No kjem straumstipendet til studentane: – Sårt tiltrengt
Regjeringa har sett av i underkant av ein halv milliard kroner til straumstøtte til studentane. No kan studentane søkje Lånekassen om straumstipend.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Stipendet kjem på toppen av kompensasjonsordninga for høge straumprisar, som alle norske hushald får, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding fredag.
Stipendet på 3.000 kroner er tilgjengeleg for alle studentar som har straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga. Også vaksne elevar i vidaregåande opplæring kan få stipendet.
Lånekassen vil sende ut e-post til alle studentane, som kan søkje straks dei får e-posten.
– Den enkelte må stadfeste at dei har straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga, og at dei kan dokumentere dette til Lånekassen i ettertid. Stipendet blir utbetalt innan eit par dagar etter at avtalen er signert, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.
SV: – Veit kor viktig dette er

Freddy André Øvstegård, SV, Østfold
I det opphavlege forslaget frå regjeringa skulle 1.200 kroner av støtta vere stipend, medan dei resterande 1.800 kronene skulle vere lån. Men i straumforhandlingane fekk SV gjennomslag for å gjere heile summen om til stipend.
– Heldigvis har det gått såpass kort tid etter at vi kjempa dette gjennom, til pengane hamnar der dei skal. For ei gruppe som meir eller mindre har vorte gløymd i dei mange krisene vi har vore gjennom, veit vi kor viktig dette er, seier utdanningspolitisk talsperson for SV Freddy André Øvstegård til NTB.
- Les også meiningsinnlegget om det første straumforslaget: «Regjeringa driv kartellverksemd»
– Ikkje berre høge straumprisar som er grunnen til tronge kår

Torleik Svelle er leiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen
Senterungdomsleiar Torleik Svelle seier til Framtida.no at det er eit enormt gjennomslag også for Senterungdomen at studentstøtta er reint stipend, og ikkje dels lån.
– Det er ingen tvil om at studentane har hatt tøffe tak, så dette er sårt tiltrengt, seier han på telefon til Framtida.no.
Han påpeikar at det kjem til å vere behov for fleire straumtiltak på sikt, for å få ned kostnadane ikkje berre for studentar, men også næringslivet og folk flest.
Samstundes seier Svelle at ungdomspartiet vil arbeide for å auke studiestipendet generelt:
– Det er ikkje berre høge straumprisar som er grunnen til tronge kår.
- Les også saka for deg som er Nesten vaksen og betalar straumrekninga sjølv: Slik kan du spare straum