Ukrainske president Zelenskyj til det russiske folk: – Folket i Ukraina er allereie frie


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Talen er omsett frå russisk av Framtida.no.

I dag tok eg initiativ til ein telefonsamtale med presidenten av Den russiske føderasjon. Resultatet? Stille. Endå stilla burde vore i Donbas.

Det er grunnen til at eg i dag vil snakke til folket i Russland.

Eg vender meg til dykk, ikkje som president, eg vender meg til dykk som ein borgar i Ukraina.

Vi deler meir enn 2000 kilometer felles grense. Langs denne grensa er dykkar troppar i dag stasjonerte. Nesten 200 000 soldatar, tusenvis av militære køyretøy.

Leiarane dykkar har godkjent at dei rykker fram, inn i territoriet til eit anna land.
Og dette steget? Dette steget kan vere starten på ein enorm krig på det europeiske kontinentet.

Heile verda pratar om det som kan kome til å skje, kva dag som helst. Ein grunn kan dukke opp kva tid som helst. Ein provokasjon. Ein gnist. Ein gnist som har potensialet til å brenne alt ned.

De vert fortalde at denne flammen vil frigjere folket i Ukraina. Men folket i Ukraina er allereie frie.

Dei hugsar fortida si, og byggjer sjølv si eiga framtid. Dei byggjer ho, ikkje øydelegg ho, slik som de vert fortalde på TV kvar dag.

Ukraina frå dykkar nyheiter og Ukraina i røynda, er to fullstendig ulike land. Den viktigaste forskjellen er at vårt er ekte.

De vert fortalde at vi er nazistar. Men korleis kan eit folk som ofra meir enn 8 millionar liv for å sigre over nazismen, støtte nazismen?

Korleis kan eg vere ein nazist? Fortell det til bestefaren min, som overlevde ein heil krig som del av det sovjetiske infanteriet og døydde som oberst i eit sjølvstendig Ukraina.

De vert fortalde at vi hatar russisk kultur. Men korleis kan ein hate ein kultur? Uansett kva kultur? Naboar berikar alltid kvarandre kulturelt. Men, det gjer ikkje dei til éin samla heilskap. Det gjer ikkje oss til ein del av dykk.

Vi er ulike, men det er ikkje ein grunn til at vi skal vere fiendar. 

Vi vil definere og byggje vår eiga historie sjølv. Fredeleg. Roleg. Ærleg.

Vesle Svyatoslav (6) spelar på nettbrettet sitt medan han søker tilflukt i eit bomberom i Kyiv. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

De vert fortalde at eg vil beordre eit åtak på Donbas. Skyte og bombe utan spørsmål. Men der er spørsmål og dei er veldig enkle: Skyte kven? Bombe kva?

Donetsk? Der eg har vore eit dusin gongar? Eg har sett andleta og augo deira.

Artema? Der eg har vandra med venner?

Donbas Arena? Der eg har heia på dei ukrainske gutane våre i EM saman med dei lokale?

Sjtsjerbakov Park? Der vi drakk saman etter laget vårt tapte?

Luhansk? Heimen til mora til bestevennen min? Plassen der faren hans er gravlagd?

Legg merke til at eg no snakkar russisk, men likevel forstår ikkje nokon i Russland kva desse namna, gatene og hendingane betyr.

Alt dette er framand for dykk. Ukjent. Dette er vårt land. Dette er vår historie. Kva vil de kjempe for? Og mot kven?

Mange av dykk har besøkt Ukraina før. Mange av dykk har slektningar i Ukraina. Nokre av dykk har studert på våre universitet. Vorte ven med ukrainarar. De kjenner vår karakter, de kjenner vårt folk, de kjenner prinsippa våre. De veit kva vi verdset

Så lytt til dykk sjølve, til den rasjonelle stemma, til sunn fornuft. Høyr stemmene våre.

Det ukrainske folket vil ha fred. Dei ukrainske styresmaktene vil ha fred. Vi vil ha det, og vi vil skape det. Vi gjer alt, alt vi kan.

Vi er ikkje åleine. Det er sant at Ukraina er støtta av mange land i dette. Kvifor? Fordi vi snakkar ikkje fred for kvar ein pris. Vi snakkar om både fred og prinsipp, om rettferd, om internasjonal lov.

Om kvar sin rett til å bestemme for seg sjølv, retten til å definere si eiga framtid, retten kvart samfunn har til tryggleik, og retten kvar person har til eit liv utan trugslar.

Alt dette er viktig for oss. Det er viktig for verda. Og eg veit, det er viktig for dykk.

Vi veit òg at vi ikkje treng krig. Ikkje kald, ikkje varm, ikkje hybrid.

Men om styrkar angrip oss, om nokon prøvar å ta landet vårt frå oss, fridomen vår, liva våre, livet til barna våre, så vil vi forsvare oss sjølve. Ikkje angripe, men forsvare oss sjølve.

Når de angrip oss, så vil de sjå andleta våre. Ikkje ryggane våre, men andleta våre.

Krig er ein stor tragedie, denne tragedien har ein høg pris, i alle tydingar av ordet.

Folk mister pengar, rykte, livskvalitet og fridom. Viktigast av alt, folk mister sine næraste. Dei mister seg sjølv. 

Det er alltid mykje ein manglar i krig. Men det der alltid er mykje av er smerte, skit, blod og død. Tusenvis, titusenvis av dødsfall. 

De vert fortalde at Ukraina er ein trugsel mot Russland. Dette har aldri vore tilfelle, er ikkje det no og vil heller ikkje verte det i framtida.

De krev ein garanti om at de er trygge frå Nato. Vi krev òg ein garanti om at vi er trygge. Tryggleiken til Ukraina – frå dykk. Frå Russland. Og andre garantiar frå Budapest-memorandumet.

I dag er vi ikkje del av nokon slags forsvarsallianse. Tryggleiken til Ukraina er knytt til tryggleiken til naboane våre. Det er difor vi i dag må snakke om tryggleiken til heile Europa. Men hovudmålet vårt er fred i Ukraina, og tryggleiken til borgarane våre. Ukrainarane.

For å oppnå dette er vi klare til å prate med alle, inkludert dykk, i ulike format på kvar ei plattform.

I krig vert alle frårøva garantiar. Ingen vil lenger vere garantert tryggleik.

Kven kjem til å lide mest? Folket.

Kven ynskjer dette minst av alle? Folket.

Kven kan hindre dette? Folket.

Desse folka er blant dykk – det er eg sikker på.

Offentlege profilar, journalistar, musikarar, skodespelarar, atletar, vitskapsmenn, doktorar, bloggarar, komikarar, TikTok-arar, og mange andre.

Vanlege folk. Vanlege, normale folk. Men, kvinner, eldre, barn, fedrar og viktigast – mødrer.

Akkurat som folket i Ukraina, akkurat som styresmaktene i Ukraina. Uansett kor mykje dei prøver å overtyde dykk om noko anna.

Eg veit at oppmodinga mi ikkje kjem til å verte synt på russisk TV, men dei russiske borgarane må sjå ho. Dei må vete sanninga. Og sanninga er at dette er nøydd til å ta slutt, før det er for seint.

Og om dei russiske styresmaktene ikkje ynskjer å sitje ved same bord som oss, for freden si skuld, så vil dei kanskje sitje ved same bord som dykk.

Ynskjer russarane krig? Eg skulle ønske eg kunne svare på dette. Men svaret er avhengig av dykk, borgarane av Den russiske føderasjon.


Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti