Tre veker med krig i Ukraina
Tidleg 24. februar invaderte Russland Ukraina og utløyste den verste konflikten i Europa på fleire tiår.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Idet kampane går inn i den 21. dagen, har nyheitsbyrået AFP laga ei oversikt over konflikten som har rokka ved verdsordenen som vaks fram etter slutten til den kalde krigen.
OBS: Grafisk bilete i saka.
Russland invaderer
Russlands president Vladimir Putin kunngjer ein «militær spesialoperasjon» for å «demilitarisere» og «avnazifisere» den tidlegare Sovjet-republikken, og for å støtte dei Moskva-støtta separatistane i Aust-Ukraina. Han åtvarar det internasjonale samfunnet mot å gripe inn.
Ein fullskala invasjon byrjar med fly- og rakettangrep mot ei rekkje byar.
Ukrainsk motstand
Ukrainske styrkar yter større motstand enn venta og forpurrar Putins planar om ei rask overtaking.
President Volodymyr Zelenskyj oppnår umiddelbar heltestatus i Ukraina og i utlandet ved å love å bli igjen i Kyiv for å leie motstandskampen.
- Les også talen Zelenskyj heldt til det russiske folket før invasjonen: – De vert fortalde at denne flammen vil frigjere folket i Ukraina. Men folket i Ukraina er allereie frie.
Omfattande sanksjonar
Vesten innfører strenge sanksjonar mot Russland og militær bistand til Ukraina utan sidestykke.
Russiske fly blir stengde ute av andre lands luftrom og Russland blir kasta ut av ei rekkje idretts- og kulturarrangement, inkludert fotball-VM. Store selskap stengjer verksemda i Russland.
Atomtrussel
Medan Russlands militære styrkar køyrer seg fast, set Putin atomstyrkane i landet i beredskap 27. februar og viser til sanksjonane og «aggressive» utsegner frå Nato-land.
Den dramatiske utviklinga, som blir samanlikna med Cuba-krisa i 1962, blir oppfatta som ei åtvaring til Nato om ikkje å blande seg inn.
- Les også kva ekspertane svarar: Er det fare for atomkrig no?
Dei første samtalane
I dei første samtalane mellom Ukraina og Russland 28. februar legg Russland fram krava sine. Dei inkluderer anerkjenning av russisk suverenitet på Krimhalvøya, «demilitarisering» og «avnazifisering» av Ukraina og garantiar om nøytraliteten til landet.
Medan samtalane går føre seg, blir område med sivile i Ukrainas nest størst by Kharkiv skotne mot med russiske rakettar. Zelenskyj ber om «umiddelbart» EU-medlemskap.
Framdrift i sør
Bombardementet Kharkiv har vore utsett for, gjentek seg fleire andre stader. 1. mars viser satellittbilete ein enorm russisk militærkolonne på veg mot Kyiv, men han bevegar seg langsamt.
Russiske styrkar har betydeleg større framgang i sør, der dei omleirar den strategiske hamnebyen Mariupol. Russland er dermed i ferd med å etablere eit landssamband mellom separatistkontrollerte område i aust og Krim, som vart annekterte av Russland i 2014.
Byen Kherson i sør fell 4. mars. Russiske styrkar overtek Europas største atomkraftverk ved Zaporizjzja når dei tek over byen Enerhodar.
Nato-sjef Jens Stoltenberg avviser Ukrainas bønn om å opprette ei flyforbodssone over Ukraina og seier dette vil føre til ein større krig i Europa.
Sensur
4. mars innfører Russland ei ny lov som kan føre til opptil 15 års fengsel for «falske nyheiter» om det russarane omtaler som ein «militær spesialoperasjon» i Ukraina.
Mange internasjonale medium stansar arbeidet sitt i Russland, der over 13.500 demonstrantar blir arresterte i samband med protestar mot krigen.
Sivile evakuerte
Det første av mange forsøk på å evakuere frosne og svoltne innbyggjarar frå omleira Mariupol bryt saman, medan partane legg skulda på kvarandre.
Ukraina og FN avviser Russlands tilbod om å opprette humanitære korridorar til Russland eller nabolanda og nære allierte, som Kviterussland.
Etter fleire dagar med avbrotne forsøk får evakueringsarbeidet endeleg fart, og titusenvis av sivile kjem seg ut av Sumy i nord og Kyivs forstader 8. mars.
Oljeboikott
I eit forsøk på å strupe Russlands inntekter – som kan brukast til å betale for krigføringa – kunngjer USAs president Joe Biden eit forbod mot import av russisk olje og gass. EU seier dei vil kutte importen med to tredelar, medan Storbritannia vil fase ut importen sin av olje frå Russland.
Eit angrep på ein barselklinikk i Mariupol fører til internasjonal fordømming. 17 personar, inkludert ei høggravid kvinne, blir såra. Både kvinna og det ufødde barnet hennar døde kort tid etterpå. Russland seier angrepet var fingert.
Vest-Ukraina ramma
Krigen rykkjer nærare grensa mot nabolandet og Nato-medlemmen Polen når 35 menneske blir drepne og over 130 såra i luftangrep mot eit militært treningsanlegg utanfor byen Lviv.
Mariupol får endeleg eit pusterom, og ein kolonne på over 160 bilar forlèt byen 14. mars.
Positive signal frå samtaler
Medan støtta til krigen slår sprekkar på heimebane, avbryt ein russisk journalist den mest sette TV-nyheitssendinga i landet og held opp ein plakat med teksten «nei til krig».
Medan sentrum av Kyiv er under angrep og dei to partane møtest til ein femte runde med samtalar, er tonen frå både ukrainsk og russisk hald meir optimistisk med tanke på moglegheita for ein fredsavtale.