Kvar fjerde student slutta på utdanninga

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i rapporten «Frafall og bytter i universitets- og høgskuleutdanning» frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Forskarane har følgt studentkullet som byrja på ei gradsutdanning i 2012, fram til 2020.

Av dei som slutta på utdanninga, var det 38 prosent som aldri returnerte til universitets- og høgskulesektoren.

32 prosent returnerte, men fall frå på nytt og enda aldri med å fullføre.

Sju av ti fullførte ikkje grad

Det betyr totalt sett at sju av ti som på eit tidspunkt fall frå, aldri oppnådde ein grad.

– Dette kan påverke dei framtidige jobbmoglegheitene og livsinntekta til den enkelte. For samfunnet samla sett kan det bety tapt kunnskap og kompetanse som kunne vorte nyttiggjort i arbeidslivet, seier Maj-Lisa Lervåg, ein av forfattarane bak rapporten.

Mange returnerte

Samtidig var det ein betydeleg andel – totalt 27 prosent – av studentane som returnerte og til slutt fullførte anten den opphavlege gradsutdanninga eller ei ny utdanning.

– Det er bra at mange studentar returnerer. Kostnadene ved fråfall er betydeleg mindre både for den enkelte og for samfunnet om studenten lykkast med å returnere og fullføre ei anna utdanning, seier Maj-Lisa Lervåg.

Mange som studerte lenge, fekk jobb

Under 29 prosent av studentane som slutta første studieår, var i heiltidsjobb mot slutten av studieåret etter. Tilsvarande tal for studentane som slutta etter femte studieår, var 39 prosent. For dei som hoppa av i løpet av sjette studieår eller seinare, var talet 49 prosent.

– Dei samfunnsmessige kostnadene vil vere mindre i tilfelle der studentane forlèt ei gradsutdanning til fordel for å gå rett ut i ein jobb, seier forskaren.

Foreldre si utdanning speler inn

Forskarane veit at utdanningsnivået til foreldra framleis betyr mykje for risikoen for fråfall. Rapporten viser òg at tendensen er den same når det gjeld kven som returnerer til høgare utdanning i etterkant av eit fråfall.

Dei som returnerte og fullførte ei utdanning etter først å ha slutta på studium, hadde i større grad foreldre med høgare utdanning enn dei som ikkje returnerte.

– Det er urovekkjande at studentar som har foreldre med lågt utdanningsnivå, oftare har eit permanent fråfall frå høgare utdanning, seier SSB-forskar Maj-Lisa Lervåg.


Universitetet i Agder startar det første studiet i Europa i akademisk e-sport. Foto: Pexel.com