Dei neste tiåra blir både varmare og sjukare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varmare klima vil tvinge mange pattedyr til å forlate dei opphavlege leveområda sine. På ferda si mot kjøligare område vil dei møte andre artar for første gong. Desse møta kan skape minst 15.000 nye tilfelle av virus blant dyreartar innan 2070, ifølgje ein studie som nyleg vart publisert i tidsskriftet Nature.

– Denne utviklinga har alt byrja og vil halde fram sjølv om verda klarer å handle raskt for å redusere karbonutsleppa og hindre ei større temperaturstigning på jorda, seier forskarane bak studien.

– Vi har påvist ein ny og potensielt øydeleggjande mekanisme for sjukdomsførekomstar som kan true helsa til dyrepopulasjonar i framtida. Denne trusselen vil truleg også få følgjer for helsa vår, seier medforfattar av studien, økolog Gregory Albery ved Georgetown University.

– Studien viser klart at dei kommande tiåra ikkje berre vil bli varmare, dei vil også bli sjukare, seier Albery.

Les også: Oljeindustri-kritikk vart fjerna frå klimarapporten til politikarane

– Virus sirkulerer i det stille

Tidlegare forsking har sett på korleis avskoging og handel med dyreliv fører til spreiing av sjukdommar mellom dyr og menneske. Det har vore mindre forsking på korleis klimaendringar kan påverke sjukdomsoverføring, understrekar forskarane bak den nye rapporten.

Den femårige studien har teke for seg 3.139 pattedyr. Han har sett på korleis rørslene til dyra vil endre seg i ulike scenario for global oppvarming. Deretter har forskarane sett på korleis dette igjen vil påverke overføring av virus.

Det er for tida minst 10.000 virus som kan smitte over frå pattedyr til menneske. Dette er virus som «sirkulerer stille» blant ville pattedyr, hovudsakleg i djupet av tropiske skogar.

Nye møte over heile verda

Forskarane fann at nye kontaktar mellom ulike pattedyr lett kan doblast. Dette kan skje over heile verda, men særleg i det tropiske Afrika og Asia. Kontinent som allereie har vore hotspottar for dødeleg sjukdom spreidd frå menneske til dyr, eller omvendt, dei siste tiåra, som influensa, hiv, ebola og koronaviruset.

Ikkje berre pattedyr, men også fuglar kan komme til å spreie meir virus mellom ulike dyreartar og føre til auka førekomst av virus og pandemiar hos menneske. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Høgare temperaturar vil også truleg føre til at mange av dei første kontaktane mellom framande dyreartar vil skje i folkesette område. Der vil menneske kunne vere sårbare for smitte.

– Frå desse befolkningsgruppene vil nokre av virusa lett kunne spreie seg globalt, heiter det i studien.

Sahel-regionen, det etiopiske høglandet, Riftdalen, India, austlege Kina, Indonesia, Filippinane og nokre europeiske befolkningssenter er truleg område som er spesielt utsette.

Trussel frå flaggermus

Forskarane understrekar at flaggermus er ein spesielt stor trussel for spreiing av virus. Studien vart fullført berre veker før koronapandemien braut ut, der flaggermus blir antekne å ha spelt ei viktig rolle i spreiinga.

Flaggermus er det einaste pattedyret som kan flyge. Dei er i stand til å flytte seg over langt større avstandar enn landsbundne pattedyr. Og dei kan spreie sjukdom på ferda si.

Illustrasjonsfoto: Jeremy Bezanger/Unsplash

Forskarane meiner at mange flaggermus allereie er på flyttefot. Faren for at desse dyra møter andre pattedyr er truleg størst i Søraust-Asia.

Sjølv om verda skulle klare å redusere klimagassutsleppa raskt – noko som framleis verkar langt unna – er det kanskje allereie for seint å hindre utviklinga med at pattedyr flyttar på seg.

Sjølv dei mildaste scenarioa for klimaendringar kan føre til meir sjukdomsoverføring mellom artar. Kanskje til og med meir enn for dei verste scenarioa. Langsamare oppvarming gir nemleg dyra betre tid til å flytte seg.

Kan ikkje forhindrast

Forskarane har altså konkludert med at desse første møta allereie skjer og vil auke raskare enn anteke fram mot 2040. Derfrå igjen vil den første kontakten mellom pattedyr også berre auke.

– Dette skjer no, og kontaktane er ikkje mogleg å forhindre – uansett kva for nokre globale temperaturstigningar vi får. Vi må derfor setje inn tiltak for å byggje opp helsetenestene slik at vi kan verne både dyre- og menneskepopulasjonane, seier Albery.

Forskarane påpeikar at sjølv om dei har berre har studert pattedyr, kan også andre dyr ha zoonosar – infeksjonssjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske. Dei meiner at ein derfor også bør forske på trusselen frå fuglar, amfibium og til og med sjøpattedyr. Smeltande sjøis fører til at også sjøpattedyr blandar seg meir med nye artar.

Forskarar understrekar at ikkje alle virus vil spreie seg til menneske eller bli pandemiar av omfang som koronaviruset, men talet på virus på tvers av artar aukar risikoen for spreiing til menneske.


– Vår rett til å beskytte naturen er større enn Nordic Mining sin rett til å øydelegge han, seier Aleksander Snarheim etter å ha vorte arerstert for sivil ulydnad. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0