Raud Ungdom: «Klimadebatten har lenge hatt eit heilt feil fokus»

Markus Jortveit
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klimahandling har altfor lenge handla om å skjemme og straffe forbrukarane, og særleg arbeidarklassa. Som eit resultat, har den langt viktigare klimadebatten forsvunne: Debatten om årsaka til klimakrisa.

Produksjonsauke og import

Dei fleste er nok kjende med dei enorme klimautsleppa kopla til produksjonen av kjøt, og vidare skamma kopla til konsumet av det. Norsk import av miljøskadeleg kraftfôr som soya, har eksplodert dei siste åra. Soyaen blir hovudsakeleg produsert i Sør-Amerika, og er saman med storfedrift ei av dei leiande årsakene til avskoging i desse landa. Noreg bidrar slik indirekte til ei rovdrift som til saman står for 10–15 prosent av verda klimautslepp.

Samstundes blir bøndene både i Noreg og utanfor betalt i småpengar for maten dei produserer, men likevel blir det forventa at dei aukar produksjonen sin nærmast for kvart år som går. Men når blei denne uendelege produksjonsauken og importerte bønner frå Sør-Amerika nødvendig for å dra nytte av dyr i Noreg? Nemleg då liberaliseringa av kjøtmarknaden gjorde storproduksjon ei nødvendigheit for bonden sitt livsgrunnlag. 

Grønvasking av kledindustrien

I likskap med kjøtet, veit mange om dei forferdelege konsekvensane av klesindustrien. Fleire klesbedrifter har difor sett i gang store marknadsføringskampanjar for å grønvaske imaget sitt. Men dette er altså dei same verksemdene som produserer kleda sine i livsfarlege sweatshops, brukar enorme pengesummar på marknadsføringskampanjar for å maksimere folks klesforbruk, og som ikkje har kapasitet til å ta imot og resirkulere kleda dei har seld.

Resultatet blir at tonnevis av klede blir dumpa i ørkenen eller brende på store søppelfyllingar. Og berre i Noreg blir rundt 700 tonn med ubrukte klede dumpa årleg før dei blir selde. Profittjaget gjennomsyrer klesindustrien og det er menneske og natur som får møte konsekvensane.

Forbrukarane får kjeften

Likevel er det forbrukarane som får kjeften og som må ta ansvar, som med bileigarane i distrikta og lågtløna i byane som blir økonomisk straffa for å ikkje ha råd til el-bil. Samstundes går store delar av pengane staten set til side for nye el-bilar til luksusbilar for dei aller rikaste i staden for å subsidiere meir av dei rimelegare bilane. I tillegg er dei mest energieffektive transportmidla, som tog og buss, grovt underfinansierte.

Heltane i dagens klimapolitikk sitt narrativ er individa som jobbar saman for lokale klimatiltak. Strandryddarar, treplantingsinitiativ og ungdomsbedrifter som tar i bruk resirkulerte materiale. Alle desse tiltaka er positive, men dei fiksar ikkje årsaka til problema. I likskap med å setje ei bøtte under eit lekande tak, held problemet fram; og det kan berre bli større.

I likskap med å setje ei bøtte under eit lekande tak, held problemet fram; og det kan berre bli større.

Det er berre under den noverande straumkrisa at den gløymde debatten ser ut til å ha blitt tatt på alvor. Sjølv om vi har fått høyre at forbrukarane må bli flinkare på å spare straum og at dei høge rekningane ligg på deira eige samvit, har også lyset blitt retta mot straumkrisa sine eigentlege synder: Liberaliseringa av straummarknaden. 

Straumkrisa, i likskap med klimakrisa, har oppstått som resultat av den økonomiske røynda vår. Klimakrisa kan ikkje løysast så lenge privat profittjag blir prioritert over menneske og miljø.

Berre 100 selskap står for 71 prosent av verdas utslepp (med Equinor på 37. plass i 2017) og dei har alle som førsteprioritet å tene mest mogleg for eigarane sine. Krisene og systemet dei oppstår i må bli forstått som samanhengande. For klimakamp er – og kan berre vere – kamp mot profittjag og kapitalisme.


Ei ny lov om openheit for motebransjen kan bli innført i New York. Illustrasjonsfoto: Rémi Thorel / Unsplash