Espen Barth Eide forsvarer dyre klimatiltak – Frp kallar det symbolpolitikk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den nye rapporten sin skriv FNs klimapanel (IPCC) at det er mogleg å halvere dei globale utsleppa av klimagassar frå 2019 til 2030 med tiltak som kostar under 100 dollar per tonn CO2.

Det svarer til 867 kroner med dagens vekslingskurs.

Men viss Noreg skal nå målet om å kutte norske utslepp med 55 prosent frå 1990-nivå innan 2030, må det etter alt å dømme blir gjennomført tiltak som er langt dyrare enn dette.

Det kan likevel forsvarast, meiner klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

– Vi har ei forplikting til å kutte utsleppa våre. Alle land må levere på det, seier Eide til NTB.

Ifølgje han har Noreg allereie plukka dei lågthengande fruktene.

– Då må vi gå vidare til neste nivå for å få ned utsleppa i Noreg og utvikle teknologi for det, seier han.

Unødvendig pengesluk

Terje Halleland (Frp). Foto: Stortinget

Frps energipolitiske talsperson Terje Halleland vil ikkje bruke meir pengar på klimatiltak enn det han meiner er nødvendig.

– Regjeringa bør konsentrere seg om å oppfylle dei internasjonale kuttmåla på ein billigast og mest mogleg effektiv måte framfor og stadig oppjustere dei norske måla for deretter å fylle dei med «symbolpolitikk», seier Halleland.

Han peikar på kvotekjøp som eit døme på eit billig og effektivt tiltak.

– Noreg treng verken å leggje ned olje- og gassnæringa, tredoble CO2-avgifta eller å forsterke klimamåla ytterlegare for å nå dei internasjonale klimaforpliktingane, seier han.

Vil vinne konkurransen

Statsråden har på si side òg eit næringspolitisk argument for å gjennomføre dyrare tiltak i Noreg enn det som trengst globalt.

– Vi må gjere noko i tillegg, for vi vil ikkje berre at nokon skal finne opp desse løysingane, vi vil jo gjerne at ein del av dei blir funnen opp i Noreg. Då treng vi ein aktiv verkemiddelbruk som gjer at vi er godt plasserte i konkurransen om desse framtidsløysingane, seier Eide til NTB.

Ifølgje han er det eit sjølvstendig poeng å kunne konkurrere med land som Tyskland, Nederland og Sverige om dei beste løysingane for klimaet.

– På den måten held vi oppe arbeidsplassar og verdiskaping på sikt i Noreg. Vi tek ein aktiv posisjon i denne omstillinga, vi overlèt ho ikkje berre til marknaden, forklarer Eide.

– Dessutan seier rapporten at vi må få ned utsleppa raskt. Vi må byrje å snu kurva allereie ved midten av tiåret. Då må ein òg bruke kjend teknologi og kutte der ein kan, seier han.

Klimakrangel

I førre veke inviterte Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad til ei revurdering av klimamålet.

– Med dette bakteppet er det endå meir ubegripeleg at Støre-regjeringa kranglar internt om Noreg skal utsetje klimamåla våre eller ei, seier Høgre-nestleiar Tina Bru.

Også leier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner regjeringa kastar bort dyrebar tid på krangling om klimamål. Dei krev nye tiltak før påske.

Espen Barth Eide meiner likevel at denne debatten er parkert.

– Eg meiner han vart avklart førre veke, av statsministeren, seier han og viser til forsikringane frå statsminister Jonas Gahr Støre om at klimamålet ligg fast.

– Eg vil heller bruke tida på å gjennomføre klimapolitikken og samarbeide med næringsliv, arbeidstakarar og investorar og bruke verktøykassa til staten for å få fart på denne omstillinga, som vi uansett må gjennom.

Eide meiner dette poenget berre blir forsterka av rapporten IPCC no har lagt fram.

– Den viser at det hastar, seier han.

– Det er ikkje tid å miste, og vi må i alle fall ikkje svekkje eller utsetje klimamåla. Vi må gjennomføre dei, og alternativa er anten å halde oppe eller styrkje måla.


Synleg reparasjon av klede har vorte meir populært, både blant hipsterar og store motehus. Foto: Eva Kittelsen