Klesbransjen kan vente seg strengare miljøkrav

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 23.04.2022 18:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre sikra seg torsdag støtte frå alle opposisjonspartia i energi- og miljøkomiteen, inkludert SV, til fleire forslag:

Regjeringa må greie ut ei ordning der produsentar og importørar betaler for eit retursystem for avfallet. Ho må òg sjå på om det må strengare reglar til for å sikre at klesbransjen gjenbruker klede som ikkje blir selde.

– Tekstil- og klesindustrien er ein av industriane som forureinar mest. Vi må ta eit oppgjer med bruk- og kast-samfunnet, og då treng vi tydelege krav til dei som produserer og importerer klede til Noreg, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Somling?

Ho meiner det er viktig å gjere det meir økonomisk lønnsamt å produsere klede som er meir berekraftige, haldbare og let seg reparere.

Høgre-politikaren meiner dei har møtt ei lukka dør hos regjeringa når dei har foreslått å påleggje klesbransjen å ta ansvar for avfallet.

– Vi har ikkje tid til at regjeringa sleper beina etter seg. Heldigvis tek fleirtalet på Stortinget grep, seier Tybring-Gjedde.

– Er allereie i gang

Sps Siv Mossleth, som er saksordførar for forslaga på Stortinget, avviser at regjeringspartia er overkøyrde. Ho meiner Høgre og dei andre opposisjonspartia berre slår inn opne dører.

– Grunnen til at vi ikkje støttar desse forslaga er at dette jo er prosessar som alt er i gang og som regjeringa jobbar med, seier ho til NTB.

Ho viser mellom anna til at EU nyleg har lagt fram ein tekstilstrategi. Denne skal få følgje av nytt regelverk, som også skal implementerast i Noreg.

Vil lytte til næringslivet

Regjeringspartia Ap og Sp åtvarar mot byråkratiske ordningar og vil heller få til eit samarbeid med næringa om å lage betre miljøordningar, går det fram av merknadene til saka.

– Ein av dei store styrkane i Noreg er å ha ein veldig kompetent arbeidsstokk og eit trepartssamarbeid som finn løysingar saman. Eg synest det er viktig at vi lyttar til både NHO og LO i denne saka, seier Mossleth.

Ho vil ikkje seie klart om ho ønskjer å påleggje bransjen å ta ansvar for returordningar, men seier i staden dei vil lytte til innspel.

Bransjen seier dei vil ta tak

Virke representerer ei rekkje store kleskjeder og støttar tiltaka stortingsfleirtalet no stiller seg bak.

– Virke har lenge etterlyst ein meir offensiv politikk for å adressere bruk og kast, og dette forslaget svarer på noko av det næringa har teke opp. Dette løyser berre ein liten del av problemet, men er samtidig eit steg i rett retning, seier leiar for berekraft, Tord Dale.

Han viser samtidig til at regjeringa har invitert til dialog med næringa for å følgje opp EUs tekstilstrategi og håpar det vil føre til at også Noreg kan utvikle teknologi og løysingar som vil gi arbeidsplassar og skape verdiar.

– Kva skal eg med dei pengane om eg ikkje har ein klode å leve på?