Kan bli slutt på eitt års sex-karantene for homofile blodgjevarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helse- og omsorgsdepartementet ber Helsedirektoratet vurdere endringar i karantenereglane for blodgivning for menn som har sex med menn.

Det betyr at det kan gå mot slutten for regelverket som seier at homofile menn i eit partnarforhold ikkje får gi blod.

– Blodgivarar gjer ein uvurderleg innsats for samfunnet og for andre menneske. Det er viktig å leggje til rette for at dei som kan og vil gi blod, kan gjere dette på ein trygg måte. Det betyr at vi må ha eit regelverk som er oppdatert på fagleg kunnskap om risiko for kven som kan gi blod, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

I ei rekkje tilfelle kan personar få mellombels karantene mot å gi blod. Det gjeld mellom anna personar som har bytt seksualpartnar, teken piercing, vore sjuk eller reist i land der infeksjonssjukdommar som smittar med blod er utbreidde.

– Blodgivarar gjer ein uvurderleg innsats for samfunnet og for andre menneske, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Må vente 12 månader no

Menn som har sex med menn, må vente i minst 12 månader sidan siste seksuelle kontakt for å gi blod etter dagens retningslinjer. Det betyr i praksis at homofile menn som er i eit forhold, ikkje kan gi blod. Same reglar gjeld ikkje for heterofile.

– Talspersonar for skeive har teke opp at dagens regelverk er urimeleg. Vi ser at andre land, mellom anna Danmark, Sverige og Canada, nyleg har gjort endringar i regelverka sine for denne gruppa. For å halde oppe tilliten til blodgivarsystemet må vi ha eit regelverk som er basert på faglege tilrådingar og sunn fornuft. Det må ikkje vere unødvendig vanskeleg for nokre grupper å gi blod, seier Kjerkol.

Les også: Den norske kyrkja erkjenner å ha påført homofile og lesbiske stor skade

FRI er glade

Leiar Inge Alexander Gjestvang i FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald er fornøgd med signala frå helseministeren.

– FRI meiner det er seksuell praksis og ikkje seksuell identitet som må liggje til grunn, og vi er derfor glade for at Kjerkol no ber Helsedirektoratet gå gjennom karantenereglane, seier Gjestvang.

Han understrekar at det ikkje er nokon menneskerett å kunne gi blod.

– Tryggleik for mottakar er eit ufråvikeleg prinsipp, men med bakgrunn i den store etterspurnaden er det etterlengta signal frå helseministeren som kjem i dag, seier han.

Leiar i FRI, Inge Alexander Gjestvang. Foto: FRI

Innan april 2023

Helsedirektoratet skal samarbeide med Folkehelseinstituttet om å vurdere endringar i karantenereglane. Det skal i arbeidet sjåast hen til dei endringane i reglane som er gjorde i andre land, inkludert Sverige og Danmark, opplyser departementet. Frist for oppdraget er 1. april 2023.

I Canada har helsestyresmaktene nyleg fjerna ordninga som innebar at menn måtte vente tre månader frå siste samleie med ein mann før dei kunne gi blod.

Statsminister Justin Trudeau sa at det er «gode nyheiter for alle canadiere», men at regelen burde ha vore droppa allereie for 10–15 år sidan. Han viste til at forskinga som kunne vise at det er trygt, ikkje har vorte sett i gang under tidlegare regjeringar.

Hansson: Skulle berre mangle

Ifølgje Dagbladet stilte MDGs Rasmus Hansson tidlegare denne månaden eit skriftleg spørsmål til Stortinget om regjeringa vil «fjerne diskriminerande restriksjonar for homofile som ønsker å donere blod».

Hansson er glad for avgjerda til regjeringa.

– Det skulle også berre mangle. Dagens praksis og reglar er baserte på gammaldagse fordommar mot homofile menn. Noreg treng for det første å behandle homofile med respekt, og for det andre treng vi mange fleire blodgivarar, seier han til avisa.


Les også: Lova tillet forskjellsbehandling av homofile lærarar

Kollasj: Framtida.no. Foto av: Kim Thoresen-Vestre (SV). Skjermdump/Privat/Gjennestad VGS