Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 18.07.2022 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klesvask. Så uendeleg mange moglegheiter, og så lite tid og ork til å setje seg inn i det. Kva er eigentleg rett? Kva er bra nok? Kva må du tenke på? Korleis vaskar du dyner og sko?

Her kjem ein guide over alt du må vite om klesvasken.

Så kva MÅ ein gjere?

Først kjem eit par hovudtips:

  • Vask sjeldnare!
    • Mange vaskar klede mykje oftare enn nødvendig. Kanskje held det å henge opp til litt lufting før det må i vask?
  • Mykje tøy kan blir reint på 20 grader
    • Det vil seie at dersom du sorterer på temperatur, kan det meste gå saman så lenge du ikkje vaskar på meir enn det mest ømfintlege plagget toler. Er det til dømes ein syntetisk genser som ikkje toler meir enn 30 grader, så vaskar du alle kleda på 30 grader.
  • Det meste treng ikkje forvask, men greier seg med eit kortprogram.
    • Det betyr at det kan gå fortare! Og ein kan spare litt pengar.
  • Du bør faktisk sortere litt etter fargar
    • Om du vil behalda tøy heilt kvitt må du vaske det kvitt med kvitt, og med vaskemiddel for kvitt.
    • Om du har nye klede i sterke fargar, er det lurt å vaske dei for seg eller med andre mørke klede første gong. Det er nemleg stor risiko for at det fargar av på dei andre kleda i klesvasken, særleg første gong.
  • Ull treng ofte ikkje vaskast
    • Fordi det har ein smussavvisande eigenskap og er nokså sjølvrensande.
  • Ikkje bruk for mykje tøymjuknar!
    • Faktisk er det ikkje alltid det trengst i det heile tatt.
  • Tørketrommel slit på kleda
    • Det meste kan tørketromlast, men tørketromling er det som slit mest på kleda. Hald sentrifugeringa låg om det er ømfintleg tøy som ull, silke eller syntetisk. Handklede og sengetøy i bomull kan godt ha høg sentrifugering.
  • Ta ut kleda innan ein time
    • Nokre klede kan farge andre klede når dei er våte, i tillegg kan dei byrje å lukte om dei ligg for lenge i vaskemaskinen.
  • Fyll opp maskina – nesten
    • Du sparar meir straum om du vaskar med full maskin sjeldnare, enn halvfulle maskiner ofte. Berre pass på at det er plass til ein knyttneve mellom kleda og toppen av maskina. Kleda må ha litt plass om det skal bli reint.

Sortering av ulikt stoff

Om du ynskjer å gjere det heilt rett, er det her mykje av jobben ligg. Ein bør sortere etter kva type stoff det er (bomull, syntetisk, ull), og om det er kvitt, lyst, eller mørkt. Ein kan også sortere etter 30, 40, 60 eller 90 grader.

Om du er lat, er det kanskje her det er fort gjort å ikkje gidde. Så kva er minste minimum?

  • Ull + sarte klede (silke, BH, enkelte syntetiske plagg)
    • Bruk Milo eller andre vaskemiddel laga for ull. Vask på 30 grader – bruk helst ullprogrammet på maskina. Unngå tørketrommel, eller bruk låg sentrifugering om du må.
  • Handduk, sengetøy, undertøy
    • Kan vaskast på 60 grader og høg sentrifugering. Bruk lite eller ingen tøymjuknar (eit alternativ er blank eddik).
  • Øvrige klede
    • 30-40 grader. Kan tørketromlast.

Kva bør du tenke på til ulikt tøy?

Kvitt tøy: Kvite klede bør vaskast for seg, fordi farga tøy fort kan farge av. Éin raud sokk saman med det kvite, kan fort resultere i ein ny, rosa garderobe. Så denne kan det vere lurt å vere litt streng på. Om du ikkje bryr deg om bittelitt grå/farging på dei kvite kleda, kan du blande med farga tøy som er lyst. Jo mørkare, og jo sterkare fargar det er på det du blandar med det kvite, jo meir vil det farga av på det kvite. Om det er relativt nye klede med sterk farge, bør du droppe å vaske med det kvite, då er risikoen størst for å farge av!

