Ukraina: Sju dagar av krigen i bilete

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.03.2022 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 24. februar invaderte Russland nabolandet Ukraina, då missilar regna over byar som Kharkiv, Kyiv og Odesa i morgontimane. Ukrainarar vakna til lyden av eksplosjonar.

Verdsleiarar har kraftig fordømt det russiske åtaket, som har ført til at fleire hundre sivile anten er drepne eller skadde.

Den russiske president Vladimir Putin har til no ikkje lete seg påverke av internasjonal kritikk og sanksjonar, og åtvara om at eit kvart forsøk på å blande seg inn vil føre til «konsekvensar de aldri har sett før.»

Igjen har verda vorte mint på brutaliteten i krig, og kor høg pris nokre må betale. 

Torsdag 24. februar 2022:

Militære helikopter over Kyiv

Dette er eit av dei første bileta av den russiske invasjonen av Ukraina. Her flyg fleire militærhelikopter over Kyiv.

Foto: Ukrainian Police Department Press Service via AP

Ukrainske soldatar på veg til Donetsk

Ukrainske soldatar på veg til Donetsk i Aust-Ukraina, etter at president Vladimir Putin annonserte militæroperasjonar i landet og åtvara om konsekvensane om nokon greip inn.

Foto: AP Photo/Vadim Ghirda

Fulle bussar på veg vekk

Sidan krigen braut ut 24. februar og til no, har over 600 000 personar flykta frå Ukraina, ifølgje FN. Bilete syner ei kvinne og eit barn som ser ut vindauget i ein buss med folk som forlet Sievjerodonetsk, aust i Ukraina.

Foto: AP Photo/Vadim Ghirda

Trafikk ut av Kyiv

Trafikkork ut av Kyiv i det folk prøver å kome seg vekk frå hovudstaden, der dei vakna til eit russisk åtak.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Ukrainske soldatar på veg austover

Ukrainske soldatar i Mariupol i Ukraina. Mariupol ligg nær separatistkontrollerte område aust i Ukraina og har vorte sterkt råka av krigen.

Foto: AP Photo/Sergei Grits

Soldatvakt på jernbanestasjonen

Ukrainske soldarar står vakt medan folk prøver å forlate Kyiv, på Kyiv togstasjon.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Rakettdelar

Forsøk på å fjerne delar av ein rakett etter åtak i Kyiv.

Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Fredag, 25. februar 2022

Store bygningsskadar

Ukrainarar ser skadane eit missilåtak har gjort på ein av bygningane i Kyiv.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Flukt over grensa

Ei lita jente et ein matbit medan ho kryssar grensa frå Ukraina over til Siret i Romania. Romania deler kring 600 kilometer grense med Ukraina, og mange flykta ditover då krigen braut laus.

Foto: AP Photo/Andreea Alexandru

Ruinane etter eit flykrasj

Eit fly gjekk ned i Kyiv, og det er uklårt kva som førte til at flyet kræsja medan luftåtaka på Ukraina føregjekk.

Foto: AP Photo/Oleksandr Ratushniak

Laurdag, 26. februar 2022

Eksplosjonsskadar

Ukrainske soldatar ser ut eit knust vindauge i eit militæranlegg, etter ein eksplosjon i Kyiv. Russiske styrkar storma hovudstaden laurdag 26. februar, og gateslåsting braut ut og styresmaktene i byen bad innbyggjarane om å søkje ly.


Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Sivile held oppsyn

Ein sivilist held vakt ved eit av sjekkpunkta i Kyiv.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Flyktningar til Romania

Ein tilsett frå den statlege naudetaten i Romania prøver å roe ned ein ukrainsk baby som har flykta saman med familien sin over grensa.

Foto: AP Photo/Andreea Alexandru

Søndag, 27. februar 2022

Avskjed

Eit par tek avskjed før kvinna skal flykte frå Kramatorsk, aust i Ukraina, mot Vest-Ukraina. Mannen vart att.

Foto: AP Photo/Andriy Andriyenko

Improvisert bomberom

I Mariupol førebur folk seg for natta, i eit improvisert bomberom i eit idrettsanlegg. Den austukrainske byen har vore hardt råka av krigen med til no over 100 sivile såra. Samstundes har byen mista straumen.

Foto: AP Photo/Evgeniy Maloletka

Søvn, der ein kan

Ein sivil mann, som har meldt seg for å forsvare Kyiv, søv på stolar framfor plakatar av Vitali Klitschko. Klitschko er borgarmeister i den ukrainske hovudstaden, og tidlegare verdsmeister i tungvektsboksing.

Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Måndag, 28. februar 2022

Ein hard start på livet

Nyfødde tvillingbrør søv i ein kjellar, som vert brukt som bomberom, på Okhmadet barnesjukehus i Kyiv.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Leikekasse

Eit lite barn samlar leiker nær staden der dei òg samlar klesdonasjonar til flyktningar frå Ukraina. Ved grenseovergangen til polske Medyka.

Foto: AP Photo/Visar Kryeziu

Søkjer ly i kjellaren på sjukehuset

Ei mor og barnet hennar, som er innlagt ved kreftavdelinga på Okhmadet barnesjukehus, har måtta søkje tilflukt i kjellaren. Kjellaren vert brukt som bomberom, medan åtaka på hovudstaden føregår.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Tysdag, 1. mars 2022

Bomberom på barnesjukehuset

Ei mor held sitt sjuke barn medan ho snakkar i telefonen, i sjukehuskjellaren som no er bomberom.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Ruinane i vegen

Personar inspiserer restane av russiske militærkøyretøy i landsbyen Bucha, i nærleiken av Kyiv.

Foto: AP Photo/Serhii Nuzhnenko

Tok imot fødande, no tek dei imot krigssåra

Ambulansearbeidar Oleksandr Konovalov fraktar ei kvinne, skadd i åtak mot Mariupol, inn på eit sjukehus for fødande. No tek sjukehuset imot såra.

Foto: AP Photo/Evgeniy Maloletka

Onsdag, 2. mars 2022

Brurestar

Lokale militsmenn hjelper ei gammal kvinne med å krysse ei bru, som har vorte øydelagd i krigen, i utkanten av Kyiv.

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Luftåtak

Andrey Goncharuk (68) frå det ukrainske forsvaret ser på skadane eit hus vart påført av eit russisk luftåtak, ifølgje lokale, i Gorenka.

Foto: AP Photo/Vadim Ghirda

T-banestasjonar vert bomberom

Folk søkjer ly på t-banestasjonar i Kyiv, og nyttar dei som bomberom.

Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky


Les også: Er dei ukrainske styresmaktene fascistiske? Åtte påstandar om Ukraina faktasjekka

Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti