Rekordlåg studielånsrente hos Lånekassen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig blir tiårsrenta verande uendra, opplyser Lånekassen i ei pressemelding.

Frå september var den flytande renta hos Lånekassen 1,54 prosent, men frå november går ho altså ytterlegare ned.

– Flytande rente har aldri vore lågare enn ho er frå november, og vi ser at fastrentene held fram med å halde seg låge, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Ni av ti som betaler på studielånet sitt, har flytande rente. 639.000 av Lånekassens kundar har flytande rente, medan 45.000 har fast rente.

Fastrenta for tre år blir frå 1. november 1,52 prosent, for fem år blir ho 1,66 prosent og for ti år blir ho 1,95 prosent.

Fristen for å binda renta til desse satsane er 17. oktober.


Foto: John Schnobrichog Csaba Balaz, Unsplash.com og illustrasjon Colourbox. Kollasj laga av Framtida.no