Om det har farga av: Vask det som har fått farge på seg så fort som mogleg, helst før det er tørt. Bruk så høg temperatur stoffet toler og bruk eit vaskemiddel med bleikemiddel i.


Ull og skjøre tekstilar: Skjøre naturmaterialar som ull, silke, chiffon og lin bør alle vaskast på 30-40 grader med spesialvaskemiddel for ull. Silke skal ikkje sentrifugerast, ifølgje Omo.

Det er meir skånsomt å bruke eit program for finvask eller eit ullprogram på vaskemaskina, enn å vaske for hand.

Har du ull er første sjekk: må det eigentleg vaskast?

Ull er faktisk ganske sjølvrensande, så du treng ikkje vaske det like ofte som andre klede. Kanskje held det å berre henge det opp til lufting? Er du ekstra lur heng du det opp ute i minusgrader, det gjer susen!

Men: skal du vaske ull, er det greit å gjere det rett. Om ein vaskar ull feil kan ein nemleg enda opp med ein tjukk, stiv, miniversjon av originalplagget – og som regel er det ingen veg tilbake då.

Ull, og alt tøy som har noko ull i seg, skal vaskast med spesialtilpassa vaskemiddel som Milo, På Stell, Klar og andre merke sine ullvaskemiddel. Vanlege vaskemiddel inneheld enzym som kan laga hòl i ulla.

Du bør vaske ull i maskin, men bør sjekke to ting: temperatur og talet på sentrifugeringa. Ull bør ikkje vaskast med høg sentrifugering (1200/1400) og ikkje på temperatur over 40 grader (så lenge det er i bevegelse). Dei fleste maskiner har eit ullprogram, så bruk det! Dette er faktisk også betre enn å vaske for hand, fordi det er perfekt tilpassa ull med temperatur og sentrifugering.

Ull skal helst ikkje tørkast med tørkemaskin, men det går altså an om du er påpasseleg med sentrifugeringa. Det er særleg nyare ullplagg som kan tåle dette, så her kan det vere verdt å sjekke vaskelappen.

Om du har tid og høve til å tørke utan maskin, er det det aller beste for å bevara plagget. For å behalda fasongen best mogleg, er det faktisk best å tørke ulltøy flatt, men så lenge dei ikkje er klissvåte, går det heilt fint å hengje det opp til tørk.

Dersom du må vaske ull på høg temperatur for desinfisering til dømes, kan du småkoke ullen i ein kjele med reint vatn i om lag 10 minutt. Det viktige er å passe på at plagget ligg heilt i ro, slik at det ikkje er i bevegelse. Då tovar ullen seg og han krympar.

Tøymjuknar: Det er inga forsking på området, så det enkle er kanskje å droppe det.

PS: Om du ikkje har så mykje ulltøy og ikkje vil bruke ein heil vask på få plagg, er det ingen problem å slenge med litt vanleg tøy som ikkje er veldig skittent.


Handduk, sengetøy, undertøy

Desse kan sorterast saman. Ta bort det heilt kvite, og vask resten saman på 40, 60 eller 90 grader. Det er opp til deg. Dette er tøyet som toler mest når det kjem til grader og hard sentrifugering (høgt tal). Om det har vore spysjuke til dømes, er det greit å kjøre kokvask på 90 grader.

Unntak: Klede som BH og boxarar som har mykje elastikk bør unngå tørketrommel om mogleg, sidan tørketrommel reduserer levetida på elastikk veldig mykje.

På 60 grader døyr sengemidd og dei fleste bakteriar. Når du skal vaske sengetøy, undertøy og handklede, er det anbefalt å halde minst denne temperaturen for at det skal bli heilt reint. Dyner og puter bør også vaskast på 60 grader om dei toler det.

Tøymjuknar: Tøymjuknar legg ei hinne utanpå fibrane i stoffet, som kan vere ugunstig på handdukar og klutar som skal absorbere fukt. Det kan vere lurt å anten droppe eller ta litt mindre enn du trur. Klar eddik er også eit alternativ, særleg om tøyet luktar litt.

Handklede kan med fordel sentrifugerast hardt, då vil dei bli mjukare når dei vert hengt opp til tørk.

Mikrofiber, som blir brukt i klutar, må ikkje sentrifugerast.


