Russland blir stengt ute frå idrettsarrangement

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert 2. mars kl 8.15 med at russiske utøvarar likevel ikkje får delta i Paralympics. 

– Fotballen står fullt og heilt i solidaritet med menneska i Ukraina. FIFA og UEFA håpar at situasjonen i Ukraina kjem til å forbetra seg betydeleg og raskt, slik at fotball nok ein gong kan vera ein arena for samhald og fred.

Det skriv FIFA og UEFA i ei pressemelding. Dei to organisasjonane er saman blitt enige om avgjerdsla om å stenga ute alle russiske fotball-lag, etter at Russland ulovleg gjekk til åtak på nabolandet Ukraina førre veke.

Dei to organisasjonane står bak internasjonale og europeiske fotballkonkurransar, og har uttalt at suspenderinga kjem til å vara «inntil vidare».

Får ikkje vera med i store konkurransar

I praksis betyr dette at det russiske herrelandslaget i fotball ikkje får vera med i VM-kvalifiseringa neste månad. Kvinnelandslaget får ikkje delta i sommarens fotball-EM, og  Spartak Moskva får ikkje vera med i Europa League, skriv BBC Newsround.

Sistnemnde lag har reagert på avgjerdsla, og kallar ho «opprørande» i ein tweet:

– Me meiner at sport, sjølv i dei vanskelegaste tidene, bør ta sikte på å byggja bruer, og ikkje brenna dei.

Utset eller avlyser russiske arrangement

Bilen til Louis Hamilton i Mercedes. Foto: Lukas Raich @Wikimedia Commons. CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire idrettsarrangement som etter planen skulle arrangerast i Russland, er også flytta til andre land.

I førre veke uttalte Johannes Høstflot Klæbo at han ikkje ville reisa til eit land som invaderer eit anna land, for å gå på ski. Dette enda med at verdscuprenna i langrenn, hopp og fristil blir flytta til andre land, eller avlyste.

Champions League-finalen, som etter planen skulle spelast i St. Petersburg 28. mai, skal no heller spelast i Paris. Russiske Formel 1 Grand Prix, som skulle arrangerast i Sotsji i september, er avlyst. Formel 1 har uttalt at det er «umogleg å arrangera russiske Grand Prix slik som omstenda er no».

Får ikkje delta i Paralympics

Onsdag skreiv NRK at russiske utøvarar skulle få delta i Paralympics.

Den internasjonale paralympiske komité (IPC) hadde bestemt at dei skulle få vera med i Paralympics, som nøytrale utøvarar. Det betyr at dei ikkje skulle gå med det russiske flagget på brystet, men at dei måtte bruka det paralympiske flagget.

Norges Idrettsforbund hadde før avgjerda bede om at utøvarane vart utestengde.

Torsdag blei det klart at IPC snur, og Paralympics-deltakarane får likevel ikkje delta.


Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti