Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk tilsendt barnevernsmappa mi, som veg ganske mange kilo, berre veker før eg skulle levere boka. Det vart hektisk og heftig på slutten, for der fekk eg lese mange ting eg ikkje visste frå før, fortel Nellie Renate Krokstad på telefon til Framtida.no. 

– Samstundes føler eg at eg veit meir kor eg kjem frå.

Krokstad er ein av landets største YouTube-profilar med heile 95.000 følgjarar på kanalen sin, der ho deler upolert frå sitt eige liv og om si psykiske helse.

No har ho teke openheita eit steg lenger, og deler ting ho aldri har lufta før i sjølvbiografien Løvetannbarnet.

Løvetannbarnet

Krokstad fekk kalde føter rett før boka gjekk i trykk og skulle ut på marknaden, for om ho først fortel si historie på trykk så kan ho ikkje slette ho igjen.

Krokstad har villa skrive boka i 15 år, men våga først då eit forlag tok kontakt: – Då byrja eg å få meir trua på meg sjølv, og tenkte fuck it, no gjer eg det berre.
Omslag: Egmont People

– Men eg har tidlegare svelgt mange kamelar i YouTube-karrieren og delt ting eg ikkje er heilt komfortabel med, og eg veit boka er viktig, seier ho og forklarar:

– Eg veit at det er mange som har godt av å lese at andre har det som dei, og kan finne trøyst i det.

I boka fortel Nellie Renate Krokstad om barndomen på Gol.

Ho skildrar kvardagen med ei mamma som prøvar, men er for sjuk til å gje den omsorgen dottera har behov for. Ein pappa som er fråværande, og om barnevernet som har vore ein del av livet frå barnsbein av.

28-åringen deler brutalt ærleg om kjenslene og tankane som herja i tenåringskroppen i ein usikker kvardag, og når ho etter kvart vart diagnostisert med ADHD, så angst og seinare depresjon.

Det har vore veldig tøft, for eg har sete med det heile åleine på rommet mitt, fortel Krokstad om skriveprosessen, og utdjupar:

– Eg har ei ganske dårleg døgnrytme, så eg har sete til langt ut på morgonkvisten. Det har trigga alle mogelege slags kjensler. Men det har vore fint alt i alt.

Dagbøker, barnevernspapir og legeprotokollar

Krokstad skildrar det halvanna året med bokarbeid som ei berg-og-dal-bane utan like.

Ho har lese igjennom dagbøkene ho skreiv då ho var yngre, barnevernspapir og legeprotokollar andre har skrive om ho og vore nøydd til å spørje mora og far sin om å stadfeste minna ho sjølv sleit med å plassere i rett rekkefølgje.

– Det var sårbart å kontakte dei for å hjelpe meg å hugse, seier Krokstad, som i dag ikkje har så mykje kontakt med foreldra sine. 

Etter å ha pynta på sanninga heile livet, bestemde Krokstad seg for å skrive rett frå hjartet, uansett kor krast, sint eller frustrert det vart. Begge foreldra har godkjent det Krokstad deler i Løvetannbarnet.

– Eg var lei av å ikkje ha tort å snakke med dei om alt eg ville, at eg heile tida heldt tilbake. Eg ville òg gje eit kick til andre barn eller unge til å seie frå, seie no er det nok.

«Alle visste at jeg ikke hadde en pappa, så det var ikke noen vits å spørre om deg. Men jeg hadde jo en pappa. Han bare valgte å ikke ta en stor del i livet mitt. Han visste hvor mye jeg trengte en stødig forelder. Likevel var han ikke der. Du valgte det selv,» skriv ho til far sin.

Krokstad både lettar hjartet, ber om orsak og takkar i eit brev til mora. Trass alt, har ho alltid gjort sitt beste.

«Takk for at du forsto at her trengte du hjelp. Først litt hjelp, så mye hjelp. Støtten vi fikk redda oss. Kanskje litt seint, men hjelpen kom til slutt.»

