Åtte studentsamskipnader får 400 millionar til å byggje studentbustader
Regjeringa gir 413 millionar kroner til åtte studentsamskipnader til bygging av 1.130 nye studentbustader, og ein tredel skal byggjast i Nord-Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I år aukar vi innsatsen særleg i Nord-Noreg, men også studentbustadprosjekt i sør, aust og vest får store tilskot denne gongen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.
15 byggjeprosjekt fordelte på åtte studentsamskipnader, får pengar. Studentsamskipnadene søkte om tilskot til 1.664 hybelleilegheiter, men får tilskot til 1.130.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) aukar innsatsen med nye studentbustader. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Flest i Nord-Noreg
Nordland og Troms og Finnmark får dei største tilskota i år. Noregs arktiske studentsamskipnad får 76 millionar kroner til 200 nye hybelleilegheiter i Tromsø.
Andre store byggjeprosjekt som får støtte er eit nybygg med 120 hyblar i Elverum, 82 hyblar på Stord og 77 hyblar i Bergen.