Frå skodespelar til president: Kven er Volodymyr Zelenskyj?

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har nok hørt mykje snakk om Volodymyr Zelenskyj, som er president i Ukraina, dei siste dagane. Han har på eksemplarisk vis stått opp for landet sitt, og kjempar no på gata saman med det ukrainske folket.

Då USA tilbaud seg å hjelpa presidenten å evakuera frå hovudstaden Kyiv, sa han frå om at det ikkje var noko han ønska.

– Kampen skjer her. Eg treng ammunisjon, ikkje å få sitta på med nokon, sa han.

Volodymyr Zelenskyj prata direkte til det russiske folk. Foto: Ukrainian Presidential Press Office via AP

Skodespelaren som vart president

Sjølv om han no er ein klar og tydeleg leiar for det ukrainske folket, kan ikkje Zelenskyj visa til ei særleg lang politisk karriere på CV-en sin. Han har ei noko uvanleg historie, som skil seg frå andre presidentar me kjenner til.

Volodymyr Zelenskyj vart fødd i byen Kryvvj Rih i Ukraina i 1978. Han har jødisk bakgrunn og vaks opp med å snakka russisk som morsmål.

Han er utdanna jurist, men har aldri praktisert yrket sitt. Allereie då han studerte, var han derimot aktiv i revyar og teater, og denne interessa skulle veksa då han vart eldre. Den ukrainske presidenten har nemleg ikkje bakgrunn som politikar, men som skodespelar, komikar og programleiar.

Volodymyr Zelenskyj, her frå eit komedieshow i eit konserthus i Brovary, Ukraina, fredag ​​29. mars 2019. Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Vann med 73,2 prosent av stemmene

Hans politiske liv «starta» då han spelte i serien og filmen «Folkets tenar» i 2015.

I filmen hadde han rolla som ein mann som på uventa vis blir president i Ukraina, og rolla gjorde han til superstjerne i heimlandet. I 2017 skipa han og medarbeidarane hans eit eige parti, som fekk det same namnet som filmen – altså «Folkets tenar».

I 2019 skulle han, akkurat slik som karakteren han spelte i 2015, bli mannen på toppen av det politiske landskapet i Ukraina. Han gjekk overlegent av med sigeren, og tok plassen til Ukrainas førre president, Petro Porosjenko, etter å ha fått heile 73,2 prosent av stemmene.

Deltakar i «Skal vi danse» og «X-factor»

Allereie før «Folkets tenar», var Zelenskyj ein godt kjent mann for dei aller fleste i tidlegare Sovjetunionen. Han var med i den ukrainske versjonen av «Skal vi danse» i 2016, i den russiske versjonen av «X-factor» i 2011, og har i tillegg til dette spelt i fleire filmar.

Stemma hans er også brukt i ei rekkje filmar som er dubba til ukrainsk, som mellom anna i filmen om bjørnen «Paddington».

Blir hylla internasjonalt

Sjølv om presidenten ikkje har mykje politisk erfaring, blir han no hylla verda over. Han er i ferd med å bli sjølve symbolet på kampviljen ukrainarane viser i møte mot angrepet frå naboen i aust.

– Eg har konstant kommunikasjon med president Zelenskyj. Eg vil gjerne rosa den store ansvarskjensla hans, skriv Emmanuel Macron, som er president i Frankrike på Twitter.

Den ukrainske presidenten, her medan han besøker den krigsramma Donetsk-regionen aust i Ukraina, 6. desember 2021. Foto: Pressekontoret til den ukrainske presidenten via AP

Då han heldt ein videotale for EU, vart han møtt med ståande applaus.

– Det han gjer og det han seier er oppbygginga av ein krigspoet og ein helt. Han er vår tids Winston Churchill, seier førstelektor i retorikk ved Høgskulen Kristiania til NRK.

Winston Churchill var statsminister i Storbritannia under andre verdskrig. Han var ein stor talar, med bakgrunn som offiser, forfattar og politikar.

Kjelder: ABC Nyheter, Dagsavisen, SNL, Nettavisen, VG


Fakta

FØDD: 25. januar 1978, Kryvyj Rih

FAMILIE: Gift og har to barn

UTDANNING: Jus