Som ungdom skreiv Krokstad dagbøker:  – Eg hugsar så godt korleis det var å sitje på senga mi hjå mamma, og eg hugsar at eg ville verke meir oppegåande enn eg følte meg. Slik at eg kunne lure meg sjølv til å tru eg var tøffare eller modigare.
Foto: Pål Laukli

Kjem aldri til å tilgje dei

Medan dagbøkene var eit vindaugene til korleis ho sjølv tenkte som tenåring, så har barnevernsdokumenta gjeve ho eit innblikk i korleis omverda oppfatta ho.

Ho kjenner seg att i biletet dokumenta måler av ei energisk jente med humørsvingingar, som er glad i folk rundt seg, men som har vanskeleg for å vere glad i seg sjølv.

Samstundes synest ho det framstår som om barnevernet hadde mindre kontroll på situasjonen, enn det ho trudde som barn.

Nellie Renate Krokstad som barn. Foto: Privat

– Eg tenkte dei vaksne visste så godt kva dei gjorde, dei hadde klare rammer på korleis eg skulle verte oppdregen, men eg følte dei faila så mykje. Dei prøvde igjen og igjen.

Medan dei sat ved bassengkanten i badeland, spurde omsider ein barnevernstilsett om 14 år gamle Krokstad ville flytte til ein ny heim. Ja, svara ho.

Til saman var Krokstad innom tre mellombelse besøksheimar og ein forsterfamilie, der alt skar seg, før ho landa hjå Ingunn og Tor Olav fosterforeldra ho meiner redda livet hennar.

For første gong var vanlege, daglegdagse rutinar også ein del av hennar kvardag:

– Eg har sett kjempestor pris på det livet eg hadde då eg budde i min siste fosterheim. Dei hadde hytte og frukost, middag og kvelds kvar dag. For meg var det veldig viktig, for eg hadde aldri hatt det A4-livet.

Foto: Pål Laukli

Krokstad fortel at ho i dag har eit ambivalent forhold til barnevernet. Ho forstår at barnevernet høyrest ut som ein kjempeskurk i ein superheltfilm, og at mange trur dei er der for å øydelegge familiar. Samstundes trur ho at dei gjer sitt aller beste, men at det nokre gongar er vanskeleg.

– Men så vert eg sint òg, når eg ser at det tok barnevernet 11 år å flytte meg. Når dei visste at eg ikkje hadde det så godt, seier ho og held fram:

– Dei var der når eg ikkje fekk middag, når eg lukta kattetiss og hadde kattehår på kleda, når eg ikkje hadde pussa tennene på to veker. Det kjem eg aldri til å tilgje dei for. 

Høyrer berre dei kjipe historiene

Nellie Krokstad la aldri skjul på at ho og mora fekk hjelp frå barnevernet, men verken barnevernet eller psykisk helse var så omsnakka då som i dag.

– Men eg var ganske ærleg som barn, så då eg flytta i fosterheim og andre lurte på kvifor eg plutseleg tok bussen sa eg «nei, eg har flytta» og «Åja, så kult» svara dei.

I dag trur ho kanskje det kan vere vanskelegare i vekse opp som eit barnevernsbarn, fordi fleire har høyrt skrekkhistorier eller tenkjer at det berre er «forferdelege barn» eller «forferdelege foreldre» som får hjelp. 

Silje Sveum (26), styreleiar i Landsforeningen for barnevernsbarn, deler same inntrykket som Krokstad om at det kan vere litt meir stigma knytt til det å vere barnevernsbarn i dag, sidan barnevernet er meir i media no enn før.

– Det er lettare å få informasjon fordi alle sit med ein smarttelefon, og får VG-varsel som at Noreg er dømd i Den europeiske menneskerettsdomstol grunna barnevernssaker. Det gjev jo eit dårleg inntrykk. Ein høyrer sjeldan dei gode historiene, berre dei kjipe.

Ifølgje Silje Sveum er jula ei av dei tøffaste tidene for mange barnevernsbarn, for då kan dei verte minna på det dei ikkje har: – Samfunnet seier at «slik skal ein familie vere», om din familie er annleis, kan ein føle skam i detFoto: Ringen Media

Sveum meiner det er problematisk om media skapar eit inntrykk av at barnevernet berre er farleg. Om ein trur dei tek barn frå heimane sine utan grunn, kan det skape frykt både hjå foreldre og barn som treng hjelp.

