110.119 personar har fått studieplass

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Henrik Asheim (H), statsråd for forsking og høgare utdanning, presenterer opptaket til høgare utdanning saman med Samordna opptak på Oslomet fredag.
Søkjarar til norske universitet og høgskular fekk tysdag svar på om dei har komme inn. Totalt har 154.000 søkt om studieplass – 3.304 fleire enn i fjor.
Siviløkonomutdanninga ved Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen har fått aller flest førstevalssøkjarar, følgd av rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.