Nesten vaksen: Slik sjekkar du som er ung skattemeldinga di

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 04.03.2024 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i mars 2022.

Den dagen skattemeldinga di er klar, får du ein SMS eller e-post frå Skatteetaten med beskjed om å gå inn på skatteetaten.no.

(OBS: Om du får e-post med lenke frå nokon som gjev seg ut for å vera Skatteetaten er det svindelforsøk!).

Slik skal e-posten frå Skatteetaten sjå ut. (Vêr obs på svindelforsøk)

Slik ser toppen av skattemeldinga ut. Scroll nedover for å sjekka resten av informasjonen i di skattemelding.

Der kan du scrolla nedover eit skjema som er delvis fylt ut.

Ditt ansvar er å dobbelsjekka det som er fylt inn, og eventuelt legga til frådrag du kan få for å betala mindre skatt for året som gjekk.

Her kan du også sjå om du ligg an til å få skatt til gode eller om du får restskatt som du må betala.

Når du får skattemeldinga er ho i stor grad fylt ut, men du må dobbelsjekka og eventuelt fylla inn det som manglar. Du må også sjekka kontonummeret nedst, så du får eventuell skatt til gode betalt inn på rett konto.

Om alt er rett, er det berre å senda inn! 

Om du ikkje har noko å endra, blir ho også automatisk levert med den informasjonen som var førehandsutfylt, dersom du gløymer å senda ho inn.

Om du kjem på noko nytt etter du har sendt inn, kan du endra ho så mange gonger du vil før fristen, berre hugs å sende inn på nytt.

Men korleis veit du om det som er fylt inn er rett, og kva må du dobbelsjekka?

Her kjem ein gjennomgang av kva du må finne fram på førehand, korleis du sjekkar og endrar i skattemeldinga og korleis du veit om du kan trekka frå meir på skatten.

1. Kva må du finne fram på førehand?

Illustrasjonsdøme: Framtida.no

Lønnsslippen din

Søk etter lønnsslipp i e-posten din og finn den siste frå fjoråret. Der kan du sjå kor mykje du tente i løpet av heile året som gjekk, i tillegg til kor mykje du betalte i skatt.

Har du to (eller fleire) arbeidsgivarar må du sjekka begge og summera opp.

Frikort: Om du har tent under 65.000 kroner til saman førre året, skal du ikkje betala skatt og har frikort. Du får likevel skattemelding du må sjekka.

Årsoppgåva frå banken

Logg inn i nettbanken og sjekk innboksen eller arkivet. Der skal årsoppgåvene frå førre år liggja, med dei tala du treng.

Årsoppgåva frå Lånekassen

Har du studielån frå Lånekassen? Dei har også sendt deg ei årsoppgåve med oversikt over lån og renter for året som gjekk. Du finn ho i innboksen på lanekassen.no.

2. Korleis sjekka og fylla inn skattemeldinga?

  • Opne skattemeldinga. For å gjera det må du logga inn med BankID, BankID på mobil eller MinID.
  • Sjekk at opplysingane stemmer med lønnsslippen og årsoppgåvene.
    Det er til dømes kor mykje du tente, kor mykje du betalte i skatt, kor mykje du betalte i renter, kor mykje du tente på renter, kor mykje du hadde på BSU-kontoen, kor mykje du hadde i gjeld med meir.
  • Trykk på endra om ein sum ikkje stemmer, trykk på Legg til lønn og tilsvarande ytingar for å legga til ein arbeidsgjevar. Dersom opplysingar frå ein bank manglar, trykker du på Legg til ny bankopplysing.

Om alt stemmer med årsoppgåvene og lønnsslippane dine, kan du senda inn skattemeldinga. Jo fortare du sender inn, jo fortare får du skatteoppgjeret også.

Klikk på signer og send for å levera. Du kan endra på skattemeldinga di fram til fristen, og også legga til frådrag om du kjem på noko du har gløymt. Berre hugs å sende inn på nytt!

