TikTok forbyr feilkjønning og framsnakk av konverteringsterapi

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag oppdaterte TikTok retningslinene sine og forbyr mellom anna visse typar hatprat og anti-LHBT+-innhald på plattforma si.

Ifølgje TikTok har dette vore ulovleg lenge, men etter tilbakemelding frå brukarar og ulike organisasjonar, har dei skjønt at det er viktig å vere heilt tydeleg i retningslinene, skriv Cormac Keenan, leiar for tryggleik, i ei pressemelding.

Legge inn eigne pronomen

– I tillegg til dette håpar me vår nye funksjon til å legge inn pronomena sine vil oppmuntre til respektfull og inkluderande dialog på plattforma vår, skriv han vidare.

Retningsliner som vert brotne vert funne og fjerna gjennom ein miks mellom rapportering frå brukarar, AI-teknologi som slettar innhald før det vert lasta opp og manuell gjennomgang.

– I TikTok, meiner me folk skal kunne uttrykke seg kreativt og bli underhaldne i eit trygt, sikkert og innbydande miljø, skriv Keenan vidare i pressemeldinga.

No er spørsmålet kor godt retningslinene vil bli handheva.

Kaninhól av anti-LHBTQ+-innhald

Forbodet til TikTok mot innhald som fremjar konverteringsterapi, kom allereie i 2020, etter dei fekk massiv kritikk for å ha shadowbanna (skjult) innhald frå fleire ulike LHBTQ+emneknaggar.

Likevel har organisasjonen Media Matters i mai 2021 funne at For You-sida førte brukarar ned i eit kaninhol av anti-LHBTQ-innhald om dei berre likte éin homofobisk eller transfobisk video. I tillegg fann dei i juni same år at «tidlegare homofil»-videoar fekk hundretusenvis av avspelingar, trass i konverteringsterapi-forbodet.

Ifølgje GLAAD, ein LHBTQ+ ideell organisasjon for mediepåverknad, har TikTok inkludert fleire forslag dei kom med i sin rapport Social Media Safety Index i 2021.

I rapporten vart TikTok, Facebook, Twitter, YouTube og Instagram sett på og alle vurderte som «i praksis utrygge for LHBTQ+-brukarar».

Twitter er no den einaste av dei andre store SoMe-plattformene som heilt tydeleg forbyr deadnaming og feilkjønning i retningslinene sine, sjølv om det er usikkert kor handheva desse blir.

Facebook og Instagram skal ha forbode innhald som fremjar konverteringsterapi, men ein har sett at det ikkje fungerer i praksis, mellom anna på arabisk innhald.

LHBTQ+ mest utsette for hatprat

Fleire undersøkingar er gjort der det er tydeleg at LHBTQ+-personar er meir utsette for hatefulle ytringar på nett, enn den øvrige befolkinga. I 2019 viste ein ISF-rapport at meir enn ein av fem LHBTQ+-personar hadde opplevd hatefulle ytringar det siste året. Internett er den den arenaen flest har motteke slike ytringar.

I 2021 viste ei undersøking frå the Anti-Defamation League, ein anti-hatorganisasjon, at 64 prosent av LHBTQ+-personar hadde opplevd netthets.

Transpersonar er særleg utsette for netthets og hatprat. I 2019 analyserte ein 10 millionar innlegg på nett om transpersonar over 1,5 år, og fann at 15 prosent av dei (1,5 millionar) var transfobiske.

I ein studie frå 2018 kom det fram at ungdom som fekk bruke deira eigenvalde namn på jobb, skulen og heime hadde lågare risiko for depresjon og sjølvmord.


Illustrasjonsfoto frå 2015: Daniel Halaby, ein skeiv syrar som flykta frå IS poserer med regnbogeflagget
Halaby og andre seier militantane ofte torturerer folk som er mistenkte for å vere homofile eller går gjennom PC-ane og mobilane deira for å prøve å finne andre homofile menn. (Foto: AP Photo/Hussein Malla)

Innsats mot eteforstyrringar og challenges

Dette er dei fire store endringar TikTok gjer i retningslinjene:

  • Styrke arbeidet mot skadeleg og farlege utfordringar der dei vil vere strengare mot såkalla challenges for å unngå at folk utfordrar kvarandre til farlege og skadelege ting, og spreier dette på plattformen deira.
  • Større innsats mot eteforstyrringar. Dei har allereie reglar som fjernar innhald som promoterer eteforstyrringar, men dei skal også no vere meir obs på fleire symptom på eteforstyrringar som overtrening, fasting og anna.
  • Tydeleggjere kva slags hatprat som er ulovleg på plattforma. Mellom anna deadnaming (å kalle transpersonar ved det namnet dei fekk ved fødsel), å feilkjønne, kvinnehat, i tillegg til innhald som støttar eller reklamerer for konverteringsterapi.
  • Utvide retningslinene for å verne om integriteten, kor sikker, tilgjengeleg og påliteleg plattforma er.

Kjelde: TikTok