«Vi vert fråtekne det beste som har skjedd transpersonar sitt helsetilbod»
– Over 100 menneske kan som konsekvens stå utan deira noverande behandling og tvingast til å detransisjonere, seier Christine Marie Jentoft, rådgjevar i FRI.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I går fekk vi vite at Helsestasjonen for Kjønn og Seksualitet (HKS) i Oslo har blitt beordra av Statsforvaltaren til å stoppe all kjønnsstadfestande hormonbehandling til transpersonar umiddelbart.
HKS har Norges mest tverrfaglege kompetente team på transhelse og over 100 menneske kan som konsekvens stå utan deira noverande behandling og tvingast til å detransisjonere, med mindre dette vert stoppa, dei finn andre behandlarar, sjølvmedisinerer eller handlar på svartebørsen.
Ingen nye får byrje med livreddande behandling.
Det vert naturlegvis jobba hardt med å finne løysingar på dette, men akkurat no ser det mørkt ut.
Den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens (NBTS) nektar å følgje dei nasjonale, faglege retningslinjene som er vedtekne og i tråd med Verdas Helseorganisasjon og WPATH sine føringar, ifølgje NRK.
Til NRK seier Helsedirektoratet at dei nektar å handheve retningslinja eller gje nokon konsekvensar eller føringar dersom retningslinja vert broten.
NBTS har ingen reell fagleg kompetanse og utdanning på dette feltet.
- Les også meiningsinnlegget frå Karoline Skarstein: «Det bør ikkje krevje mot å eksistere»
Desentraliseringa av den nasjonale behandlingstenesta er berre samtaleterapi og protesar, men inga hormonell behandling, slik den er skildra å skulle kunne gjere i retningslinja.
Desentraliseringa så langt er ein vits. Det er framleis eit monopol som vert handheva.
Vi får berre beskjed om «på sikt», eller «nokre er jo nøgd med NBTS også», men folk, mange folk, dei lid no.
Og så vert det fatta vedtak utan fagleg hald og vi vert fråtekne det beste som har skjedd transpersonar sitt helsetilbod (berre for dei i Oslo) noko sinne.
Transpersonar fortener betre.
Dette er greitt å hugse på når statsministeren står og unnskyldar til skeive for statens feilgrep, samstundes som staten begår nye feilgrep. Medan det vert avduka regnbogeplassar og vi klappar oss sjølve på ryggen for å ikkje vere slemme mot skeive lenger …
Lykke til, kven enn som er statsminister i 2072. God markering.
Kva betyr orda?
Kjønnsstadfestande hormonbehandling: Behandling med hormon for at ein person skal kunne fungere i samsvar med kjønnsidentiteten sin. For unge under 16 år kan dette vere pubertetsutsetjing som ein kan ta nokre år før ein bestemmer seg for å slutte eller halde fram med hormonbehandling. For dei over 16 år kan det vere østrogen eller testosteron.
Transperson: Ein person som ikkje identifiserer seg med det kjønnet hen vart tildelt ved fødsel.
Transisjonere: Når ein transperson går igjennom prosessen med å leve som kjønnet dei identifiserer seg som. Detransisjonere blir det motsette.
Kjønnsinkongruens: Ein medisinsk diagnose som skildrar ein situasjon der ein person ikkje opplever eigen kjønnsidentitet som det same kjønnet ein vart registrert som ved fødsel, eller det som i medisinen blir kalla personen sitt biologiske kjønn.
NBTS: Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTS/NBTK) ved Rikshospitalet. Er i dag det einaste behandlingstilbodet som har pasientar som opplever kjønnsdysfori som hovudansvarsområde.
HKS: Helsestasjon for kjønn og seksualitet. Eit gratistilbod for alle mellom under 30 år i Oslo som vil snakke om tema knytt til LHBTIQ+. Dei har spesialkompetanse på trans*, kjønnsidentitet og seksualitet.
- Les også: Tvangssterilisering og mangel på tredje juridisk kjønn: «Dette er det Jonas ikkje orsakar for»