Første gong ein skeiv skodespelarar er nominert til Oscar på 20 år

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.03.2022 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong er to skodespelarar som er opent LHBT+ nominert til Oscar i same år.

Kristen Stewart og Ariana DeBose er samstundes dei første skeive skodespelarane til å verte nominerte på 20 år.

Det melder fleire internasjonale medium, mellom andre Indie Wire.

Mållaus

Kristen Stewart vart nominert til sin første Oscar, som beste kvinnelege skodespelar for tolkinga si av prinsesse Diana i filmen Spencer.

ei uttaling til ET seier skodespelaren at ho er mållaus og audmjuk over å ha vorte nominert:

– Aldri i verda hadde eg trudd eg skulle vere i selskap med desse fire utrulege kvinnene. Eg ville betalt for å få lov til å lage filmar. Eg hadde laga dei sjølv om det var ulovleg, utalte Stewart.

–  Skremde kvar einaste joggar

Ariana DeBose fann ut at ho var nominert til Oscar medan ho var ute og spaserte med bestevennen sin langs elvekanten i New York:

– Eg er ganske sikker på at eg skremde kvar einaste joggar ved East River. Eg prøvar å vere ein normal person, men ingenting av dette er normalt, sa ho til Variety i etterkant.

Ho er nominert til beste kvinnelege birolle for å spele Anita i Steven Spielberg-filmen West Side Story.

Rita Moreno, som spelte same rolla i filmversjonen frå 1961, vann beste kvinnelege birolle for sin innsats, og vart då den første latin-amerikanske kvinna til å vinne Oscar noko sinne. Sjølv er DeBose den første afro-latinaen til å verte nominert til den høgthengande prisen, ifølgje Variety.

Unge treng sjå seg sjølv på skjermen

DeBose og Kristen Stewart er dei første opent skeive skodespelarane nominerte sidan Sir Ian McKellen vart nominert for rolla som Gandalf i Ringenes Herre: Ringens brorskap i 2002. Då Variety fortalde ho dette, byrja DeBose å grine:

– Når folk spør meg om representasjon, svarar eg ofte: «Om du kan sjå det, så kan du verte det». Eg har trua på våre unge, vi treng dei. Og dei treng å sjå seg sjølv i arbeidet vi lagar, seier ho og fortel at ho ikkje hadde slike førebilete då ho vaks opp.

– Om eg kan gjere det for ein eller to unge i verda, så vil det ha vore verdt det.


Ariana DeBose som Anita and David Alvarez som Bernardo i WEST SIDE STORY. Foto: Niko Tavernise. © 2020 Twentieth Century Fox Film Corporation/via Norsk filmdistribusjon