Straumtiltak for studentar: «Regjeringa driv kartellverksemd»

Harald Nordbø
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa innfører no noko dei kallar «straumtiltak» for studentar. Ordninga går ut på at ein kan søkje ekstra støtte på 3000 kroner, med 40 prosent stipend (nett som vanleg studiestøtte), viss ein «treng det» og «kan dokumentere auka straumutgifter».

Dette er vage formuleringar, og eg gler meg til å lære kva dei betyr. I alle tilfelle er dette altså klassisk høgrevridd studentpolitikk: Alt du gjer som student, skal vere på lån. Sittande regjering kallar seg raudgrøn.

Kartellverksemd

Støtta er altså ikkje rein støtte, men eit tillegg til studiegjelda. 3000,- meir i lån, med 40 prosent omgjering til stipend (akkurat som vanleg studielån). Det vil seie: Regjeringa lagar no incentiv til at studentar brukar meir straum – ein replikk som «men de får jo støtte til straumen» vil nå langt hos mange utsette.

Det som skjer i praksis, er at regjeringa gir studentar auka gjeld for å betale rekningane rett til straumselskapa. Dei statlege midla går altså frå staten via studentane (i form av lån!) til… straumselskapa. Dette er kartellverksemd. Det er uakseptabelt. Vi kan ikkje finne oss i det.

Vi er fanga i ein umogleg situasjon. Vi kan ikkje slutte å fyre, for då vil vi fryse (og antakeleg få skulda for auka smitte), og vi kan ikkje fyre, for då blir rekninga høg (og vi slit allereie på grunn av høge leigeprisar). Kva løysing har de til oss, Senterpartiet og Arbeiderpartiet?

Det som skjer i praksis, er at regjeringa gir studentar auka gjeld for å betale rekningane rett til straumselskapa.

Alt eg kan oppspore, er at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) seier lånet aukar likviditeten til studentane. Det gjer det for så vidt – mellombels – men det blir berre atter eit tillegg på ei studiegjeld som allereie har vakse under pandemien og førre regjering.

I januar, når støtta (gjeldstillegget) kjem på konto, vil for øvrig mange av dei verste straumrekningane allereie ha forfalle, og mange vil bruke støtta til å betale ned inkassoen like mykje som dei faktiske rekningane.

Meir pengar = auka gjeld

For å ta eit konkret døme på korleis dette er dårleg innretta: I leilegheita mi fyrer vi med straum, og det er romkameraten som har straumrekninga. Eg er heiltidsstudent med deltidsjobb(ar), han er deltidsstudent med fast jobb. Vår økonomi kjem til å forverre seg, indivduelt og sett under eitt, med denne politikken – og ingen av oss vil ha krav på støtte, fordi: 1. Vi sparer nok til at rekninga er under 3000,-, og 2. Romkameraten min er deltidsstudent, og er som nemnt han som har straumrekning. Korleis er dette «fair»?

I skrivande stund står det framleis «Studentene får mer penger» på vg.no. Det stemmer ikkje. Mitt forslag: «Studenter får økt gjeld slik at de kan betale for å ikke fryse». Ein del vil nok innvende at forslaget mitt er for partisk, at eg som journalist som skreiv ei slik sak, ville tatt for tydeleg side i saka. Til det svarer eg glatt: å kalle dette forslaget «meir pengar til studentane», er mer partisk enn kva eg skreiv. Det er ingen faktafeil i min tittel, men det er utydelege nok formuleringar i VG sin til at dei antydar faktafeil. Dette går også utover studentane, som blir skuffa med ein gong dei ser at «mer penger» betyr «aukt gjeld».

For å oppsummere: Det einaste dette «tiltaket» gjer, er å gi pengar rett frå staten til straumbaronane med eit pit stop hos ei økonomisk utsett gruppe, via å gi den utsette gruppa auka gjeld. Og denne regjeringa kallar seg raudgrøn. Eg blir så flau. Som student blir du altså aller nådigst tilbydt moglegheita til å låne større summar for å aktivt gjere samfunnet betre og meir lønsamt. Det er prinsippet bak studentpolitikken, også i Noreg, som er eit av landa i verda med best, det vil seie minst menneskefiendtleg, studentpolitikk.

Og denne regjeringa kallar seg raudgrøn. Eg blir så flau.

(Om du skulle falle av studia forresten, av kva grunn som helst, er du nøydd til å betale tilbake heile summen raskast mogleg – for å framstå som ein god låntakar for andre kreditorar. Til slutt døyr du i en haug av gjeld etter å slitt raua av deg for å samfunnsnytte.

Straumbaronane, regjeringa, diverse folk i bankane og andre i eigarklassa ler heile veien til sine milliardar på bok og sin enorme Exit-villa på Snarøya. Takk skal de ha.)

Ein siste ting her. At eg ikkje fraus då eg vakna i dag tidleg, som er då straumprisane er høgast, kosta meg og romkameraten min dyrt. Vi fyrer mellom anna for å unngå å bli sjuke og forkjøla. Korleis vi skal klare oss gjennom omikron blir spennande.

Til regjeringa: Gledeleg ny lockdown, og eit iskaldt nytt år til dykk og oss alle!


Foto: Amin Hasani/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no