Disney vert skulda for å fjerna skeive karakterar frå Pixar-filmar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 21.03.2022 16:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit brev frå tilsette i animasjonsstudioet Pixar, skuldar dei Disney for å gjentekne gonger ha kutta skildringar av kjærleik mellom likekjønna i Pixar-filmar.

Brevet kjem som svar på ein e-post sendt ut av sjefen i Disney, Bob Chapek.

Der stadfesta han Disney si støtte til LHBTQ+-personar, men skreiv også at bedrifta ikkje ville ta offentleg avstand frå det kontroversielle Don’t say Gay-lovforslaget i Florida (the Parental Rights in Education Bill). Det melder Variety.

Han forklarte dette med at dei tidlegare har sett at fråsegner frå bedrifter ikkje har endra mykje, men heller blitt brukt som våpen frå ei eller begge sidene av debatten for å fyra opp, og at det difor er meir effektive måtar å oppnå endring på.

11. mars publiserte Disney ei orsaking på sidene sine, med støtte til LHBTQ+-samfunnet.

Don’t say gay-lova

Den såkalla Don’t say gay-lova vil mellom anna forby undervising om seksuell orientering og kjønnsidentitet frå barnehage til 3. klasse, og også på eldre klassetrinn dersom det ikkje er alderspassande. Det er venta at lova blir vedteken.

Disney er det største, private selskapet i staten Florida, med over 75.000 tilsette før koronapandemien. I tillegg har dei donert enorme summar til politiske parti i Florida og dimed hatt stor påverknadskraft.

Ifølgje Orlando Sentinel har Disney donert pengar til alle politikarane som støttar lovforslaget. Chaget presiserer i ein e-post at pengane ikkje er gjevne på grunn av dette lovforslaget, og at selskapet òg har gjeve donasjonar til politikarar som er mot forslaget.

Skal ha avslått tydeleg skeiv kjærleik

I staden for ei tydeleg fordømming av lovforslaget, var den første responsen frå Disney denne utsegna:

– Den største skilnaden me kan gjera i å skapa ei meir inklusiv verd, er gjennom det inspirerande innhaldet me produserer, den gjestfrie kulturen me skapar her og organisasjonane for mangfald som me støttar, inkludert dei som representerer LHBTQ+-samfunnet.

No har det komme fleire skuldingar frå tilsette i Pixar om at forteljingar med LHBTQ+-representasjon har blitt avslått, nettopp fordi det har vore tydeleg skeiv kjærleik.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av LGBTQIA+ Disney Employees (@disney_walkout)

Skulda for å systematisk sensurera skeivt innhald

Tidleg i mars skulda LHBTQ+-tilsette ved Pixar (eigd av Disney), selskapsleiinga for å ha kravd kutt av «nesten alle augneblinkar med openberr homofil kjærleik» i filmane – trass i protestar frå det kreative teamet og sjefane i Pixar.

– Me i Pixar har personleg sett vakre historier, fulle av mangfaldige karakterar, komme tilbake frå Disney sentralt, barbert ned til smular av det dei ein gong var, står det vidare i brevet til leiinga, gjengjeve av Variety.

Ifølgje Business Insider skal også tidlegare Blue Sky-tilsette ha fortalt at Disney-leiinga hadde problem med nokre av dei skeive elementa i animasjonsfilmen Nimona, særleg eit kyss mellom to likekjønna. Kysset skulle vore mellom karakterane Ballister Blackheart og Ambrosius Goldenloin.

Blue Sky-studioet er lagt ned og det er usikkert om filmen vil bli ferdigstilt.

– Når det største underhaldningsselskapet i verda lagar innhald for born og systematisk sensurerer bort skeivt innhald, skyv dei skeive barn til mørke krokar, sa ein av dei tidlegare tilsette til Business Insider.

Pixar og Disney har ikkje svara på skuldingane.

Då traileren til filmen Luca kom ut, vart Pixar og Disney skulda for «queerbaiting», der LHBTQ-forhold blir hinta om men aldri gjort tydeleg. Regissør Enrico Casarosa har sagt at dei snakka om at hovudkarakterane skulle vera meir enn vener, men valde å fokusera på vennskapet eller før-romansen, ifølgje Insider.

Demonstrerer i arbeidstida

Dei tilsette i Disney har også reagert på at sjefen, Bob Chapek, ikkje ville ta offentleg avstand til lovforslaget før det vart vedteke i Florida-sentatet, og har arrangert daglege protestar, der dei forlèt pultane sine for å demonstrera i 15 minutt.

Chapek har etter responsen sendt ut ein ny e-post som også er lagt ut som ei pressemelding offentleg, der han orsaka at han ikkje var ein tydelegare alliert, og opplyste om at Disney har stansa alle politiske donasjonar i Florida.

Dei tilsette synest likevel det er for lite, for seint.

– Dei nylege fråsegnene og mangelen på handling frå The Walt Disney Company-leiinga rundt Don’t Say Gay or Trans-lovforslaget har fullstendig mislukkast i å møte den enorme trusselen mot LHBTQIA+-personar sin tryggleik denne lova representerer, skriv dei tilsette på heimesida whereischapek.com.

Dei planlegg ein full dags walk out tysdag 22. mars.

Dei har ei rekke med krav til leiinga mellom anna økonomisk støtte til LHBTQ+-organisasjonar, hjelp til LHBTQ+-familiar og tilsette i Disney og permanent stans av donasjonar til politikarar som har vore involverte i lovforslaget.

Lovforslaget vart vedteke av Representantanes hus i Florida 24. februar og i delstatssenatet 8. mars. Skulle det bli teke inn i lova, vil vilkåra tre i kraft frå 1. juli, med alle skuledistriktsplanar som må oppdaterast innan juni 2023.


Emilie Nancy Eiken. Foto: Birgitte Vågnes Bakken