Spire gir Noreg «gullmedalje i dobbeltmoral» på klimafeltet

Spire meiner det er stor kontrast mellom Norges internasjonale ambisjonar og nasjonal klimainnsats. Det er feil å kalle Noreg dobbeltmoralsk, svarar klima- og miljøministeren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Noreg har eit historisk ansvar for klimakrisa. Det følast absurd å høyre regjeringa snakke om behovet for sterke klimaambisjonar samstundes som dei sjølv nektar å fase ut olja eller innføre dei utsleppskutta som trengst, seier Adam Reiremo Granberg i ei uttale til Framtida.no.

Granberg følger FNs klimatoppmøte i Aserbajdsjan for Spire. Samstundes inviterer ungdomsorganisasjonen til ei markering av «VM i dobbeltmoral» på Eidsvolls plass framføre Stortinget fredag ettermiddag.

I ei pressemelding skriv Spire at dei vil gje regjeringa gullmedalje i dobbeltmoral.

Adam Reiremo Granberg i Spire er på plass i Aserbajdsjan. | Foto: Spire

– Ikkje i nærleiken av å nå eigne klimamål

– No må vi få fart på arbeidet med å gjennomføre måla vi er blitt einige om, og styrke verdas klimaambisjonar, sa klima- og miljøminister Tore O. Sandvik i ei pressemelding før klimatoppmøtet.

Spire reagerer på at Noregs klimaminister skal leie forhandlingane om utsleppskutt på COP29, samstundes som Noreg er langt unna å nå eigne klimamål og ikkje har lova nye midlar til klimafinansiering i statsbudsjettet.

Cari Anna Korshavn King deltek på klimatoppmøtet i Baku for Spire. | Foto: Spire

– Noreg er ikkje i nærleiken av å nå eigne klimamål. Medan regjeringa lovar sterke resultat på klimatoppmøtet, baserer dei eigne utsleppskutt på usikker teknologi og kjøp av klimakvotar i utlandet. Vi treng reell, ambisiøs klimahandling på heimebane, ikkje falske, usolidariske løysingar, uttalar Cari Anna Korshavn King i Spire, som òg er i Baku.

Spire peiker på at Noregs plan er å halvere norske utslepp samanlikna med 1990 innan 2030, men at nye estimat frå regjeringa syner at Noreg berre ligg an til å kutte 26,3 prosent innan den tid.

Spire krev at klimaministeren bidreg med sin rettferdige andel klimafinansiering. Norsk sivilsamfunn meiner det årlege behovet for klimafinansiering er 1000
milliardar dollar.

Ueinig i kritikken

I ein e-post via kommunikasjonsavdelinga, svarar klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) til Framtida.no at han synest det er feil å skulde Noreg for dobbeltmoral.

– For det første skal Noreg nå våre klimamål og er i rute for å klare det. Det er ein stor jobb som regjeringa tek på største alvor. Vi er stolte av at Noreg har blitt bede om å leie forhandlingane om utsleppskutt. For det andre bidrar Noreg med betydeleg klimafinansiering, mellom anna gjennom Klimainvesteringsfondet, ei garantiordning for fornybarinvesteringar og ikkje minst det internasjonale skoginitiativet. I Baku skal landa forhandle om felles mål for vidare opptrapping av klimafinansiering, uttalar han i e-posten.

Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik under naturtoppmøtet COP 16 i Cali i Colombia i oktober. | Foto: Jo Randen, KLD, Flickr

– Forstår de kvar kritikken kjem frå?

– Det er ingen land i verda som gjer nok. Men eg synest ikkje det er dobbeltmoralsk å jobbe saman med andre land samstundes som vi jobbar heime for å styrke vår eigen klimapolitikk.

Sandvik understrekar at Noreg som eit rikt land har eit særskild ansvar for å ha høge ambisjonar i klimapolitikken, og seier dei jobbar med nye klimamål som skal gjelde fram til 2035.

– Vi vonar at organisasjonar som Spire vil vere aktive i høyringa, dei har mange gode innspel. Utolmod er bra, og utfordringane med å redusere utslepp er store. Men eg meiner det òg er viktig å vere tydeleg på at mykje også skjer. Før Parisavtalen blei vedtatt, styrte verda mot ei global oppvarming på nær 4 grader. No ligg vi an til rundt 2,6 grader. Det viser at Parisavtalen verkar, men vi må alle gjere meir om vi skal nå 1,5 gradersmålet. 

Sandvik forklarar at Noreg nyttar avgift, reguleringar og støtte for å kutte i norske utslepp og omstille norsk økonomi. Han peiker på klimagassutsleppa i Noreg i fjor var dei lågaste sidan 1990.

Les heile svaret frå klimaminister Tore O. Sandvik om kva Noreg gjer for å innfri sine klimamål:

– Kva gjer Noreg for å innfri sine klimamål?

– Vi nyttar avgift, reguleringar og støtte for å kutte systematisk i norske utslepp og omstille norsk økonomi. No ser vi at tiltaka har effekt. Klimagassutsleppa i Noreg var i fjor dei lågaste sidan 1990, og regjeringa fortset å forsterke klimapolitikken på ei rekke område. Til dømes fortset vi opptrappinga av CO₂-avgifta mot 2000 kroner i 2030, vi aukar tempoet i å fase inn nullutsleppslastebilar, vi skal få ned matsvinnet, vi har auka bevillingane til Enova to og ein halv gong sidan 2021, og vi har fått på plass strengare innkjøpskrav og krav til selskap i statleg eige. Vi innfører klima- og energikrav i CO₂-kompensasjonsordninga, og vi trappar opp klimapolitikken kvart år gjennom statsbudsjetta. Vi skal nå forpliktingane våre i Parisavtalen.