OBS: Dersom du ikkje har retta opp i det som alt stod utfylt i skattemeldinga, og det viser seg at du eigentleg skulle ha betalt meir skatt – kan du få tilleggsskatt (bot) på fleire tusen kroner.

Særleg om ein har fleire arbeidsgivarar eller ting har endra seg er det spesielt viktig å sjekka det som allereie er fylt inn.

(Døme på ting som kan ha endra seg: endring i inntekt, reiser til arbeidsstaden, arv eller pengegåve på over 100.000 kroner, kryptovaluta, aksjar, kjøp og sal av bustad, ekteskap, skilsmisse, fått barn, teke opp lån, skifta arbeidsgjevar m.m.).

3. Kan du betala endå mindre skatt?

Sjekk frådraga: I skattemeldinga kan du også rapportera inn mange ulike ting som kan gje deg skattefrådrag. Det betyr at skatten du skal betala vert lågare.

I Fradragsveilederen til Skatteetaten kan du kryssa ut om ting gjeld deg eller ikkje, og få hjelp til å finne ut kva frådrag du kan ha rett til å trekka frå skatten din.

BSU: Dersom du har spart makssummen på 27.500 kroner på eitt år, kan du trekka frå 5500 kroner på skatten. Om du har spart mindre, kan du trekka av mindre. Det er berre dei som ikkje eig bustad sjølv som kan få skattefrådraget.

BSU skal vera fylt inn i skattemeldinga frå før, men dobbelsjekk at det er rett. Om det ikkje er kome med må du ta kontakt med banken, så dei kan gi beskjed Skatteetaten.

Illustrasjonsfoto: Wance Paleri/Unsplash

KRYPTOVALUTA: Selde du kryptovaluta i fjor? Om du selde og gjekk i pluss, må du skatta av gevinsten. Om du selde og gjekk i minus, får du frådrag i skatten.

Har du kjøpt, mina eller hatt verdiar i kryptovaluta, må du melde det inn i skattemeldinga. Dette blir ikkje automatisk registrert inn på skattemeldinga.

AKSJAR: Dersom du handlar aksjar og fond, og betaler årsavgift for å ha konto i VPS – kan du føre opp årsavgifta og få frådrag.

Illustrasjonsfoto: Kelly Sikkema/Unsplash

FRIVILLIGE ORGANISASJONAR: Vart julegåvene i fjor bidrag til Unicef, eller kanskje gir du fast til Raudekrossen eller WWF? Om du har gitt 500 kroner eller meir til frivillige organisasjonar eller trus- og livssynssamfunn, kan du trekka det av skatten.

For at du skal få frådrag må den du har gitt gåva til rapportera det til Skatteetaten. Frådraget står då ferdig utfylt i skattemeldinga di.

Her kan du sjå liste over godkjende organisasjonar.

Illustrasjonsfoto: why kei/Unsplash

LANG VEG TIL JOBB: Har du meir enn 34 kilometer per veg til og frå jobb? Då kan du få reisefrådrag. Her kan du rekna ut kor mykje du kan få.

I skattemeldinga sjekkar du under Arbeids- og pendlarreiser, og legg til Arbeidsreise under Arbeids- og pendlarreiser: Der legg du inn kor mange dagar du pendla og kor langt det er i km. OBS: Om du er student og folkeregistrert i heimbyen, men har flytta for å studera og jobbar i same by som du studerer, vert du ikkje rekna som pendlar.

Illustrasjonsfoto: Rochelle Nicole/Unsplash

DOKTORGRAD: Har du disputert doktorgrad kan du få frådrag på utgifter til trykking, reising og doktorgradsmiddag med rettleiarar, opponentar og liknande. Du treng ikkje senda dokumentasjon på dette, men må kunne legga fram dokumentasjon om dei spør.

FAGFOREININGSKONTINGENT: Betaler du fagforeiningskontingent får du frådrag, maks 3850 kroner. Det er som regel allereie fylt ut på skattemeldinga, men dobbelsjekk!

INKASSO: Har du fått inkassogebyr i året som gjekk? Du kan ikkje trekka frå den summen, men rentene du har betalt kan ein legga til med andre rentekostnadar (renter du har betalt).

