Natur og Ungdom om Frp-forslag: – Påskot for å forlengje oljealderen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krigen i Ukraina påverkar energisituasjonen i Europa, då kring 40 prosent av naturgassen EU importerer kjem frå Russland. Sidan 21. februar i år har gassprisane i EU auka med meir enn 70 prosent, ifølgje BBC.

I kjølvatnet av den russiske invasjonen av Ukraina har difor Framstegspartiet og Høgre føreslege auka norsk produksjon av gass.

Dét får Natur og Ungdom til å reagere. Dei meiner forslaget er «farleg korttenkt».

– Konsekvensane av krigen er usikre, men å auke leitinga etter olje og gass i dag vil først gje utteling på 2030-talet og forslaget frå Frp kjem ikkje til å hjelpe Europa på verken kort eller lang siktseier nestleiar Simon Balsnes i ei pressemelding. 

Forsyningstryggleik

I Nyhetsmorgen onsdag argumenterte Høgre og Frp for at det no var langt meir tungtvegande argument enn før, for at Noreg skulle leite etter og produsere meir gass.

– Med dei erfaringane vi gjer oss no må vi ha ambisjonar om å bidra til forsyningstryggleik av gass til Europa, sa Ove Trellevik i Høgre til NRK.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet avtalte i budsjettforhandlingane med SV å utsetje den 26. konsesjonsrunden, der ein lyser ut løyver for å leite etter olje og gass på norsk sokkel.

Vanlegvis vert ordinær konsesjonsrunde lyst ut årleg, men avtalen var at denne ikkje skulle finne stad før i 2023.

Frp tok i Nyhetsmorgen til orde for at avtalen måtte verte reversert.

– Europa treng løysingar i dag

Natur og Ungdom meiner derimot at Europa treng løysingar i dag.

– I denne krigssituasjonen er det kritisk at fossile krefter ikkje får plukke det som passar og bruke det som påskot for å forlengje oljealderen, seier nestleiaren.

Han meiner at om Frp og Høgre verkeleg hadde vore for å hjelpe Europa, hadde dei argumentert for kraftutveksling og ei solid energieffektivisering.

– Dei burde vere ein pådrivar for raskare overgang til fornybare løysingar som gjer landa mindre avhengige av udemokratiske fossilprodusentar. Det er dette som vil gje ein trygg energisituasjon på kontinentet, fordi dei også er i tråd med klimamåla.

EU må kutte utslepp

Miljøorganisasjonen peikar på at Europa skal kutte 55 prosent av utsleppa sine innan 2030, ifølgje EU sin klimalovpakke «Klar for 55», og vere på netto null i 2050. Rapporten FNs klimapanel la fram måndag viser kor eksistensielt dette er, meiner Natur og Ungdom.

– Vi grev både oss sjølve og Europa ned om vi baserer produksjonsnivået mange tiår fram i tid på ei mellombels krise, seier Balsnes.

Han meiner vidare det er overraskande at Høgre støttar Frp, berre timar etter at dei reagerte på FN-rapporten med «alarmen har gått».


Andrey Goncharuk (68) frå det ukrainske forsvaret ser på skadane eit hus vart påført av eit russisk luftåtak, ifølgje lokale, i Gorenka. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda