina Rygg Eide

Bra men ikkje godt nok

Fungerande leiar i Noregs Mållag, Synne Marie Sætre, seier til NRK at tala viser at nynorsk er eit minst like godt pressemål som bokmål.

Ho er spesielt nøgd med NRK Super som har ein nynorskprosent på 28,8.

Likevel er ikkje Mållaget heilt nøgde. I 2021 var det berre 18,8 prosent nynorsk på nettsidene til NRK.  

– Det er viktig å trekke fram at det har vore ein framgang med nynorsk på nett, men der håpar eg ein når 25 prosent i framtida, seier Sætre.