Utdanning

«Skulen blir ikkje betre om vi fjernar alle krav»

AUF er naive om dei trur at ein klemme-og-kose-skule vil løyse nokre av problema den norske skulen står ovanfor, skriv Kine Ellingsen i Vestland Unge Høgre og Freddy Af Geijerstam i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Kine Ellingsen / Freddy Af Geijerstam (20 / 19)
Leiar Vestland Unge Høgre / Leiar Sogn og Fjordane Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Umbrige kan gjerne få plass i norsk skule dersom det gjer undervisninga betre og elevane flinkare.

Sandra Tenud frå Arbeidarpartiet bommar totalt når ho prøver å kritisere høgresida sine løysingar i Framtida denne veka. Skulen blir ikkje betre om vi fjernar alle krav. Tvert imot treng skulen meir disiplin og tydelege forventningar.

AUF er naive om dei trur at ein klemme-og-kose-skule vil løyse nokre av problema den norske skulen står ovanfor. Alle har sete i eit klasserom der læraren manglar kontroll, og der bråkete elevar forstyrrar undervisninga for alle andre. Når læraren ikkje har autoritet til å oppretthalde ro og struktur, blir læring vanskeleg. Så enkelt er det. Vi treng ein skule med meir disiplin og meir læring.

Skulen skal vere ein stad som gjer elevane rusta til å takle livet som kjem etterpå. Vi gjer elevane ein bjørneteneste om vi fjernar både prøver og eksamen slik som Arbeidarpartiet vil. Ja, eksamen kan vere kjipt og stressande – men alt i livet er ikkje gøy. Det er betre å førebu elevane på framtida i staden for å sy puter under armane på dei.

Det største problemet med dagens skule er at den ikkje tek omsyn til at elevar er ulike og har ulike behov. Nokre er skikkeleg flinke i matte medan andre er betre i engelsk. Samstundes som eg så vidt klarte å forstå ganging på ungdomsskulen, sat veninna mi og arbeidde med algebra. Å gi oss to den samen undervisninga var håplaust. Difor er eg glad for at ein på vidaregåande kan velje nivå i matte. Slik burde det også vere i dei andre faga. Når ein får undervisning på eit passande nivå sørgjer ein for at alle elevar kan oppleve meistring og læring. Det bør alltid vere målet.

AUF må gjerne kritisere høgresida, men dei gløymer visst at det er dei som styrer landet og skulepolitikken. Etter fire år med makt har venstresida verken gjort skulen meir praktisk eller gitt elevane fleire moglegheiter. Det einaste Støre-regjeringa har gjort for den norske skulen er å øydeleggje russetida. I staden for å bruke tid på å gjere skulen betre, blandar dei seg inn i russefeiringa som elevane heilt fint klarer å fikse sjølve. Det er tydeleg at vi treng ein ny politisk kurs som tek elevane på alvor og som brukar energi på tiltak som faktisk gjer skulen betre.

Norsk skule treng ikkje AUF sin symbolpolitikk, men nye løysingar som gjer skulekvardagen betre. Om det betyr at vi må hente nokre grep frå Umbridge, går det fint for meg – for det viktigaste må alltid vere at skulen skal bli best mogleg. Vi vil ha ein skule med fleire val, meir tilpassa undervisning og høgare ambisjonar – fordi elevane fortener ein skule som gir dei moglegheiter, ikkje ein som tek dei vekk.