Sju samiske podkastar du bør leggje i kø

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tinga Lise Sundelin Morottaja er ekstra stolt av som same, er den samiske oppblomstringa mellom anna på podkast-fronten.

Dette er hennar samiske podkast-favorittar: 

I Elsa Laulas fotspor

Omslag: NRK

Språk: Norsk
Episodetal: 4

Gjennom samtalar med 22 samiske kvinner frå Noreg, dokumenterer radiokollektivet Søstrene Suse samisk rettskamp gjennom 100 år.

Inspirasjonen til prosjektet fekk dei frå føregangskvinna Elsa Laula Renberg (1877-1931) som var initiativtakar til det første samiske landsmøtet i 1917.

Lytt til podkasten hjå NRK!

Tett på

Språk: Norsk
Episodetal: 108

Programleiar Svein Lian viser deg Sápmi som det er, ikkje det stereotypiske biletet du kanskje har.

https://open.spotify.com/episode/6MmABRSMVJclQCkvehs35z?si=bacefb53978f43bd

Sámi Horror

Språk: Nordsamisk
Episodetal: 16

Sámi Horror er ein ny podastserie frå NRK, lansert i oktober i fjor. Det vert fascnerande mysterium, spøkelseshistorier og forteljingar frå røynda – alt på nordsamisk!

Samesystrar

Språk: Svensk
Episodetal: 16

Anna-Marja Persson står bak den svenske podkasten Samesystrar, som løftar samiske kvinner og diskuterer alt mellom himmel og jord.

Perspektiver

Språk: Norsk
Episodetal: 10

Podkast-serien Perspektiver vil opne lukka dører, og tek opp det vanskelege temaet vald i nære relasjonar. Det er Norske Reindriftsamers Landsforbund som står bak podkasten.

Vuostildanfearánat – Sámi stories of resistance

Språk: Nordsamisk og engelsk
Episodetal: 5

Korleis ta vare på seg sjølv og samstundes verne om landet, lokalsamfunnet og miljøet sitt i møte med statlege inngrep? Vuostildanfearánat snakkar om mogelege metodar.

Sameting

Språk: Norsk
Episodetal: 12

I podkasten Sameting prøvar Isalill Kolpus og Dávvet Bruun-Solbakk å forklare samiske fenomen til nordmenn.


Lise Sundelin Morottaja reflekterer over nokre av oppnåingane som er ekstra verd å feire på samefolkets dag. Foto: Privat