LÅN: Banken skal ha sendt inn kor mykje du hadde i lån/gjeld 31. desember førre året – men ta ein dobbelsjekk.

PRIVATE LÅN: Dersom du har avtalt privatlån med foreldre eller andre, og betaler renter på denne summen – har du krav på frådrag på rentene. Dette må du føre opp sjølv i skattemeldinga. (Foreldre eller dei du har lånt hos må inntektsføra renteinntektene).

UTDANNING: Er det grunnutdanning, vidareutdanning eller spesialisering har du ikkje krav på frådrag på utgiftene til dette. Får du lønn under utdanninga, kan du trekka frå kostnaden.

Illustrasjon: Sketchify Indonesia og Drawcee/Canva

Usikker?

Om du er usikker på noko kan du få mykje god hjelp på skatteetaten.no. Der er det ein chatbot, men også filmar som viser korleis du fyller ut og sjekkar skattemeldinga. Du kan også sende melding via Altinn, eller ringe 800 80 000.

Du kan også legga til vedlegg om du ynskjer å forklara noko nærare, eller er usikker på om du skal føra opp ekstra inntekt til dømes, kan du skrive eit dokument og lasta opp som vedlegg til skattemeldinga.

Illustrasjonsfoto: AQVIEWS/Unsplash

INFLUENSING: Om du ikkje tener på det, er det hobby og ikkje noko du må skatta på. Dersom du tener litt på det, er det framleis hobby og du treng ikkje skatta, men kan heller ikkje trekka frå frådrag. Dersom du driv det med utgifter, det kan gi gode inntekter og er tenkt å vara ei stund – har det skifta frå å vera hobby til å vera næring. Då må du føra rekneskap og levera skattemelding som sjølvstendig næringsdrivande. Her kan du lese meir.

*Obs! Er du sjølvstendig næringsdrivande pliktar du å levera skattemeldinga. Ta kontakt med skatteetaten om du treng hjelp med næringsoppgåva.

Har du vedlegg, må du føra opp talet på vedlegg til skattemeldinga. Alle vedlegg til skattemeldinga bør vera nummerert og merkte med namn og personnummer. Hugs å skriva kva post i skattemeldinga det gjeld.

Logg deg inn i Altinn og finn fram skattemeldinga. Klikk på fana «Vedlegg». Klikk på «Bla gjennom» (browse), vel fila og klikk «Legg til». Vedlegget vert då sendt inn saman med skattemeldinga di. Å senda vedlegg kan gjera at skatteoppgjeret ditt kjem noko seinare.

Skatteoppgjer og skattemelding

Når du har sendt inn skattemeldinga vert ho sendt inn til godkjenning og gjennomgang. Når ein reknar saman all inntekt, lån og frådrag kjem ein fram til kva du skulle betalt i skatt førre år.

Stort sett har arbeidsgjevar trekt ein sum kvar einaste månad som du då har betalt i skatt. Denne summen er basert på kva det stod i skattekortet at du trudde du kom til å tena.

Skattemeldinga er ein siste dobbelsjekk på dette i tillegg til eventuelle frådrag, formue, gjeld og anna, og i skatteoppgjeret kjem det fram om du har betalt for mykje, for lite eller heilt rett skatt i året som gjekk.

Når skattemeldinga er sendt inn og behandla, får du skatteoppgjeret: anten får du ei rekning, om du har betalt for lite (restskatt), eller du kan få utbetalt det du har betalt for mykje i skatt (skatt til gode).

Skatteoppgjeret vert utbetalt frå mars og fram mot sommaren. Har du fått restskatt (baksmell), får du ei rekning i posten og må betala den.

30. april er siste frist for å levera inn skattemeldinga eller søke om utsett levering. Om du ikkje hadde noko å endra, blir ho automatisk levert med den informasjonen som var førehandsutfylt.


Snart er det sommarjobbsesong! Er du klar over kva rettar og plikter du har som arbeidstakar? Illustrasjonsfoto: Pixabay. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen