Stor interesse for Noregs første universitetsutdanning i e-sport

Universitetet i Agder startar ei bachelorutdanning i akademisk e-sport til hausten. – Interessa er enorm, seier førstelektor Rune Andersen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Berre i haust har eg fått over 500 e-postar og telefonar frå foreldre og studentar som er interesserte. Mange kan tenke seg å ta utdanning i fagområde relaterte til e-sport, seier Rune Andersen, som leier nysatsinga.

Andersen er førstelektor ved Institutt for informasjon- og kommunikasjonsteknologi ved Universitetet i Agder.

Interessa har komme frå både inn- og utland, står det i ei pressemelding frå UiA. Utdanninga er nemleg eit internasjonalt program. 15 av dei 40 studieplassane er for studentar utanfor Noreg.

Det er den første utdanninga av sitt slag i Europa.

Brei utdanning

Målet med utdanninga er ikkje å skape profesjonelle e-sportutøvarar, men å gi ei brei innføring i ulike emne rundt fagfeltet.

Rune Andersen er førstelektor ved Institutt for informasjon- og kommunikasjonsteknologi. Foto: Universitetet i Agder

– Studentane skal få god forståing for det som må på plass for å prestere som profesjonell e-sportutøvar og som lag, fortel Andersen i pressemeldinga.

Dei skal mellom anna lære om fysiologiske og psykologiske forhold som ligg til grunn for trening og prestasjon. Dei skal få ei innføring i økonomi, entreprenørskap og merkevarebygging, og dessutan skal dei utvikle teknisk kompetanse.

Andersen viser til at utdanninga er brei og kan treffe mange. Det har nok gjort sitt til at interessa er stor allereie, meiner han.

Studiet er eit samarbeid mellom fakulteta for teknologi og realfag, helse og idrettsvitskap og Handelshøgskulen ved UiA.

Stort behov

Studentane skal etter kvart fordjupe seg i eit felt innanfor e-sport. Dei kan velje mellom e-sportutøvar; bransjen med media og administrasjon; teknologi og innovasjon eller utdanning og helse.

– E-sport er ei av dei største næringane i verda akkurat no. Behovet for formell kompetanse er stor, seier Andersen. 


e-sport

Ole Andreas Skår er NM-vinnar i e-sport. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik, Vestlandsnytt