Skrivekonkurranse

«Eg er så stolt av oss som klarte å halde fokus når det verkeleg gjaldt»

Selma Strøm-Aas får heiderleg omtale av juryen i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Foreningen !Les. I teksten hennar svarer ho på oppgåva «Skriv om eit kulturuttrykk som har forma deg».

Selma Strøm-Aas (14)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Handball. Handball har vore min fristad. Kvar dag når eg kjem heim frå skulen så gleder eg meg til å dra på trening. Det gir meg så mykje glede og eg koplar heilt ut, tankane og alt stress forsvinn. Det er så fantastisk, å vere eit lag. Vi gjer alt saman og det er noko så fint med det. Vi trener, dusjar, ler, er lei oss, blir betre, vinn saman og taper saman. Vi gjer alt i lag. Dette byggjer gode band som gjer oss samansveiste. Vi jobbar så hardt for å bli så gode som overhovudet mogleg. Kvar dag ser vi fram til neste kamp og at vi skal vinne den.

No vil eg fortelje om ein augneblink som har vore med på å forme meg som spelar og som fortel mykje om korleis handball kan kjennast.

Vi var på cup heile laget, det var semifinale, to av laga våre hadde blitt slått ut og no var det éi moglegheit igjen. Vi måtte vinne, tribunen var fullsett, alle såg på oss. Trommene var klare og vi gjorde oss klare for ein tøff kamp. Har du nokon gong vore så stressa at du ikkje har trudd at du kjem til å klare det? Det var det alle følte på, men vi måtte klare det.

Dommaren blåste i gang kampen og vi starta. Eitt mål til oss, og så eitt til motstandarane. Sånn fortsette det fram til siste sekund. Det vart uavgjort. Ein må ha ein vinnar i ein slik kamp, så første som scorar vinn. Så enkelt, men så vanskeleg. Motstandaren starta med ballen, først ein på, frikast. Deretter prøvde ein annan spelar å gå på mål, men det blei frikast igjen. Forsvaret sto støtt som eit fjell. Eg fall og trudde eg hadde øydelagt for heile laget.

Eg måtte komme meg opp før dei prøvde seg på mål igjen. Eg kom meg opp på beina og vi klarte å ta ballen. Vi løpte opp i angrep og det vart heilt stille. Det einaste eg høyrde var mitt eige hjarte som dunka, og pusten min som gjekk. Vi spelte ballen mellom oss før vi sette i gang, streken set sperre, midten trekker på og til slutt hoppar backen opp og skyt. Det føltest ut som heile verda stoppa opp, alt gjekk i sakte film. Eg stod på streken og følgde nøye med. Ballen flaug gjennom lufta og enda til slutt perfekt oppe i høgre hjørnet på mål. Og då ballen hadde treft mål, starta verda igjen og alle brast ut i jubel. Alle løpte ut på banen, hoppande glade, gira og ikkje minst stolte. Det brusa i kroppen som ein solo som har vore rista og så opna. Heile tribunen vakna opp og eg kasta meg rundt lagvenninnene mine, alle gret og vi kasta oss på bakken i glede.

Å klare å vinne ein slik kamp, med så mykje press om å vinne, gjer noko med deg som får deg til å føle på stoltheit og ein tilhøyrsel som er vanskeleg å attskape. Når ballen flyr inn i mål og du berre kan sleppe opp alt og leve i augneblinken. Slike augneblinkar er med på å byggje sjølvtillit og motivasjon, noko som gjer det å tape ein annan gong mykje lettare. Eg er så glad for at vi gjorde dette som eit lag, at vi sto i det saman. I garderoben etterpå er det framleis ingen som skjønner nokon ting, ein klarer ikkje forstå at det har skjedd. Korleis klarte me det?

I etterkant når eg tenkjer på det får eg framleis frysningar. Eg er så stolt av oss som klarte å halde fokus når det verkeleg gjaldt. Det gir meg motivasjon framleis og eg får berre lyst til å gjere det igjen, og igjen og igjen. Det er kort fortalt kor mykje handball betyr for meg, og ein spesiell augneblink som betyr mykje for meg blant mange andre opplevingar og augneblinkar.