Akademikerne slår alarm om få mannlege søkjarar til helseutdanningar
Blant årets søkjarar til studium i psykologi, medisin, veterinær og tannlege utgjer menn under 30 prosent. Det bekymrar Akademikerne, som krev kraftige tiltak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år utgjer kvinnene 59,8 prosent av søkjarane, og i nokre fag er det enormt sprik blant kjønna. Kvinner utgjer 92,2 prosent av søkjarane til veterinærutdanninga, og i overkant av 85 prosent til tannlegestudiet.
Blant søkjarane til medisinstudiet er berre 27 prosent menn. Akademikerne er bekymra over utviklinga og krev tiltak.
– Denne skeivfordelinga går ut over mangfaldet og tenestene. Akademikerne meiner det er heilt nødvendig med kraftfulle tiltak for å sikre god kjønnsrepresentasjon, seier Akademikernes konstituerte leiar Lise Lyngsnes Randeberg i ei pressemelding.
- Sjå heile lista: Dette er årets mest populære studium
Her kan du lese om spanande yrkeskvardagar! Les mellom anna om Rolf-Arne som er veterinær eller Signe (31) som er tannlege.