Johanna (19) brukar russetida si lenka fast til ei gravmaskin: – Burde vore russeknute

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er første gong for meg, og no har eg fått prøve ut korleis det kjennest på kroppen. Det var sterkt å sitje der og sjå ut på fjorden, og ikkje vite noko om politiet kanskje kom.

Måndag morgon aksjonerte Johanna Haukanes Leivestad (19) med sivil ulydnad for aller første gong.

Med kjetting rundt livet låste ho seg fast til beltet på ei av gravmaskinene på det avstengde anleggsområdet på Engebø i Vevring ved Førdefjorden. 

– Det er litt spenning i det, å kunne ende opp på glattcelle, fortel Leivestad på telefon til Framtida.no seinare på dagen, då det vart klart at det ikkje vart noko anleggsarbeid denne måndagen og heller ingen visitt frå politiet.

– Men eg kjenner for meg sjølv at det er rett. Eg er villig til å bryte lova for å hindre dei alvorlege konsekvensane gruvedumpinga kan ha for fjorden.

– Burde vore russeknute

Medan andre jamaldrande tek russeknutar, rullar og festar, så brukar Johanna Haukanes Leivestad og tre andre raudruss russetida si på å demonstrere mot den planlagde dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden.

– Det å lenke seg fast i ei gravemaskin burde vore russeknute, seier Leivestad og ler.

Johanna Haukanes Leivestad.
Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0

I juni 2020 fekk Nordic Mining driftskonsesjon til eit gruveprosjekt på Engebøfjellet. Tidlegare har selskapet fått løyve til å deponere 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden, noko som har fått miljøorganisasjonar til å reagere.

Natur og Ungdom er ein av 13 organisasjonar som kort tid etter klaga på tildelinga av driftskonsesjon. Direktoratet for mineralforvaltning avviste klaga i løpet av tre månadar, og sende ho vidare Nærings- og fiskeridepartementet. Der ventar ho framleis på handsaming.

No har Nordic Mining byrja å gjere området klart for den planlagde gruveverksemda. Den siste veka har difor aksjonistar frå Natur og Ungdom vore i Vevring.

Står ikkje åleine

Sigrid Hoddevik Losnegård (19) kom til den vesle sunnfjordsbygda førre fredag, og fortel at gruvesaka har oppteke ho lenge.

– Det er jo ei lokal sak for oss, seier ho på telefon til Framtida.no. 

Losnegård er frå Askvoll, men bur på Sandane og er no raudruss hjå Firda vidaregåande skule. Der har ho engasjert seg i lokallaget Gloppen Natur og Ungdom og i fylkeslaget i Vestland. 

– Eg får mange fleire flotte minne av å vere her ute saman med vennar, enn å drikke meg dritings kvar kveld, seier Sigrid Hoddevik Losnegård (19).
Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0

Ho fortel at dei har demonstrert ved Førdefjorden før, hatt ulike aksjonar og sendt både brev og teikningar til styresmaktene – utan særleg hell. Det er difor oppmuntrande å sjå andre miljøengasjerte kome til Førdefjorden:

– Vi står i alle fall ikkje åleine om det, seier Losnegård.

Naturvernforbundet, som er saman med Natur og Ungdom om konsesjonsklaga, har òg gjeve si fulle støtte til aksjonen i Vevring.

– Dette forureinande og utdaterte gruveprosjektet må verte stansa, seier leiar Truls Gulowsen i pressemeldinga.

Miljøorganisasjonen reagerer på at Nordic Mining har starta arbeidet før klaga er behandla i departementet, og ber næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) om å trekke driftskonsesjonen attende.

Arresterte aksjonistar

Nordic Mining er på si side ikkje uroa for at driftskonsesjonen skal verte trekt attende av statsråden.

– Basert på den godkjende driftskonsesjonen, utan oppsetjande verknad og ein solid og gjennomarbeidd søknad som inneheld ein lang høyringsprosess, reknar vi risikoen for at driftskonsesjonen ikkje skal verte opprettheldt som svært låg. 

Det skriv Kenneth Nakken Angedal, driftssjef i selskapet, på e-post til Framtida.no. Han påpeikar at Nordic Mining difor har sett i gang med den førebuande rydde- og byggjeaktiviteten på Engebø, noko dei òg har fått byggjeløyve til.

– Kva synest de i Nordic Mining om at unge brukar russetida si på å demonstrere mot gruveprosjektet i Engebøfjellet? 

– Engebøprosjektet er ønska velkome av lokale myndigheiter og samfunn. Vi har saman med våre lokale partnarar starta førebuande rydde- og byggjeaktivitetar. Desse arbeida er ikkje inngrep i urørt natur, svarar Nakken Angedal og held fram:

–  Aksjonistar frå Natur og Ungdom har brote seg inn på vårt lukka anleggsområde og hindrar oss frå å arbeide. Som følgje av aksjonistane si åtferd har vi vorte tvinga til å be politiet om hjelp. 

Onsdag kom politiet til anleggsområdet i Vevring, og bad aksjonistane som hadde lenkja seg fast til gravmaskinene om å fjerne seg.

Då aksjonistane nekta, vart dei borne vekk av politiet:

Til Framtida.no seier Nakken Angedal at Nordic Mining er opptekne av sikkerheit, også sikkerheita til aksjonistane, og at dei opplever kommunikasjonen mellom partane som høfleg.

– Fokuset har heile tida frå vår side vore å halde ein god kommunikasjon for å oppretthalde sikkerheitsaspektet, sjølv om aksjonistane går ulovleg inn på anleggsområdet.

– Kjempeflautt

Då Framtida.no snakkar med ho måndag, har Losnegård endå ikkje drive sivil ulydnad, men 19-åringen håpar høvet byr seg før ho lyt reise tilbake til Sandane og skulekvardagen.

– Det er berre så mykje politisk fråvær eg kan unne meg, forklarar ho.  

Det er nokre titals aksjonistar i Vevring no, men Losnegård fortel at det er noko ho vil prioritere om dei treng fleire folk seinare – anten ho har brukt opp fråværet sitt eller ikkje.

– Er vi villige til å gå glipp av ei vurdering eller til å ta att skulearbeid? Dette er einaste sjansen vi har til å gjere alt vi kan.

På eitt av husa i Vevring står det skrive i store, kvite bokstavar: «Vestre, redd Førdefjorden».

Sigrid Hoddevik Losnegård fortel at ho i januar møtte næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i Førde, og då fekk fem minutt til å legge fram kvifor ho meiner klaga bør verte godkjend og driftsløyvet trekt. 

– Om han har tenkt å avvise klaga vår, så er det kjempeflautt for han at her no sit mange russ som eigentleg skulle vore på skulen for å fortelje han at dette er ein dårleg idé.

– Vi håpar at vi klarar å presse han nok til å ta den rette avgjersla.

Framtida.no har ikkje lukkast å få svar frå næringsminister Jan Christian Vestre.