Ekstrem hetebølgje i India og Pakistan

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lesa om at Russland skal ha trent delfinar til å gjera militære oppgåver.

Ein mann med namn Nazeer Ahmed, har dei siste vekene budd på ein av dei varmaste stadene på jorda. Medan ei brutal hetebølgje herjar med India og Pakistan, har heimen hans i Turbat, Pakistan, fleire gonger nesten nådd 50 grader celsius.

Desse temperaturane er unormale for denne tida av året, og Ahmed fortel til The Guardian at det ikkje kjennest ut som om me er i april – men heller midt på sommaren.

No står lokalbefolkninga overfor kritisk mangel på vatn og straum.

– Me lever i eit helvete, seier han til The Guardian.

Klimaendringar i praksis

Hetebølgja i India og Pakistan er eit resultat av klimaendringane.

For menneska som bur der, blir dei gjort tydelege ved at sommartemperaturane kjem opp mot to månader tidlegare. Og dessverre er monsunane, som er ein type vind som fører til ei fleire månaders lang regntid, enno lenger vekke enn normalt.

Lite nedbør og høge temperaturar er svært øydeleggjande for avlingane til bøndene. Varer som kveite, frukter og grønsaker kan bli øydelagde.

Ein mann og ein gut går over ein nesten uttørka del av elva «Yamuna» etter hetebølgja i New Delhi i India, måndag 2. mai 2022. Foto: AP Photo/Manish Swarup

– Me veit ikkje kva me skal gjera

Det har bonde Haji Ghulam Sarwar Shahwani merka.

Han er eple- og ferskenbonde, og måtte med skrekk sjå at epletrea hans blomstra meir enn ein månad før enn normalt. Han måtte deretter sjå at blomane døydde i den uvanlege heten, og nesten øydelagde heile avlinga hans.

– Dette er første gong vêret har herja så mykje med avlingane i dette området, men me veit ikkje kva me skal gjera, og det er inga statleg hjelp. Bønder har tapt milliardar på grunn av dette vêret. Me lir og me har ikkje råd til det, seier Shahwani til The Guardian.


Medan snøfallet var flott på plassar som langs Broad Street i Nevada City, California, var det farleg for mange andre som var utan straum eller som sat vêrfast i snøen. Foto: Elias Funez/The Union via AP