Her blir Aleksander (19) arrestert – vil ta saka til retten

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det einaste eg klarte å tenke på var å fortsetje å rope slagorda våre og vere så slapp som mogeleg i kroppen, slik at eg vart vanskeleg å flytte på.

Aleksander Snarheim (19) fortel om då han tidlegare på dagen vart arrestert av politiet.

Han er ein av aksjonistane som demonstrerer mot gruveprosjektet ved Førdefjorden ved å lenkje seg fast i gravmaskinene på anleggsområdet.

Onsdag vart han den aller første til å verte boren vekk av politiet og arrestert, medan både han og andre ropar «gruveslam er Noregs skam».

Når Framtida.no pratar med Snarheim har han akkurat kome attende til Vevring, etter å ha vore fleire timar på politistasjonen i Førde. Dei spurde 19-åringen kor han budde, kor gamal han er, kva namnet hans er, tok bilete og registrerte fingeravtrykk.

– Og så spurde dei om eg ville godta bota på 10.000 kroner eller gå til rettssak. Eg valde rettssak.

Utsette heimturen for å verte arrestert

Aleksander Snarheim er tilsett som økonomiansvarleg i Natur og Ungdom og har vore i den vesle Sunnfjordsbygda sidan måndag førre veke.

Aksjonen ved Førdefjorden, er den første Aleksander Snarheim har vore med på. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Han og eit titals andre aksjonistar demonstrerer mot gruveprosjektet i Engebøfjellet, og at selskapet Nordic Mining har fått løyve til å deponere gruveslam i Førdefjorden.

– 250 millionar tonn rett ut i fjorden. Det er døden for fjordane, seier Snarheim oppgitt.

Han er ekstra oppgitt etter å ha vore over ei veke i Vevring, med utsikt over fjorden og dyrelivet som lever både i og i nærleiken av han.

Snarheim peikar på korleis ein no brukar pengar og ressursar på å reinse Oslofjorden og spør:

– Er det det vi skal gjere med Førdefjorden om 50–60 år, når vi angrar på det vi har gjort? Han vert aldri den same igjen. Det er ein av verdas reinaste fjordar, og det er viktig å ta vare på.  

Eigentleg skulle Aleksander Snarheim reise heim denne onsdagen. Planen var å ta første lenkjeskiftet på morgonen, og så rekke ein tidleg buss heim til Oslo.

– Men så fekk vi vete at politiet kom til å kome.

Då utsette Snarheim heimreisa.

– Vil ikkje vere rett å dømme oss

Onsdag morgon i 09.30-tida kom fleire politibilar køyrande til anleggsområdet, og politiet bad aksjonistane låse opp lenkjene og flytte seg frå gravemaskinene. Om dei nekta ville dei verte fjerna og pålagde bøter.

Snarheim fortel at det er opp til kvar enkelt aksjonist om dei vel å lytte til politiet eller ikkje. Sjølv vart han sitjande.

Han har hatt god tid til å tenkje over kva han ville gjere, før arrestasjonen var eit faktum, og var difor sikker i si sak då han ikkje ville akseptere bota.

– Eg meiner at dette ikkje er ei sak, at det er inga straffskuld. Eg er klar over at eg lenkja meg fast og ikkje flytte på meg då politiet bad meg om det, men eg meiner det ikkje vil vere rett av rettssystemet å dømme oss for å lenkje oss for fjorden, seier han.

– Vår rett til å beskytte naturen er større enn Nordic Mining sin rett til å øydelegge han.

Når Framtida.no pratar med 19-åringen har han enno ikkje fått oversikta over kor mange andre som tok same valet, men han veit han ikkje er åleine om det.

Snarheim fortel at Natur og Ungdom har ein pott med nokre tusen kroner som skal bidra til å betale bøter og rettsutgifter, men det er ikkje nok til å skulle dekke dagens rekning åleine:

– Berre i dag er det arrestert ni personar i to ulike rundar. Om ein tek imot bøtene er det 90.000 kroner, seier han.

Ein del må nok belage seg på å ta kostnaden sjølv.

– Eg er privilegert som har fulltidsjobb og kan betale for meg, men det hadde ikkje vore realiteten om dette var i fjor. Då hadde eg verken jobb eller fast inntekt, seier 19-åringen. 

Han peikar på at det er situasjonen for ein del av aksjonistane som framleis går på vidaregåande.

God dialog med politiet

Aksjonistane ved Førdefjorden har dagleg kontakt med politiet, og fekk difor beskjed om at dei kom til å dukke opp på anleggsområdet.

– No har det vore null anleggsarbeid i snart ei veke, og det er grenser for kor lenge ein kan hindre arbeidet, sa politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, til Bergens Tidende.

Snarheim rosar politiet for måten dei har samhandla med aksjonistane. 19-åringen seier dei har vore hyggelege og informert tydeleg slik at ingen treng verte uroa og stressa for at noko uventa skal skje.

– Når vi var på politistasjonen i dag, så var det ingen som var sure på oss. Dei spurde om vi ville ha kaffi, og ville at vi skulle ha det bra.

– Kva tenkjer mora di om at du vart arrestert og valde rettssak?

– Eg trur mamma er litt stressa, men ho har fått oppdateringar heile tida og veit at eg er ute av glattcella.

19-åringen fortel at mora støttar både han og saka, men han er usikker på kva ho meiner om at han ikkje godtok bota og heller tek saka i retten med dei kostnadane det inneber.

– At akkurat eg skulle gjere det vert ho nok stressa av.


Tyri Tvinnereim, Sigrid Hodddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0