– Mine pengar har bidrege til at barn i Gaza blir bomba
– Om våre felles sparepengar skal brukast til å slakte kvinner og barn på Gaza, så er det utan tvil noko som angår oss, seier leiar i Solidaritetsungdommen (22) i ein video.

Måndag skreiv Aftenposten at oljefondet har investert i det israelske selskapet Bet Shemesh Engines, som held ved like kampfly brukt i krigen på Gazastripa.
Få dagar etter avslørte også VG og E24 at fondet har vore inne i eit anna israelsk selskap – Next Vision – som leverer kamera til dronar brukt av det israelske militæret.
Dette skjer trass i at norske styresmakter har sagt at dei vil trekke oljefondet ut av selskap som bidreg til folkerettsbrot og ulovleg krigføring.
Leiar for sekretariatet i Etikkrådet, Aslak Skancke, seier til E24 at rådet vurderte salet av flymotorar til Israel og konkluderte med at dette ikkje braut dei etiske retningslinjene. Han seier dei difor heller ikkje har vurdert selskap som driv med vedlikehald av flymotorar, men at dei no vil gjere dette.
Vart varsla i juni og juli
Ifølge TV 2 fekk Finansdepartementet allereie 30. juni ein rapport frå Historikere for Palestina, med ei liste over selskap dei meinte braut med retningslinjene til oljefondet.
Bet Shemesh Engines Holding stod på den lista, men rapporten blei ikkje behandla.
– Vi har normal ferieavvikling her, og det er ikkje sånn at vi avlyser ferien på grunn av dette, sa Skancke til TV 2.
2. juli vart Finansdepartementet også konfrontert med investeringa i dei israelske selskapa av nettstedaden FriFagbevegelse.
Maria: – Eg har betalt skatt sidan krigen starta
– Då me fekk høyre om at selskapet har medverking til jagarflya, vart me sjokkerte. Det er jo faktisk medverking til bombing. Eg vart forbanna på Støre, som sjølv etter press frå AUF haldt fast på at han stolte på Etikkrådet under sommarleiren.
Maria Louise Hundeide Godoy (22) er leiar i Solidaritetsungdommen i Norsk Folkehjelp. Ho var på AUF sin sommarleir førre veke, og heldt appell til både dei frammøtte og statsminister Jonas Gahr Støre.
Etter avsløringane denne veka har ho no lagt ut eit flammande innlegg på Instagram.
«Førre veke stod eg framfor 1000 AUF-arar på Utøya og bad Jonas trekke vårt oljefond ut av okkupasjonen. Han svarte at Noreg ikkje investerer i okkupasjonen. I dag, berre fem dagar seinare, kjem det fram i media at me har investert i vedlikehald av israelske jagarfly.»
Til framtida.no fortel ho at ho ikkje trudde på Støre på Utøya og vart skuffa over svaret. No krev ho at oljefondet må ut av alle selskap med tilknyting til okkupasjonen.
– No må alt trekkast ut. Eg vil oppmode til å boikotte Israel også, sjølv om eg veit det ikkje vil skje. Men oljefondet må ut av alt det aldri skulle vore ein del av, det må dei love oss no.
Ifølgje Fagforbundet og Norsk Folkehjelp har oljefondet investeringar i 46 selskap med verksemd som medverkar til den israelske okkupasjonen. Ho nemner selskap som DNB og Pepsi.
– Eg skal ikkje vere med å finansiere eit folkemord
Etter avsløringane tok ho til Instagram og brukte til dels sterke ord:
«Eg har betalt skatt kvar månad sidan krigen starta. Mine pengar har bidrege til at barn i Gaza blir bomba. Folkens, me kan ikkje halde kjeft lengre. Du tenker kanskje at det ikkje har noko med oss å gjere, men for faen – om våre felles sparepengar skal brukast til å slakte kvinner og barn på Gaza, så er det utan tvil noko som angår oss.»
– Du bruker sterke ord?
– Ja. Dette er personleg for oss alle. Dette er mine sparepengar også. Då blir eg forbanna. Eg skal ikkje vere med å finansiere eit folkemord, men det er eg jo tydelegvis. Dette er våre felles sparepengar.
Regjeringa: – Ulike vurderingar av medverknad
Finansminister Jens Stoltenberg var også på Utøya førre veke, og sa frå scena at oljefondet skal vere ute av alle selskap som medverkar til folkerettsbrot:
– Okkupasjon er folkerettsbrot, så om det er selskap me meiner medverkar til okkupasjon, så skal me ut av det. Om det er selskap som medverkar til ulovleg krigføring i Gaza, så skal me ut av det. Difor er me ute av mange selskap, og det kan hende me kjem til å trekke oss ut av fleire selskap.

Jens Stoltenberg står framfor Utøya som ein del av regjeringa for fyrste gong på 12 år.
Men han forklarte også at det er ulik vurdering av kva det betyr å «medverke»:
– På dei listene me og Etikkrådet har fått er selskap som Airbnb, Booking.com, Carlsberg, Microsoft, fordi dei har verksemd på Vestbredden. Men Etikkrådet har ikkje vurdert nærvær til det same som å medverke til.
15 dagar til gjennomgang
Etter avsløringane denne veka har Finansdepartementet no gitt Noregs Bank og Etikkrådet 15 dagar på å sjå gjennom investeringane i israelske selskap. Ifølge Stoltenberg har oljefondet så langt trekt seg ut av 11 selskap som medverkar til folkerettsbrot.
Dei etiske retningslinjene forbyr investeringar i selskap som sel våpen til statar i væpna konfliktar, dersom våpena vert brukt på måtar som utgjer alvorlege og systematiske brot på folkeretten. Det gjeld berre våpentypar som særleg kan ramma sivile.
Sal av luftvernsystem, våpen mot sjømål, transportfly eller køyretøy vert ikkje ramma av forbodet, ifølgje oljefondet sine etiske reglar.
Førre veke passerte talet på drepne på Gazastripa 60 000 personar, etter snart to år med krig. Mange av dei er barn og sivile, ifølgje palestinske helsestyresmakter.
Kva er saka?
-
Oljefondet er verdas største statlege fond, med ei verdi på over 18 000 milliardar kroner.
-
Fondet har investert i fleire israelske selskap – blant anna Bet Shemesh Engines og Next Vision – som leverer teknologi til det israelske forsvaret.
-
Etikkrådet skal undersøke om selskapa bryt med dei etiske retningslinjene, og gi råd om uttrekking.
-
Finansdepartementet har gitt 15 dagar frist til gjennomgang av investeringane.
- Solidaritetsungdommen: – Folkens, me kan ikkje halde kjeft lengre. Du tenker kanskje at det ikkje har noko med oss å gjere, men for faen – om våre felles sparepengar skal brukast til å slakte kvinner og barn på Gaza, så er det utan tvil noko som angår oss.