Zelenskyj talte til Stortinget: – For tusen år sidan var norske vikingar gjestene våre i Kyiv

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ukrainas president vart ønskt velkommen i Stortinget med ståande applaus. Han bad om meir norsk støtte i kampen mot Russland og trekte i historiske trådar.

Stortingssalen braut ut i full applaus då Volodymyr Zelenskyj dukka opp på storskjermane onsdag ettermiddag. Den ukrainske presidenten svarte med å ta seg til hjartet og nikke.

Zelenskyj påpeika at sjølv om Noreg og Ukraina ikkje har felles grenser, så har landa Russland som felles nabo som står mot våre felles verdiar.

– De i Noreg opplever òg nye truslar ved grensa til Russland. Dei har bygd opp veldig store militærstyrkar i Arktis som ikkje kan forklarast med sunn fornuft. Mot kven og kvifor gjer dei dette, sa han.

Oslo 20220330.
President Volodymyr Zelenskyj taler til Stortinget.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Her kan du sjå heile tala.

Bad om våpen

Zelenskyj bad Noreg om å bidra med våpen og skru opp sanksjonane mot Russland. Han nemnde mellom anna våpensystem som kan bidra til å søkkje skip og øydeleggje militære køyretøy.

– Våpena de kan hjelpe oss med, kan hjelpe oss i kampen for fridommen vår og fridommen dykkar, sa den ukrainske presidenten, som også bad Noreg om å nekte russiske skip å leggje til hamn.

– Den einaste måten å få Russland til å søkje fridom på, er fleire sanksjonar. Eg er trygg på at eit land som deler ut Nobels fredspris kvart år, forstår betydninga av fred betre enn noko anna land, sa han.

Oslo 20220330.
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, utenriksminister Anniken Huitfeldt, statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum klapper til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj etter sin tale til Stortinget.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Inviterer til barnetog

Han snakka òg om dei enorme øydeleggingane som pregar heimlandet som følgje av russiske bomber og granatar. Norske styresmakter vart inviterte til å bidra til gjenoppbygginga av landet, når det blir tid for det.

Zelenskyj trekte òg fram Noregs feiring av nasjonaldagen og sa at det er ein vakker tradisjon å arrangere barnetog for alle barn i Noreg.

– I år vil de òg ha ukrainske barn i desse toga, barn som har flykta og søkt tilflukt i Noreg.

– Når vi igjen har fred i Ukraina, ønskjer eg å invitere dykk til å delta i eit slikt tog i Kyiv på ein av dei nasjonale høgtidene våre for å feire vår felles fred og framtida til barna våre, sa Zelenskyj.

Trekte fram vikinghistorie

Zelenskyj drog fram både kongesagaer og frigjeringa av Finnmark i talen sin til dei norske folkevalde.

– For tusen år sidan var norske vikingar gjestene våre i Kyiv, og deltok i danninga av Kyiv-riket. Rus’ og Ukraina vart kalla Gardariket i sagaene, sa han.

Han kalla dette Noregs og Ukrainas felles arv. Vidare peika han på Harald Hardrådes første kone – Jelisaveta Jaroslavna, populært kalla Ellisiv av Kyiv. Med henne fekk Hardråde to døtrer, fødd i 1046.

Den ukrainske presidenten gjorde seg skuldig i ein liten kunstnarisk fridom då han kalla Jaroslavna mor til Olav Kyrre, då han var barn av Harald Hardrådes andre kone, Tora Torbergsdotter.

– Vi forsvarer historia vår i fellesskap. For 77 år sidan var ein ukrainar frå Sumy den første allierte soldaten som sette fot i Kirkenes, seier Zelenskyj.

Den ukrainske presidenten har etter kvart vorte kjent for å trekkje historiske parallellar i talane sine til nasjonalforsamlingane i verda.

Historisk tale

Zelenskyj har dei siste vekene talt til nasjonalforsamlingar i ei rekkje vestlege land, mellom anna USA, Tyskland, Danmark og Sverige. Onsdag var det altså Stortingets tur.

Berre ved to tidlegare høve har utanlandske gjester fått tale i stortingssalen.

Winston Churchill var den første då han besøkte Noreg i 1948. Det neste høvet kom ikkje før 2014, då formann i det danske Folketinget Mogens Lykketoft og den svenske Riksdagens talmann Per Westerberg talte under 200-årsjubileet for den norske grunnlova.

Skjermdump frå TikTok @valerisssh