Endå alle barnevernsbarn har forskjellige historier, så høyrer Landsforeningen for barnevernsbarn ofte frå medlemmar som skulle ynskje dei hadde fått hjelp tidlegare, fortel Sveum.

– Det er dei sakene som ikkje kjem ut i media, så det er fint at [Krokstad] kastar lys på det, seier Sveum.

Shitkids

Landsforeningen for barnevernsbarn har kring 1000 medlemmar, og arbeider for betre rettane til barn og unge i møte med barnevernet, samt endre stereotype haldningar. Fordommar om «forferdelege barn» er slike dei vil til livs. 

– Det er eit stigma rundt oss barnevernsbarn, og vi får eit dårleg stempel på oss, seier Sveum.

Ho viser fjorårets rapport De tror vi er shitkids frå Barneombodet, som synte at barn som bur på barnevernsinstitusjon ofte vert oppfatta som eit problem, noko som òg påverkar korleis barna ser på seg sjølv.

Styreleiaren meiner difor det er viktig at profilar som Nellie Krokstad er opne om at dei er barnevernsbarn, noko òg Isabel Raad har vore.

– Det er viktig at ein kan stå fram og seie: «slik har det vore», for å fjerne stigma, men òg fordi ein kan vere eit godt førebilete for barn og unge som lever i det no. At «ting er drit, men sjå på meg – du kan kome ut av det på den andre sida på ein god måte»!

– Det er aldri barnet sin feil

Noko av det viktigaste Nellie Krokstad vil at andre barn som er i same situasjon som ho sjølv var skal vete, er at det ikkje er deira feil.

– Det er mange, inkludert meg sjølv på den tida, som tenkjer det. Som tenkjer «hadde eg berre ikkje gjort det eller det, så hadde eg ikkje vore her». Men det er aldri barnet sin feil.

Nellie Renate Krokstad var nervøs før boka kom ut: – All kjærleiken eg har fått frå dei som har kjøpt og får bruk for ho – frå foreldre, frå barn med diagnosar, frå fosterbarn og barnevernsstudentar som seier ho har hjelpt dei i studiane – hjelper.  Foto: Pål Laukli

Ho håpar boka kan gje unge ein plass å høyre til, om dei kjenner seg åleine og utanfor. At ho gjev håp og syner at det går an å lukkast i livet, sjølv om barndomen ikkje var eit glansbilete. 

– Det er viktig å vise at sjølv om du ikkje ser ein einaste utveg og det er mørkt overalt, så er det berre å halde fram å kjempe. Lysglimta vert tydelegare og ting vert betre.

Nellie (28) til Nellie (12)

No, som 28-åring med ei vellukka YouTube-karriere og ein kjærast med jobb, hus og bil er livet mykje på stell for Nellie Renate Krokstad.

– Det har gått opp for meg at eg, for første gong på mange år, gler meg til julaftan. Eg har aldri hatt noko tilhøyrsle nokon stad – eg feira anten hos ekskjærastar eller fosterfamilie – og har aldri følt meg heime nokon stad på julaftan. 

I år skal ho til Trysil med kjærasten og hans familie, og starte juletradisjonar på nytt.

Krokstad har fått meir empati for den vesle jenta frå Gol, som kalla seg sjølv eit problembarn og kjempa mot både foreldre, barnevernet og seg sjølv.

Nellie Renate Krokstad som barn. Foto: Privat

I boka har ho skrive beskjedar til dei yngre versjonane av seg sjølv.

Til 12-åringen ville ho sagt hald fram å kjempe, ingen er mot deg sjølv om det verkar slik.

Til 14-åringen, du har ingenting å føle skuld for.

Til 16-åringen, no kan du senke skuldrene.

Om dei yngre verjonane av ho hadde fått vite korleis livet vert som vaksen, så hadde ho ikkje trudd på det. Trass i at ho var ein drøymar.

– Eg trudde aldri eg skulle få til nokon ting. Eg var så åleine i verda, alle irriterte seg over meg og eg var berre i vegen. Eg hadde aldri trudd eg kunne klare å oppnå så store ting.


Petter Aaberg (28) og Sverre Kvamme (26) har laga dokumentren Nattebarn, om psykiske lidingar. Foto: Stillbilete frå dokumentaren.