Eldre over 60 år er klimaverstingar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie ved NTNU har kartlagt klimagassutslepp fordelt etter alderen til befolkninga.

Forskinga er samla inn frå 2005, 2010 og 2015 og omfattar statistikk frå 27 EU-land, Noreg, Storbritannia, USA, Australia og Japan.

Ny generasjon eldre

I 2005 stod personar over 60 år for 25 prosent av klimagassutsleppa. Ti år seinare hadde delen auka til 33 prosent.

– Eg er veldig overraska. Då eg byrja å sjå på dette så var den eldre generasjonen dei som var sparsame. No har vi ein ny generasjon eldre som ikkje har opplevd den knappleiken foreldra deira gjorde, og dei utnyttar moglegheitene sine, seier professor Edgar Hertwich ved NTNU.

Kollasj: Framtida.no. Gina Gylver (foto: Thor Due/Natur og Ungdom), Hilja Løvvik (foto: André Nesheim). Kunst: Gina Gylver