Tonje (22) driv med ein «ulovleg idrett»: – Thaiboksing handlar om respekt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er jo klar over at sporten er tøff, men det er viktig å vere klar over dette ikkje er det einaste ved Muay Thai. Det er også sosialt samhald, underhaldningsverdi og treningsglede! fortel Tonje Strand Paulsen. 

22-åringen har drive med Muay thai, eller thaiboksing som det heiter på norsk, i fleire år.

Thaiboksing er ein kampsport med teknikkar som inneheld både spark, slag, olboge, kne og klinsj, ein manøver der utøvaren held motstandaren fast mens han eller ho kjempar vidare. Kampane går gjennom tre rundar som varer i tre minutt kvar, og poengdommarane avgjer til slutt kven som vinn kampen.

Utanfrå kan sporten sjå ganske så brutal ut. Men Paulsen meiner at dersom ein har kunnskap og utfører rett teknikk, er sporten ikkje så farleg som han ser ut.

Vart hekta i USA

Tonje Strand Paulsen starta først med kick-boksing, som er ein lovleg sport i Noreg. Då ho seinare reiste på utveksling til USA, hamna ho hjå ein familie som dreiv med thaiboksing, og det tok ikkje lang tid før ho forelska seg i idretten.

– Det eg likar med thaiboksing er at det handlar om respekt, både for deg sjølv, ringen, treningspartnaren, motstandaren og trenaren. Det er mykje tradisjon og historie i sporten, alt i frå kva du har på deg, til wai kru-dansen ein gjer før kamp, fortel Tonje.

Tonje Strand Paulsen (22) førebuar seg til kamp. Foto: Privat.

I motsetning til i USA er sporten i Noreg vurdert til å vere for farleg å konkurrere i på eit profesjonelt nivå. Det vil seie at ein kan trene, og gå i kamp på lågare nivå. På amatørnivå er det påbode med hjelm og beskyttelse på føtene. Det er heller ikkje lov med knockout, som er eitt eller fleire slag som gjer at motstandaren ikkje er i stand til å kjempe meir.

Knockout, slag og spark er ikkje kvardagskost i norsk sport, men Paulsen fortel at det ikkje er dette som gjer sporten attraktiv for ho.

– Fokuset er på sjølvkjensle og det å meistre nye teknikkar. Det gode miljøet rundt ringen er også ein viktig faktor.

Fersk sport

Presidenten i Norges Thaiboksing Forbund, Shahid Rasool, fortel at thaiboksing ikkje kom til Noreg før i 1990, då han sjølv starta ein klubb i Oslo. Samanliknar ein sporten med boksing og kick-boksing, er det ein fersk sport.

– Det er heller ikkje lenge sidan Norges Kampsportforbund tok thaiboksing under vengjene sine. No er sju klubbar medlem, og fleire søknadar er på vei. For at vi skal jobbe mot proffkampar i Noreg, er vi avhengige av at dei fleste klubbane er medlem.

Shahid Rasool er president i Norges Thaiboksing Forbund. Foto: Privat

Shahid fortel vidare at slik det er no så er det fleire utøvarar som dreg til utlandet for å gå i proffkamp. Men etterkvart som sporten får fleire organiserte medlemmar og blir meir etablert, så kan det vere utøvarar slepper å krysse landegrenser.

Verre enn andre sportar?

Hovudgrunnen til at idrettar blir forbode, er at regjeringa har vurdert det til at aktiviteten kan vere farleg for helsa. Då har dei kanskje erfart at det kjem inn mange skadar på legevakta på grunn av akkurat denne idretten, eller dei har henta inn forsking og erfaringar frå andre land som viser for stor helserisiko.

Når styresmaktene vurderer å forby ein sport, må dei også ta med dei positive sidene i reknestykket. Til saman vert dette likevel vanskelege vurderingar, som langt i frå er einsidige.

Det å forby idrettar, om det så berre er på profesjonelt nivå, kan påverke interessa for sporten også på lågare nivå. Mange blir inspirert av å sjå på dei alle beste. Forbodet kan gjere at thaiboksing mistar både deltakarar, sponsorar og popularitet.

Skal Noreg hevde seg internasjonalt, kan vi vere avhengige av at det er eit miljø kring den aktuelle idretten.

– No som vanleg boksing er blitt lov i Noreg, skulle eg ønske at også Muay Thai vart lovleg på profesjonelt nivå. Vi har nemleg svært flinke thaiboksarar her i landet, til dømes Anne Line Hogstad, seier Paulsen.

Tonje Strand Paulsen (22) øver inn spark mot puter. Foto: privat.

Profesjonell boksing vart lovleg i 2014 fordi styresmaktene meinte at sporten kan ivareta utøvaren godt nok, trass i at Helsedirektoratet var skeptiske.

Tonje Strand Paulsen meiner at thaiboksing ikkje nødvendigvis gjev større risiko enn boksing og andre sportar.

– Eg var før aktiv i handball, ein sport der ein fort kan bli dytta hardt bakfrå og skade seg skikkeleg. I thaiboksing skal det tallause timar med sparring og putetrening før ein får lov til å gå i ringen. Trenaren skal vere heilt sikker på at du er klar.

Om 22-åringen i framtida får lov til å utføre draumesporten på eit profesjonelt nivå, gjenstår å sjå.


Christoffer Lie (t.v) og Rutger Custers er glade for å vera tilbake på mattene, etter fleire månader med nedstenging av idretten. Foto: Andreas Brattåker Støyva