Øvrige klede

Dei fleste av oss blir ikkje veldig skitne på kleda våre til dagleg. Det er kanskje litt sveittelukt, men ikkje særleg mykje meir.

Då held det å ta vasken på ein låg temperatur. Det sparar både straum og miljøet, og du slepp å sortere like mykje om du berre kan hive det meste på 30 eller 40 grader (gå etter dei kleda som toler minst varme). I tillegg er det større sannsyn for at sterke fargar blir svakare, jo høgare temperatur dei blir vaska på.

Jeans: Dongeri bør faktisk ikkje vaskast særleg, så her også kan du sjekke om det held med litt lufting. Om du må vaske han: vreng han med vranga ut for å bevare fargen lenger. Også her held det med 30-40 grader. 30 grader er mest skånsomst for plagget. Dropp tøymjuknar, knepp igjen knappane og lukk glidelåsen, så dei ikkje blir stygge av slag i vaskemaskinen. På nyare vaskemaskiner er det eigne program for jeans, bruk dette. Om du vil bevara passformen lengst mogleg, er det ikkje anbefalt å bruke tørketrommel. Og hugs å tømme lommene før du skrur på maskina!

Hugs at jeans gjerne mistar ein del farge dei første vaskane, og at dette også kan smitte over på anna tøy, så det er lurt å vaske med anna mørkt tøy.

Treningstøy: Vask på 40 grader, flytande vaskemiddel og ikkje tørketrommel (evt. låg sentrifugering om du må). Hugs å vaske så fort som mogleg eller henge til lufting, for å unngå at lukta set seg. Når ein vaskar fleece og syntetiske fiber er det også lurt å bruke ein vaskepose, for å redusere mengda mikroplast som blir sleppt ut i havet.


Yttertøy

Vask så sjeldan som mogleg. Prøv å vaske vekk flekkar med klut og vatn først. Om du må vaske i maskin, kjør på 30-40 grader. Lukk glidelåsar, gjer alle elastiske snorer lause, fest alle borrelåsar og vreng gjerne plagget.

Ikkje bruk tøymjuknar eller tørketrommel. Sjekk gjerne bruksanvisinga, sidan yttertøy er laga av mange ulike tekstilar.

Dunjakke: Bør heller ikkje vaskast, men kan vaskast i maskin på 30 grader ved behov (sjekk vaskelappen!). Dropp tøymjuknar og bruk vaskemiddel for ull. Rett etter vask må ho tørkast i tørketrommel på låg temperatur (maks 50 grader). Hiv inni tre tennisballar eller ein rein joggesko, så dunet blir fordelt og banka litt utover i jakka. Om du er stressa kan du pause tørketrommelen, ta jakka ut og fordele litt for hand, før du held fram med tørketrommel. Sjekk vaskelappen!


Joggesko og tøysko

Prøv å vaske for hand først, men om det ikkje held kan du vaska i maskina. Ver obs på at du då mistar reklamasjonsretten. Bruk vaskepose, maks 30 grader og unngå tørketrommel. Ta ut skolisser og innleggssolar.

Ikkje vask skoa når dei er sølete, men vent til dei har tørka og tørk av det du kan først. Fyll opp ei bøtte eller vasken med varmt vatn, ta litt flytande vaskemiddel oppi og vask skoa med ein gamal oppvaskbørste. Skyll godt med berre vatn når du er ferdig. Ikkje tørk skoa for lenge på varme golv (fare for krympa stoff), men på ein tørr plass. Du kan også henge dei opp til tørk ute. Ta ut innersolen og putt inn samankrølla avispapir så dei held på forma.

Gummistøvlar og sko av lær og skinn bør ikkje vaskast i vaskemaskin.


BH

BH-ar bør vaskast i vaskepose, særleg om det er spiler og blonder involvert. Det er strikken i bandet under bysten som støttar og ber, så han er viktig å bevara. Då er det greit å unngå tørketrommel. Det går greit med tørketrommel også, men då vert han fortare oppbrukt.

Vaske bort mensen

Om blodet framleis er vått er det lurt å berre skylle med kaldt vatn, ikkje varmt vatn! Har det størkna, prøv å skrubbe med eddik og kaldt vatn. Elles skal det halde å vaske som normalt, på høgast mogleg temperatur (sjekk vaskelappen).

