Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to år sidan lova dei å ikkje reise på turne igjen, før dei kunne gjere det på ein meir berekraftig måte.

No har dei kome opp med ein tolvpunkts-plan for å kutte karbonavtrykket sitt.

Les også: Coldplay nektar å turnere før det vert miljøvenleg

– Definitivt ikkje ferdige

I 2019 sa frontfigur Chris Martin at dei ville vere skuffa om neste turne ikkje var karbonnøytral. Dei tilsette dimed to personar på full-tid for å jobbe med å få dette til, og enda opp med ein 12-punktsplan.

Turneen for 2022 vil likevel ikkje vere karbonnøytral, men vil ha 50 prosent lågare utslepp enn 2016/2017.

I tillegg ynskjer dei å bøte på utsleppa ved å støtte treplantingsprosjekt, ulike prosjekt for å ta tilbake naturen, naturvern, karbonfangst og fornybar energi.

– Me ville ikkje annonsert turneen, utan at me følte me var komne langt nok og syntest det kjendest ok ut i hjartet. Men me er definitivt ikkje ferdige, seier Martin i eit intervju med BBC.

Straumforsyning frå dansegolvet

Ein del av planen er å ha kinetiske golv som publikum skal stå på. Når dei beveger seg, gir dei straum til konserten. I tillegg vil det vere syklar som også gjer det same.

Så når Chris Martin ber publikum om å hoppe opp og ned i dansen, er det ikkje berre for stemninga, men for å unngå at straumen går.

I tillegg til dansegolvet lovar dei å plante eit tre for kvar billett som vert seld. På førre turne selde dei 5,4 millionar billettar.

I ei Twitter-melding skriv Coldplay at lyd, lys og projeksjonar på innslaget i videoen over, var 100 prosent straumforsynt frå kinetiske syklar.

Nokre av tiltaka:

  • Reiseruta er lagt opp for å minimere flyturar
  • Konsert-arenaar vil bli bedne om å bruke miljøvenlege løysingar som å installere spareperlator og lavspyletoalett for å spare vassbruk
  • Settet skal byggast i materiale som kan resirkulerast igjen, mellom bambus og resirkulert stål
  • Dei har skifta til LED-skjermar og bytta til meir energieffektivt utstyr for lyd og lys
  • LED-armbånda publikum får er laga av nedbrytbart materiale, som også skal vaskast og desinfiserast kvar kveld så dei kan brukast på nytt på neste konsert.
  • Ein app vil hjelpe publikum å velge reiseruta med minst karbonavtrykk, og premiere dei med rabattkode dei kan bruke på konserten.

Les også: Astrid S reiser på klimanøytral turne

Kritikarar har rett

Martin er førebudd på å få kritikk, sidan dei framleis vil fly med privatfly til dømes.

– Me prøver vårt beste og me har ikkje greid det perfekt. Dei som kritiserer oss for slikt, har rett, så me har ingen argument mot det, seier han til BBC.

Målet på sikt er å endre korleis ein turne er lagt opp med å bruke matolje frå lokale restaurantar, solenergi og straum frå fornybar energi der det er mogleg, til dømes på Costa Rica. Men korleis ein skal få folk til konsertarenaen utan å bruke straum, er framleis eit stort spørsmål.

– Så me veit me har ein lang veg å gå. Men showet i seg sjølv går 100 prosent på fornybar energi, som er fantastisk.

Held det?

BBC har teke ein gjennomgang på om tiltaka held det dei lovar:

Kinetisk golv har blitt testa under Maraton i Paris i 2013, der 40.000 joggarar genererte 7kWh. Om det er samme teknologi, vil det utgjere omlag 2-3 prosent av straumbehovet til Coldplay på ein konsert.

Dei vil berre reise med fly som brukar berekraftig flydrisvtoff (SAF), som kan gi opp mot 60 prosent lågare utslepp. Men: om dei heller tok Eurostar-toget, framfor ein flytur i Europa, ville det ha blitt 17 gongar lågare utslepp.

Dei vil plante tre for kvar selde billett. Om det blir som sist er det 5,4 millionar tre. Til samanlikning skal Storbritannia plante 20 millionar tre i året.

Karbonkompensering slik som treplanting, er utfordrande og har blitt kritisert av miljøverngrupper som ein metode for rikare land og personar til å unngå å gjere det som er nødvendig for å kutte utslepp.


Unge Ferrari og Sigrid er med på «The green rider» for å krevja miljøtiltak frå festivalar. Foto: Pressefoto