Vaske sædflekkar

Tørk over med tørkepapir medan det framleis er fuktig, og påfør forsiktig litt vatn på flekken så det ikkje størknar og setter seg fast i stoffet. Ein kan også prøve flekkfjernar, men pass på at det er laga for det du vil vaske (klede, sofa, eller anna). Vask på høgast mogleg temperatur i vaskemaskin (sjekk vaskelappen).


Dyne og pute

Vask dyna di 1-2 gonger i året, og puta 2-4 gonger i året på 40-60 grader. Sett av god tid, dette kan ta 6-8 timar! Om du framleis kan tyde vaskelappen: les han! Om du kan, er det best med 60 grader.

Er det dun i puta eller dyna, må du bruke vaskemiddel laga for ull, som ikkje har enzym i seg. Det kan nemleg øydelegge dunet si evne til å isolere og varme. Dropp tøymjuknar.

Vask ei og ei pute og dyne, då det fort kan bli tungt og fullt i maskina. (Sjekk om maskina har ein kapasitet på minst 7 kg, før du hiv dyna inn).

Kva betyr symbola på vaskelappen? Lagre denne så har du det til seinare!

Vask i maskina, og legg så i tørketrommelen saman med tre tennisballar/tørkeballar eller ein rein joggesko. Dette må til for å slå dunet utover i dyna, så ikkje alt samlar seg i ein klump.

Tørk i om lag tre timar på medium varme. I tillegg bør du ta det ut av maskina jamleg (ca. kvart 15.-20. minutt) for å fordele dunet utover med hendene.

Dyna bør vere heilt tørr før du tek ho i bruk igjen. Eit triks er å vege dyna før og etter, du kan til dømes bere dyna medan du står på ei vekt. Veg ho meir etter vask og tørking, enn før, er ho framleis litt våt.

Ifølgje jysk.no bør du bytte ut puta di om lag kvart 2. år, og dyna kvart 5.-10 år.

Kva skal du vaske med?

Vaskepulver: Kan brukast på det meste av vanleg tøy. Bør droppast på ull, treningstøy og ømfintleg stoff.

Flytande vaskemiddel: Flytande vaskemiddel er meir skånsomt enn vaskepulver, og kan brukast på både vanleg tøy, treningstøy og yttertøy til dømes. Flytande løyser seg også fort opp, så det er godt eigna om du skal køyre eit kjapt vaskeprogram.

Vaskepulver med bleikemiddel: Bør berre brukast på lyse/kvite klede. Brukar du dei på mørke eller fargerike klede, kan fargen falma.

Skyllemiddel/tøymjuknar: Kan brukast på det meste av vanleg tøy. Bruk mindre enn du trur! Bør ikkje brukast på klede som skal absorbere vatn (handkle og klutar), på stoff med mikrofiber som ein del treningstøy eller på ull.

Vaskemiddel for ull: Vaskemiddel for ull inneheld ikkje enzym, fordi det kan lage hol i tøyet. Bruk dette om det så berre er 1 prosent ull i plagget, eller på andre ømfintlege plagg som silke, lin og dun.

Kapsel: Desse ser ut som slike kapslar du har i oppvaskmaskina til dømes, og skal berre kastast rett inn i maskina – og du treng dermed ikkje tenke på å få lagt han i rett skuff. Det er også ferdig dosert, som er kjekt. Ulempa er at det er det dyraste vaskemiddelet.

Til slutt:

Les bruksanvisinga på maskina di! Finn du ho ikkje, går det ofte an å google maskina+bruksanvisning eller manual og så finn du det på nett.

Sjekk vaskelappen, særleg om det er plagg eller tekstilar du er ekstra redd for.

When in doubt: Vask på 30-40 grader, dropp tøymjuknar, skru ned sentrifugeringa litt og ta kleda ut innan ein time!

Og du? Hugs å tømme lo frå tørketrommel, ta ein klut og tørk over gummibelg og skuffer innimellom, kjør ein kokvask no og då og sjekk bruksanvisinga for korleis du rensar filteret.


Illustrasjonsfoto: Fré Sonneveld/Unsplash, Spencer Backman/Unsplash, Colourbox. Logo: Linn Isabel Eielsen, Kollasj: Framtida.no